Drog på heimebesøk til nettrolla

KAPITTEL: På nettet framstår dei med knallharde ord og ekstreme meiningar. Men då fotograf Kyrre Lien kom på heimebesøk, fekk han servert kaffi, kaker og koseleg småprat.

Publisert: Publisert:

Kjell Frode Tislevoll frå Høyanger skreiv at at ekstreme muslimar burde få sin eigen planet, og at planeten burde få namnet «Planet of the Apes». Foto: Kyrre Lien / www.theinternetwarriors.com

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist

– Det var både spennande og interessant å sjå kor sterkt skille det var mellom det vanlege livet til desse menneska og korleis dei framsto på nettet, seier Kyrre Lien.

Onsdag opna fotoutstillinga «The Internett Warriors» på Sølvberget, som ein del av Kapittel-festivalen. Utstillinga er ein serie bilete Lien har tatt over tre år, der han har besøkt ei rekkje svært aktive internettdebattantar med sterke meiningar. Lien har møtt menneske som brenn for ulike saker - og som bruker langt hardare ord enn det du finn i Aftenbladets brevspalter.

Tønderen Tore Tømmerdal er pensjonert bonde og savner diskusjonene han tidligere hadde med andre mennesker. Nå er nettet en erstatning. Foto: Kyrre Lien / www.theinternetwarriors.com

Les også

Redusert Kapittel i koronaens tid

Les også

Deler ut Kielland-bok gratis til hele Rogaland

Les også

Lagar Kapittel frå kjøkkenbordet

Kommentarfeltet

– Det heile starta med at eg i romjula 2016 sat og tråla kommentarfelt på nettet - som ein iblant gjer. Det var mot i slutten av flyktningekrisen i Europa, og eg kom over kommentarfelt der det var mange dryge kommentarar eg ikkje høyrer ofte frå venner og bekjente. Eg blei rett og slett nysgjerrig på kven menneska bak desse ytringane var, seier Lien.

Han jobbar som frilansfotograf - og sette dermed i gang med eit journalistisk graveprosjekt som skulle ta tre år.

– Det var fascinerande å finna tilsynelatande vanlege, oppegåande folk bak dei dryge formuleringane. Dei kunne posera med barna sine, fleire hadde jobb, heilt vanlege liv. Samtidig skreiv dei desse knallharde tinga på nettet, seier Lien.

Den 21 år gamle psykologistudenten Ashleigh Jones blir kalt et nett-troll. Selv sier hun at hun bare har sterke meninger. Foto: Kyrre Lien / www.theinternetwarriors.com

«That bitch has really fucking pissed me off. FUCK YOU, YOU TIRED ASS SHOWGIRL CUNT GO BACK TO PARTY CITY WHERE YOU BELONG,» skreiv til dømes den 21 år gamle psykologistudenten Ashley Jones på Twitter, direkte til Lady Gaga. Kjell Frode Tislevoll frå Høyanger skreiv at at ekstreme muslimar burde få sin eigen planet, og at planeten burde få namnet «Planet of the Apes». Tislevoll har sidan moderert synet sitt, etter at han har fått muslimske kolleger og naboar. «Når du får innvandrarar i nabolaget, ser du at det går bra. Det skjer ikkje noko forskjellig frå før,» seier Tislevoll nokre år etter apeformuleringa.

Kyrre Lien har besøkt internettkrigarar verda over. Nå er fotoutstillinga hans å sjå på Sølvberget. Foto: Kyrre Lien

Vil endra verda

– Kva har menneska som brukar så sterke ord felles - trass sine ulike kampsaker?

– Det er vanskeleg å generalisera. Men dei føler kanskje at dei står aleine med meiningane sine. At dei kjempar hardt for si sak, for sitt engasjement. Dei har eit genuint ønske om å endra verda, og kan bli frustrerte over at folk ikkje lyttar til dei. Så kan ein jo diskutera kor fornuftig måte dei fører kampen sin på.

Lien trur ein del av internettkrigarane føler seg einsame. Ikkje alle har eit stort støtteapparat eller familie rundt seg. I staden søker dei nettverket på digitale flater. Men mange er altså heilt vanlege menneske, med heilt vanlege liv.

– Dei har det heimekoseleg i huset, serverer kake og kaffi - hos Merete Hodne fekk eg taco. Dei småpratar, det er koseleg og fint - heilt fram til me kjem inn på politikken. Då viser det seg at dei står for eit menneskesyn som i manges augo er ganske drygt. Det er interessant, rett og slett.

Briten Robert Jackson bruker noen timer hver dag på å kommentere – og det er innvandringen han er opptatt av. Foto: Kyrre Lien / www.theinternetwarriors.com

Paradoks

Går du inn på theinternetwarriors.com og ser videoportretta Lien har laga, vil du sjå fleire paradoks. Som britiske Robert Jackson, som vil kasta alle innvandrar ut av landet - men som viser seg å vera gift med ein innvandrar.

– Bør slike ekstreme ytringar få koma fram eller bør me tia dei i hel?

– Dette prosjektet har vore gjennom mange og lange rundar med etiske vurderingar. Det er legitimt å stilla spørsmål ved at eg løftar fram skikkeleg rasistiske meiningar og gir dei ein plattform. Men i ei kontrollert form som dette meiner eg det kan vera bra, særleg når poenget er å visa fram at det finst mange ulike syn. Me bør vera klar over at desse meiningane eksisterer i staden for å lata som om dei ikkje finst, seier Lien.

Lien meiner me kan ha godt av å møta menneska bak dei harde orda. At prosjektet hans kanskje kan bidra til å gjera dei som har så dryge meiningar litt mindre farlege:

– Det er eit ganske langt stykke frå å skriva noko på nettet til å handla. Dette er ikkje nødvendigvis folk me treng å vera så redde for.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Åpner gigant­butikk på Forus - alle konkur­rentene er borte

  2. Kommunen har gjeld til langt opp over ørene: - Uten den lave renta hadde dette vært en økonomisk katastrofe

  3. Ytter­ligere én buss­passa­sjer har fått på­vist koro­nasmitte

  4. Stavanger-politiker søker om fritak fra sine politiske verv: – Livet sier «stopp litt nå» til meg

  5. Lærere med hoved­fag klarer ikke løse nye eksamens­oppgaver for mate­matikk i videre­gående: – Vi føler oss maktes­løse

  6. 13 fikk bot på E39

  1. Merete Hodne
  2. Kapittelfestivalen
  3. Utstilling
  4. Internett
  5. Nett-troll