Teater er best utanfor Oslo

KOMMENTAR: Årets Heddaprisar og Heddadagar viser - nok ein gong - at du ikkje treng å dra til Oslo og dei store institusjonsteatera for å oppleva den beste scenekunsten i Norge. Du kan like gjerne dra til Moss, Molde, Mo i Rana, Stavanger og Sandnes.

«The Mute» blei Årets forestilling då Hedda-prisane blei delt ut i helga. Men du må sannsynlegvis vera frå Stavanger-området for å ha fått med deg stumfilmteaterkonserten til Christian Eriksen, Janove Ottesen og Stavanger symfoniorkester.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Kva var den beste, norske teaterframsyninga det siste året? Stavanger symfoniorkesters «The Mute» i Stavanger konserthus - ifølgje Hedda-juryen, som delte ut prisane sine sist helg.

Kva var den beste musikaloppsetninga i Norge i 2018? Svaret kom då Musikkteaterprisen blei delt ut i april: «Billy Elliot» i Sandnes kulturhus (som nå har bestemt seg for å slutta å satsa på musikalane dei har blitt så gode på, og som har gleda titusenvis av publikummarar. Snakk om å skyta seg sjølv strategisk i foten!)

Beste barneforestilling? «Mio, min Mio», eit samarbeidsprosjekt mellom Teatret vårt i Molde og Nordland teater i Mo i Rana.

Beste kvinnelege hovudrolle? Beste mannlege medspelar? Frå Moss, i regi av Østfold kulturutvikling.

Beste mannlege hovudrolle og regi? Det omreisande Riksteatret. «Havboka» var på Sandnes kulturhus lenge før framsyninga kjem til Nationaltheatret i Oslo.

Les også

«The Mute» blei Årets forestilling

Kvalitet frå provinsen

At det kjem så mykje bra scenekunst frå provinsen er uhøyrt - og så godt som hemmeleg. Uhøyrt, fordi det «normale» i dei fleste land er at du finn det ypperste av teaterkunst i hovudstaden, ikkje i provinsen. (Bevares, det blir laga masse kjempebra teater i Oslo også).

Hemmeleg, fordi du ikkje ser spor av den høge kvaliteten i provinsen i dei såkalla «nasjonale» mediene, altså dei store (lokal)avisene som kjem ut i Oslo, i NRK eller TV 2. I den grad dei i det heile tatt har omtalt årets Hedda-prisar, vinkla dei på Stein Winge (ærespris) og Jan Sælid (beste mannlege hovudrolle). Sannsynlegvis fordi dei veit kven akkurat dei to er. Winge og Sælid jobbar jo i Oslo og har vore på TV.

Rogaland Teaters Helga Guren fekk Hedda-pris i kategorien «Beste kvinnelege hovudrolle» for «Dritt», mens Jan Sælig fekk Hedda for rolla si i Riksteatrets «Havboka».

Hedda-jubel

Aftenbladet er sannsynlegvis den avisa i Norge som er mest oppteken av Hedda-prisane. Det heng saman med at Rogaland Teater gjer det så ualminneleg godt kvart år, og at prisen for «Årets forestilling» fem av dei ti siste åra har gått til Stavanger. Akkurat dét er det bare folk som bur i vårt dekningsområde som veit.

Juryane i Hedda-komiteen og Musikkteaterprisen har gjort det nesten ingen «nasjonale» medium lenger gjer, etter krisen i medieøkonomien og teaterkritikken: Dei reiser ut og ser kva som foregår også utanfor Oslo-gryta. «Billy Elliot» i Sandnes blei meld av éi - 1 - avis (Aftenbladet). «The Mute» av to (Aftenbladet, pluss ei kortmelding i nynorskavisa Dag og Tid).

Fjorårets beste musikaloppsetning? «Billy Elliot» i Sandnes kulturhus.

Stadsspesifikk scenekunst

Dette betyr at det knapt eksisterer nokon nasjonal samtale om scenekunst, i alle fall ikkje utanfor tidsskrift og nettstader for spesielt interesserte. Det betyr også at dei fleste i Norge ikkje veit at Rogaland Teater er eitt av landets beste. Det betyr at eminente skodespelarar som Nina Ellen Ødegård, Espen Hana eller Helga Guren (alle nominerte til Hedda i år) ikkje er kjendisar som blir inviterte på TV eller får oppslag i VG. Det betyr at ingen andre enn lokalpressa lagar saker om «Billy Elliot» eller «Les Miserables» når dei går for fulle hus i Sandnes, mens det er multimedial, fulldekning og ei «nasjonal» happening når musikalane går i Oslo. Då melder både NRK, VG og alle dei andre lokalavisene i Oslo framsyninga.

I motsetning til TV, film, musikk eller litteratur, heng scenekunst tett saman med kor han blir produsert - og er tydeleg avgrensa i tid. Var du ikkje i Stavanger-området éin av sju dagar i mars-april i år, har du ikkje sett «Årets forestilling». Bur du ikkje her i området, har du sannsynlegvis aldri høyrt om «The Mute».

Provinsen til hovudstaden

På Heddadagene, teaterfestivalen som gjekk i Oslo sist veke, har hovudstadspublikummet fått ein sjeldan sjanse til å sjå teater frå provinsen. Som «Dritt» med Hedda-vinnar Helga Guren, «Mio, min Mio» frå Molde og Mo i Rana eller politisk teater frå Hålogaland, med «Blå åker».

Samtidig ha me som kom reisande frå provinsen fått ein sjanse til å sjå noko av det hovudstaden har å by på, som «Lille Eyolf» med Pia Tjelta og Kåre Conradi, fjorårets «Årets forestilling» «Book of Mormons» på Det norske, årets mest omtalte teaterstykke, «Ways of Seeing», produsert av Black Box eller «Manning er fri» på ferske Vega scene.

Dramatikkfestival

Sjølv tok eg turen til Dramatikkens hus, der Norsk Dramatikkfestival gjekk av stabelen. Håpefulle dramatikarar frå heile landet har sendt manus til ein jury som har lese tekstane utan å vita kven som har skrive dei. Juryen har så plukka ut åtte tekstar som blei framført på festivalen. Stor var overraskinga då det viste seg at to av tekstane var skrivne av éin og same person: Rolf Kristian Larsen frå Stavanger, men nå busett i Oslo.

Les også

R.o.l.f.K.r.i.s.t.i.a.n.L.a.r.s.e.n.b.l.i.r.d.r.a.m.a.t.i.k.a.r

Bak den kompliserte tittelen «Solveig: .. peer aspera ad astra» skjulte det seg ein veritabel fest av ei framsyning, med ei spektakulært god Heidi Ruud Ellingsen som Peer Gynts Solveig. Mens «n.e.v.e.r.l.e.t.g.o» er ein dramatisk tekst i eit heilt anna stemningsleie, om å få barn.

Det er ingen grunn til at desse tekstane skal forbli i Oslo, slik Larsens debut «l.i.f.e.g.o.e.s.o.n.» blei sett opp på Det Norske Teatret. Teatersjef Glenn Andre Kaada bør sørga for at Larsens blodferske dramatikk blir Rogaland Teaters dramatikk. Og så kan Stavanger konserthus eller Sandnes kulturhus setja opp «Solveig...»

For samtidig som hovudstaden burde følgt betre med på kva som skjer på teaterfronten ute i provinsen, må provinsen følgja med «sine» folk - også når dei flyttar til hovudstaden.

Kanskje flyttar dei heim igjen då. For dei beste teatera ligg, trass alt, i provinsen.

Publisert: