Eit storverk om det haugianske opprøret

Trygve Riiser Gundersens bok om Hans Nielsen Hauge og det dansk-norske eineveldet er det mest fengslande historieverket eg har lese på lang tid.

Trygve Riiser Gundersens bok om Hans Nielsen Hauge får full pott av vår meldar.
  • Tom Hetland
    Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet
Publisert: Publisert:

Trygve Riiser Gundersen:
Haugianerne
Enevelde og undergrunn
I: 1795–1799
704 sider
Cappelen Damm

Grade: 6 out of 6

Lekpredikanten Hans Nielsen Hauge er ein av heltane i norsk historie. Han, og rørsla han skapte, har fått æra for alt frå ei vitalisering av kristenlivet, framveksten av frivillige organisasjonar og politisk demokrati, og til folkeleg entreprenørskap og kapitalisme på norsk. For mange samfunnsinstitusjonar i det moderne Norge er det blitt ei ære å rekna Hauge som ein ideologisk stamfar.

Første bandet av Trygve Riiser Gundersens storverk om haugianarane handlar derimot om den kriminelle Hans Nielsen Hauge, opprøraren mot Konventikkelplakaten som forbaud lekpredikantar å forkynna utan godkjenning frå soknepresten. Under det dansk-norske eineveldet var kyrkje og stat eitt, og religionen gjennomsyra samfunnslivet. Ukontrollert forkynning var derfor ein trussel mot statsmakta.

Tradisjon for protest

Men då Hauge tok til med si verksemd på slutten av 1700-talet, var eineveldet eit regime framfor undergangen. 1814 var ikkje langt borte. Den raude tråden i Riiser Gundersens bok er korleis eit stivna politisk system møter folkelege, opposisjonelle rørsler.

Eit sentralt punkt hos forfattaren er at Hauge ikkje starta med blanke ark. Gjennom 1700-talet vart den lutherske statskyrkja utfordra av ulike alternative rørsler og tankar, frå herrnhutarane som hadde følgjarar heilt oppe i makteliten, til folkeleg-religiøse uttrykk som lett kunne avskrivast som sære og skandaløse. I tillegg var det i siste del av 1700-talet ei rekkje harde sosiale protestaksjonar, med strilekrigen i Bergen og arbeidar- og fattigopprøra i Kongsberg og Christiania som dei viktigaste. I desse miljøa fann Hauge mange tilhengarar, sjølv om også folk frå den lokale eliten slutta seg til han.

Regimet vaklar

I møtet med utfordringane reagerer regimet påfallande vaklande og inkonsekvent, med ei blanding av «ettergivenhet og brutalitet». Ofte var vurderingane til den lokale amtmann, biskop, sokneprest, fogd eller lensmann avgjerande. Arrogansen overfor «allmuen» og deira talsmenn var gjennomgåande. Hauge og andre lekpredikantar vart stempla som «Sværmere» og «Forførere» som serverte «ynkeligt Vaas» til «den uoplyste Hob». Det mangla berre at nokon fann opp ordet «populisme».

Men ut frå dette kunne øvrigheita trekkja to konklusjonar: Den første var at haugianarane var ganske ufarlege. Somme embetsmenn kunne jamvel vera samde med Hauge i at det var betre at bønder og fattigfolk samlast for å høyra eit gudsord enn at dei drakk og slåst. Andre såg derimot ein alvorleg trussel i den veksande rørsla. Og den kom ikkje frå det teologiske innhaldet, men i at vanlege folk samla seg utanfor statens kontroll og med brodd mot makta. Biskopen i Christianssand, Peder Hansen, gjekk så langt som til å samanlikna Hauge med Abdul Wechab, som på den tid stod i spissen for eit blodig islamistisk opprør mot herskarane i det ottomanske imperiet. Under namnet Ibn Abd al-Wahhab er han i dag kjend som grunnleggjaren av wahabismen, den fundamentalistiske islamismen som blir fremja blant anna av Saudi-Arabia.

Lærd og konkret

«Haugianerne» er ei intellektuell bok – på den gode måten. Riiser Gundersen er nysgjerrig og sanningssøkjande. Han er ingen autoritær forfattar, diskuterer fortløpande med seg sjølv og lesaren, og er alltid på vakt mot å bli for bastant. Han er lærd utan å bli for abstrakt og akademisk, sidene er fulle med små livshistorier, språket er konkret, fysisk og handgripeleg, som i dette eksempelet: «Kopistene var nederst på rangstigen i administrasjonen. Kroppene deres var likevel nøkkelen til byråkratiets makt: Ved skrivepulten ble hendene og fingrene forvandlet til små, presise apparater for staten.»

Dette er ikkje språkleg pynt. Det Riiser Gundersen eigentleg fortel om, er arrestordren på Hans Nielsen Hauge, utsendt frå kanselliet i København 30. oktober 1804. Og når han skildrar lydane i Vågen i Bergen, lukta i tukthuset i Christiania eller lengda på dagsmarsjar gjennom landsens skogar og heiar, er alt ein del av det store prosjektet – å fortelja om vilkåra for makt og motstand i Norge på Hauges tid.
«Haugianerne» er med sitt store omfang og sine mange detaljar og omvegar ei bok som krev noko av lesaren. Men det er det sterkaste og mest fengslande historieverket eg har lese på lang tid.

Publisert: