Mutter begeistrer

Anne-Sophie Mutter har alt som skal til for å begeistre sitt publikum.

Publisert: Publisert:

Anne-Sophie Mutter er på turné sammen med Trondheimsolistene. Torsdag spilte de i Stavanger konserthus. Foto: Fredrik Refvem

  • Rasmus Reed
    Sandnes
Denne artikkelen er over syv år gammel
Grade: 6 of 6 stars

Ein strålande, blank fiolintone, ein frapperande teknikk, temperament, engasjement, og ein sans for musikalsk dramaturgi som gjer det spennande og interessant å følgje musikken. Og så har ho valt eit orkester som så absolutt er med på notane. Trondheimsolistane viser eit smittande engasjement, framifrå teknikk og ein vilje til å følgje opp og vere med på Mutters store dnamiske kontrastar og tempomessige innfall.

Orkesteret opna utan solisten, med Brittens ungdomsverk «Simple Symphony», som vart framført kontrastrikt, lett og luftig, med flott, dynamisk spennvidde, og med nydeleg frasering. I den såkalla «Sentimentale Sarabanden» unngjekk dei sentimentalitetsfella og det vart i staden engasjerande og medrivande frå start til slutt.

André Previns andre fiolinkonsert er skreven spesielt for Mutter, og den vart framført for ein månad sidan med nettopp Trondheimssolistene. Den har ei spesiell oppbygging, starter med ein solokadens, og så vekselspel med orkesteret før samspelet kjem skikkeleg i gang. Mellom kvar av dei tre satsane er det eit improvisatorisk mellomspel i cembalo. Tonespråket er forsiktig modernistisk, kvasitonalt, men med ein logisk indre sammenheng gjennom heile konserten.

Med Mutters lysande, briliante tone og hennar intense nærvær i foredraget kan konserten neppe få ei betre framføring enn det vi fekk torsdag. Og med eit strålande engasjert akkompagnement frå orkesteret vart konserten ei flott oppleving.

Det var nok «Årstidene», de fire konsertene til Vivaldi som var et ekstra trekkplaster for mange på torsdagens konsert. Og dei fekk verkeleg valuta for pengane! Utruleg er framføringa slik vi høyrde den torsdag ganske langt fra slik det vart framført av Vivaldi og hans orkester. På den tida var det vanleg med improvisasjoner og rike dekorasjonar, i tillegg til notane som er nedteikna. Slikt var det lite av hos Mutter. Ho og orkesteret holdt seg stort sett til notebildet.

Men det viktigaste er om ho greier å gjere musikken interessant for dagens publikum, og det gjer ho! Her er store dynamiske kontrastar, mykje meir enn det som er notert, og her er underfundige og til del voldsomme tempoforandringer. Her er kviskrande pianissimo, som i den fantastiske akustikken i salen likevel lar kvar einaste tone nå fram, og her er intense fortissimo. Kontrastane er store, større enn det vi vanligvis opplever i innspelinga, og det fungerer! Sjølv om det her og der nærmer seg grensa for effektmakeri, er vi aldri der. Det virker organisk og naturleg, og det engasjerer! Og publikum lar seg begeistre, så det vart både trampeklapp og fleire ekstranummer.

Publisert: