NOVELLER: Drepande sorg, innkapsla kjensler

Flott kvinneleg forfattar med ikkje like flotte mannlege hovudpersonar, stort sett.

Publisert: Publisert:

  • Jan Askelund
    Forfatter og litteraturkritiker
Grade: 5 out of 6 stars

Rønnaug Kleiva: Western Desert. Noveller. 141 sider. Samlaget.

Rønnaug Kleiva (1951, debut 1981) går beint på. Ho forventar ikkje mykje for og av personane sine. Ho ser og fattar heller ikkje bare det ho fattar og ser: ho fortel det vidare. Og det ho ser, er at folk gjerne har det ugreitt, men gjer det dei kan for å stå ‘an av, med minst muleg fakter.

Dei personane ho gir ord til i dei sju novellene «Western Desert» er sett saman av, forventar ikkje lenger stort av livet, til det har dei sett og opplevd for mykje, eller er i utgangspunktet så skakkøyrde og kjenslemessig avvende at bare desillusjonen, sorga og kynismen er att. Eller dei har kome til sine vegars ende der ikkje anna gjenstår enn å minnast, og resignera.

Personane hennar er avmålte, beherska (så lenge dei blir observerte utanfrå), tilbakehaldne, innkapsla i sine atterhaldne eller fornekta kjensler. Det er påfallande at dei eg-forteljande hovudpersonane i alle så nær som den midtre novella er menn, og veremåten deira forvekslingslik stereotype mannlege (ikkje minst vestlandske) ideal og dygder, med ei gjennomført maskulin språkhaldning der dei fører ordet over avstytta kjensleregister.

Det gjeld «Eg skal aldri gå frå deg», der ein enkemann dårleg nok får dagane til med si vesle dotter; det gjeld den flotte tittelnovella der eit ektepar har reist Afrika på langs etter at dottera deira blei myrda, og dei endar opp ein stad i Egypt, sippar vin og samtalar på frigir frå kvar si drepande sorg; det gjeld «Ikkje nok for ein mann», der Ho vil ha eit barn til, Han motorsykkel og kajakk. Osv.

Men avslutningsnovella skil seg ut med ein varme og eit kjenslemot mennene her elles vantar. I «Enno er det berre november» arbeider ein dødssjuk mann ein stad på Balkan også han med å halda motet oppe - hos kone, son og dotter, kanskje til og med deira løgn om overlevingsvon, og også han utan faktar og kjensleutbrot. Mens han innvortes tar heile livet sitt inn, i minna om krigane heime, men mest av alt den tida han budde i Norge, Nordmarka, og den kjærasten han hadde der.

Det er som barokkmusikk, «der alt kjem igjen, men med variasjonar», som her står tidlegare i boka ein stad.

LES OGSÅ:

Publisert: