Varmt og rørande

FILM: Sofie Gråbøl imponerer som schizofren turist til Paris.

Sofie Gråbøl spelar psykisk sjuke Inger i «Rose».
Publisert: Publisert:
Grade: 5 out of 6

ROSE

Kinopremiere: 16.09.2022. Med: Sofie Gråbøl, Lene Maria Christensen, Anders W. Berthelsen, Søren Malling, Luca Reichardt Ben Coker, Peter Gantzler. Sjanger: Drama / Sort komedie. Regi: Niels Arden Oplev. Nasjonalitet: Danmark, 2022. Aldersgrense: 9 år. Lengde: 1 time, 46 minutt.

Tenk deg at du skal på busstur til Paris. Under presentasjonsrunden tek ein av medpassasjerane mikrofonen og fortel at ho er psykisk sjuk. Schizofren. At ho av og til har det greitt, men at ho stort sett ikkje har det godt.

Ville det blitt god stemning i bussen?

Regissør Niels Arden Oplev har basert historia i filmen «Rose» på si eiga familiehistorie, på si eiga søster. Inger (Sofie Gråbøl) skal få vera med søstera Ellen (Christensen) og svogeren Vagn (Berthelsen) til Paris. Inger var i den vakre byen som ung, nå bur ho på institusjon med store mentale plager og tung medisinering. Søster og svoger trur ho vil ha godt av ein tur tilbake. Mora er ueinig, skeptisk og katastrofeorientert.

Utan å røpa for mykje, kan eg seia at det går litt opp og ned med den schizofrene Inger på tur. Me får både bli kjent med henne, glitrande godt spelt av Sofie Gråbøl, men også med dei andre passasjeranes ulike reaksjonar og tilnærming til eit menneske som er psykisk sjukt. Men som også viser seg å vera langt meir enn sjukdomen sin. Inger er eit heilt menneske.

Oplev har lukkast i å laga ein varm, tidvis morosam, film om eit komplisert tema. Manuset er godt. Skodespelet er godt – dette ser ut som vanlege folk, vanlege danskar på tur i 1997. Samtidig blei eg fleire gonger slått av korleis rett bruk av musikk kan vera det som verkeleg får deg til å føla noko. Det er ikkje berre turistane i bussen som må tørka ei tåre etter at Inger har sunge ein uperfekt, men uendeleg rørande, versjon av Edith Piafs «La Vie en Rose».

Danskane er gode på dette. På ganske kvardagslege drama som likevel seier noko viktig og menneskeleg. 350.000 danskar har sett denne filmen. Det kan godt bli mange også i Norge.

Publisert: