Er det eit offentleg ansvar å gi Kurt Nilsen millionlønn til jul?

KOMMENTAR: Staten sponsar kvar julekonsert Kurt Nilsen gir dette året med 510.000 kroner i snitt. Er det smart kulturpolitikk?

7. desember kjem Kurt Nilsen til Stavanger konserthus for å halda to konsertar. Begge er utselde – og får tung offentleg støtte. I 2017 spelte Nilsen i DnB Arena. Foto: Kristian Jacobsen

  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:

Det kokte ganske godt på sosiale medium då det blei kjent at Kurt Nilsen får 13.259.378 offentlege kroner i støtte til årets juleturné. Nilsen skal spela 26 konsertar. Det gir 509.976 offentlege støttekroner per konsert.

I Bergen gjekk andre artistar ut og meinte dette var ein hårreisande bruk av offentlege støttekroner. På Facebook i Stavanger skreiv komikar Rune Bjerga ganske så alvorleg at han ikkje skjønnar nokon ting. Eigentleg hadde han hatt lyst til å skriva mykje meir, men han fryktar for kva overskrifter han då kunne hamna i. På den laaange debattråden til artisten Nils Christian Fossdal er det maaange som har store problem med å skjønna tala.

Les også

Rajas (nesten) umulige hovudpine

Ny stimuleringsordning

Utbetalinga til Nilsen – og 20 andre aktørar i kulturlivet – er første runde i Abid Rajas (V) nye stimuleringsordning til kulturlivet. Frå å ha gitt støtte for avlyste kulturarrangement under pandemien, vil Raja prisverdig nok heller stimulera til aktivitet: Dei som gjennomfører arrangement skal få dekka dei reelle kostnadene sine, slik at det blir mogleg å gjennomføra til dømes juleturneen i år også.

Og juleturnear skal det bli. På Kulturrådets liste over dei 21 første og heldige mottakarane, står det sju juleturnear som både vil gi glede til publikum, og sårt tiltrengt jobb og inntekter til artistar, støtteapparat og arrangørar. Alle sju juleturneane får millionstøtte.

Men det som skaper kollektiv undring i kulturlivet – og mest sannsynleg blant folk flest også – er beløpet som skal gå til Kurt Nilsen og selskapet han eig saman med manager Jan Fredrik Karlsen og milliardær Petter Stordalen, nemleg Tune In AS. Betyr dette enorme beløpet at den vitsen ein nervøst har fortalt kvarandre i kulturlivet sidan Raja lanserte ordninga, faktisk er sann? At ein kan arrangera ein slags intimkonsert for 200 stykke i Oslo Spektrum – og så betaler staten for dei siste 6800 stolane?

Det vanvittige er at svaret på det spørsmålet ser ut til å vera «ja». Eg har nemleg fått innsyn i søknadane.

Lurt å vera populær

I søknaden til Kulturrådet har Tune In AS lagt til grunn dei meir enn 40.000 billettane Nilsen har selt på juleturneen sin dei siste åra. I Oslo betyr det 14.000 billettar, fordelt på to konsertar i Oslo Spektrum – der det i år er plass til 400 personar.

Men Nilsen er ikkje den einaste folkekjære artisten som skal på juleturné i år. Så korleis kan det ha seg at Bjørn Eidsvågs selskap Quint «berre» har søkt om, og får, 3 millionar kroner i støtte til sine 30 konsertar – altså «berre» 100.000 kroner per konsert?

Korleis kan det ha seg at den 47 konsertar lange juleturneen til Wenche Myhre, Jørn Hoel og Emil Solli-Tangen, frå Agder i sør til Finnmark i nord, kan gjennomførast med 3,4 millionar kroner i støtte – som betyr «berre» 73.000 offentlege støttekroner per konsert?

Jau, det kjem av at Nilsens søknad opererer med eit kostnadsbilete som går langt utanpå nokon av dei andre.

Kor dyr er turneen?

Nilsen skal spela 26 konsertar og ha med seg fem andre musikarar og artistar. Honorar til kunstnarar, utøvarar og fagpersonar er sett til 6.684.500. Korleis honoraret blir fordelt er ikkje spesifisert i søknaden, men mitt ville tips er at verken trommisen eller bassisten i Nilsens band kjem heim frå juleturneen som millionærar.

Til samanlikning er honorarposten på Eidsvågs turné drygt to millionar kroner, mens Julenatt-gjengen har ført opp nesten 3,7 millionar kroner. Så er dei også tre artistar som skal spela nesten dobbelt så mange konsertar som Nilsen – rett nok i mindre konsertlokale. Både Eidsvåg og Julenatt-gjengen har sjølvsagt med seg musikarar, akkurat som Nilsen.

Men det interessante kostnadsbiletet stoppar ikkje der.

For mens både Julenatt (47 konsertar) og Eidsvåg (30 konsertar) opererer med produksjonskostnader på drygt 3 millionar kroner, har Nilsens turné på 26 konsertar til Norges største byar produksjonskostnader på det doble, 6,2 millionar kroner. Sidan budsjettet i søknaden ikkje er spesifisert, er det ikkje råd å lesa ut av talet kva det er som gjer Nilsens produksjon dobbelt så dyr som dei andre.

Les også

Skalet av alle ting kan ein få for pengar. Men ikkje kjernen

Faste kostnader?

Det stoppar forresten ikkje der heller.

Tredje og siste post på utgiftssida staten kan dekka, er «faste utgifter», spesifisert som «forholdsmessig andel av lønnskostnader fast ansatte, husleie, strøm». Her har Julenatt ført opp 15.000 kroner. Eidsvågs selskap nærmar seg millionen – mens dei faste kostnadene for Nilsens juleopplegg er sett til 2.654.736 kroner.

Ifølgje søknaden har selskapet Tune In tre tilsette, fordelt på to årsverk, med kontor i Oslo.

Slik ender altså dei totale utgiftene for Kurt Nilsens juleturné på 15.574.153 kroner. Trekk frå dei 2.782.000 kronene turneen reknar med å få i billettinntekter, og du ender på 13.259.378 kroner. Som staten altså betaler.

Gjennomtenkt?

Spørsmåla eg håper Abid Raja og Kulturrådet har tenkt på, er desse:

  • Bør det vera eit tak på kor mykje kvar arrangør kan få i støtte og kor mykje ein artist skal ha i honorar?
  • Bør det skje ei kritisk vurdering av kostnadsnivået søkjarane legg til grunn når Kulturrådet går gjennom søknaden?
  • Og: Kva skjer når dei 500 millionar kronene som er sett av til ordninga er brukt opp?

Pengane skal nemleg fort få bein å gå på med dette tempoet.

Publisert:

Kommentator Jan Zahl

  1. «Kulturlivet står i ein umogleg situasjon»

  2. Er det eit offentleg ansvar å gi Kurt Nilsen millionlønn til jul?

  3. Skalet av alle ting kan ein få for pengar. Men ikkje kjernen

  4. Me er nesten i ferd med å bli blinde og døve for kor ko-ko – og alvorleg – dette faktisk er

  5. – Kor mange er nok? 500? 5000? Heile Moria?

  6. Rajas (nesten) umulige hovudpine

  1. Kommentator Jan Zahl
  2. Konsert
  3. Kurt Nilsen
  4. Jan Fredrik Karlsen
  5. Kulturpolitikk