Årets dårligaste film
FILM: Ein komedie skal få deg til å le. «Swingers» ga meg mest lyst til å grina.
- Jan ZahlKulturjournalist

Swingers
Sjanger: Komedie. Med: Morten Ramm, Zahid Ali, Evy Kasseth Røsten, Kristine Ullebø, Aleksandra Ørbeck-Nilssen, Stig Frode Henriksen, Mikkel Bratt Silset. Regi: Andrejs Ekis, Stig Frode Henriksen. Nasjonalitet: Norge, 2019. Lengde: 1 t. 20 min. Aldersgrense 9 år.
Eg har eit veldig enkelt prinsipp i møte med sjangeren «komedie» eller «humor»: Kan eg etterpå seia at eg lo, var det vellukka. Lo eg ikkje, var det mislukka.
Latviske Andrejs Ekis og norske Stig Frode Henriksens «Swingers», spelt inn på rekordtid i Riga, fekk meg ikkje til å lea på smilebandet ein einaste gong.
«Swingers» handlar om to sambuarpar som kjedar seg - og bestemmer seg for å prøva partnerbytte. Pluss ei svært lettkledd jente som blir låst ute på ein balkong i Trondheim, og hamnar i leiligheita til ein fotballspelar. Forviklingar oppstår.
Ideen og plottet er altså verken originalt eller interessant. Men det aller verste er gjennomføringa. Først lurte eg på om eg skulle ta desse pære dumme karakterane eller «dramaet» dei imellom på alvor, trass i at dei var så flate og eindimensjonale. Men etter kvart som den eine plumpe, dumme og antimorosame replikkvekslinga og den eine scenen stivare og meir amatøraktig enn den neste dukka opp, gav eg opp.
Eg trur faktisk aldri eg har høyrt så mange dårlige replikkar i ein film før. Kva med eit ordspel på «likvidert»/«pikkvidert»? Eller på «sixpack»/«sexpack»? Eller kva med ei «innføring i inn- og ut-føring»? «O jul med din skjede»? Eller denne: «Mine planer er dine planer. Det kan føre til god plan-ligging.»
Eller, når ei av damene set seg i eit fang: «Nå skal vi ikke krølle buksa eller penisen.» Eller, når ei av damene drikk eit glass sjampanje: «Se, hun svelger alt!»
Ikkje er det morosamt. Ikkje er det elegant. Det er bare dårlig.
I tillegg til dårlig idé, dårlig manus, dårlig regi og dårlig tid, hjelper det ikkje at store delar av «skodespelarane» ikkje er skodespelarar, men komikarar, modellar og bloggarar. Det er, dessverre, lett å sjå.
Nei. Bruk heller tida og pengane dine på ein av årets beste filmar, «Joker», og styr unna årets dårligaste, «Swingers».