– Kunstnarar må tena meir pengar sjølv

Arnfinn Bjerkestrand har i to tiår vore ein sentral «player» i norsk kulturpolitikk. Nå skal han spela for Stavanger, som fersk kultursjef.

1. august tok Arnfinn Bjerkestrand over som ny kultursjef i Stavanger kommune. Foto: Pål Christensen

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:

1. august tok Arnfinn Bjerkestrand over som ny kultursjef i Stavanger kommune. Foto: Pål Christensen

– Vil nokon i Stavanger merka at du har blitt byens nye kultursjef?

Arnfinn Bjerkestrand blir ukarakteristisk stille. 1. august tok han fatt på jobben som kultursjef i kommunen som for snart ti år sidan var europeisk kulturhovudstad. Ein av Kulturnorges mest aktive edderkoppar, med bein og nettverk både her og der, har fått seg fast dagjobb i sørvest etter å ha budd i Oslo det meste av 2000-talet. Og for ein gongs skuld har han ikkje svaret umiddelbart på tunga.

– Blant dei som eventuelt vil merka at du har fått denne jobben, kan du velja mellom «folk flest», «kunstnarar», «politikarar», «kulturinstitusjonar» eller «Oslo»?

Mynten ramlar ned. Herfrå og ut skal Bjerkestrand vera karakteristisk snakkesalig:

– Heile mitt profesjonelle liv har handla om å gjera kunst og kultur viktig for folk, enten det handla om å få folk inn i Hundvåg kirke, som fagforeiningsmann for norske musikarar eller som utdelar av pengar i Kulturrådet. Oppdraget er det same som kultursjef: Å bidra til at kunst og kultur blir relevant for fleire - like viktig som det har vore for meg og mitt liv.

Les også

Kultursjefens punktum

Etter 20 år, takkar Stavangers kultursjef Rolf Norås av og blir pensjonist. Kva fekk han til - og kva fekk han ikkje til?

Utdanna musikar

Skiens-fødde Bjerkestrand starta sitt vaksne kulturliv i Stavanger i 1978, som student ved Musikkonservatoriet. Han utdanna seg til kyrkjemusikar, blei organist i Hundvåg kirke. Sidan blei han fagforeiningsmann, som leiar for Musikernes fellesorganisasjon, og så medlem av det øvste rådet i Kulturrådet - og styrevervgrossist i alt frå Fond for utøvende kunstnere til Kunsthall Stavanger.

Den nye kultursjefen tek over etter det som har vore ein gyllen tidsalder for norsk kulturpolitikk, både nasjonalt og i Stavanger. Det norske kulturbudsjettet er dobla, og Stavanger har satsa tungt på kultur gjennom dei gode tidene.

– Me går nå inn i ein periode der det sannsynlegvis blir mindre pengar, og eg vil nok snu merksemda noko frå investeringar og til kunstnarisk innhald - sjølv om det kan vera meir komplisert å snakka om kunstnarisk innhald enn om bygg, seier Bjerkestrand.

Stavangers nye kultursjef vil snakka meir om kunstnarisk innhald enn om bygg. Foto: Pål Christensen

Meir samarbeid

Den tunge og langvarige kultursatsinga i Stavanger gjer at kommunen har eit ganske yrande kulturliv. Men Bjerkestrand meiner det går an å få til meir, og håper han kan bringa ny energi inn for å byggja vidare på det som allereie er etablert. Han vil få til meir samarbeid i byens kulturliv, byggja meir kulturbransje og få Stavanger til å hevda seg tydelegare i den nasjonale kulturpolitikken.

– Stavangerfolket har på den eine sida sterk identitet og vilje, men kan bli flinkare på å byggja nettverk, samarbeida og dra i flokk. Og sjølv om byen har vore sterkt internasjonalt orientert, både mot Europa og USA, er det eit faktum at mange av rammene våre bli lagde i Oslo, seier han.

– «Meir samarbeid», «nettverk» og «dra i flokk» høyrest ut som seminarsnakk. Korleis gjer ein sånt i praksis?

– Ja, det er lettare sagt enn gjort. Men me kan begynna med å bli flinkare i å informera kvarandre om kva me gjer, skapa meir av ein delingskultur, ikkje bare sjå framover, men også til sidene, seier Bjerkestrand, som mang ein gong har site med søknader om støtte frå ulike aktørar rundt om i landet og tenkt: «Kvifor samarbeider dei ikkje med kvarandre?»

Bjerkestrand vil altså prøva å få fleire til å snakka og jobba meir saman. Ikkje minst at dei store, offentleg finansierte kulturinstitusjonane jobbar meir saman med kunstnarar i det frie feltet, altså dei som ikkje har fast, offentleg betalt jobb.

Meir bransje

Han drøymer om å byggja meir av ein bransje rundt kunst og kultur i Stavanger, slik at folk ikkje må flytta til Oslo for at dei skal føla at det finst det nødvendige apparatet rundt dei. Ifølgje Bjerkestrand er Stavangers største problem som kulturby å få til store satsingar over tid, slik at talenta blir her, jobbar her, bur her.

– I Stavanger er det mykje snakk om bølgjer av musikk eller film. Me må prøva å få til ein jamnare straum, slik til dømes Bergen har fått til på musikkfeltet. Dei har jobba lenge og systematisk, har radaren ute, klarer å plukka opp og foredla unge talent og hjelpa dei vidare, seier kultursjefen, som meiner grunnarbeidet med barn og unge både i kulturskule og fritidstilbod er avgjerande både for å få fram nytt talent, ny interesse og nytt publikum.

– Er det meir relevant å samanlikna Stavanger med Bergen enn med Oslo når ein skal sjå på kva ein kan få til?

– Bergen er mykje større enn Stavanger. Samtidig kan Stavanger vera meir av ein skarpseglar, kunna snu seg fortare, vera litt meir i takt med tida. Me kan vera den kompetente veslebroren som skaper nasjonal merksemd, seier Bjerkestrand, som har stor tru på at eit nytt direktørområde i Stavanger kommune skal gi samarbeid mellom kultur, næring og teknologi som vil gi resultat. Området blir leia av tidlegare direktør for Stavanger symfoniorkester, Trude Marit Risnes.

– Her skal kultur også vera med. Dette blir ein eineståande sjanse til å tenkja breitt om kultur og næring, seier Bjerkestrand.

Koplinga mellom «kultur» og «næring» er tidas melodi i kulturpolitikken. Også Arnfinn Bjerkestrand meiner det er viktig at kunstnarar tener meir pengar sjølv, på den private marknaden. Foto: Pål Christensen

Pengeproblem

– Er stavangerkunstnaras største økonomiske problem at dei får for lite offentlege støttekroner eller at dei har for lita næringsinntekt av kunsten dei skaper?

– For å få offentlege midlar, må ein søkja - og der kan kunstnarar i vår region bli betre. Samtidig ser eg at ein også treng ei viss merksemd for å nå opp i prioriteringane. Og så herskar det ei viss haldning i Oslo om at Stavanger er full av pengar og at folk her klarer seg sjølv, seier Bjerkestrand, som kjenner dei offentlege tildelinganes irrgangar betre enn dei fleste.

Som Aftenbladet fleire gonger har dokumentert, kjem Stavanger svært dårlig ut når Kulturrådet fordeler sine pengar, og dette vil Bjerkestrand gjerne få gjort noko med. For kjem det meir offentlege pengar til byen over lengre tid, vil det styrka kulturlivet.

– Samtidig er det viktig å få kunstnarane til å kunna tena meir pengar sjølv, frå den private marknaden. Og det blir ikkje mindre viktig når dei offentlege budsjetta neppe aukar framover.

– Tidas melodi frå den blå regjeringa er at kunstnarar i større grad må tena pengar sjølv?

– Ja, og mange kunstnarar føler seg litt urolig i møte med dette. Men kunstverket skal likevel stå i sentrum, det er ikkje kunsten som skal endrast. Men ein treng kanskje litt hjelp frå ein tredjepart, eit galleri eller ein manager, som veit meir om korleis ein kan nå ut i marknaden. Dette leddet manglar litt i Stavanger.

Kunstnarvekst

Samtidig som kulturløyvingane dei siste ti åra har blitt dobla, har inntektene til kunstnarane jamt over gått ned, dels fordi det har blitt så mange fleire av dei. Ein kan somme tider lura på kvifor så mange vil bli kunstnarar når det er så vanskeleg å overleva i yrket.

– Er det ei tragedie om det blir færre kunstnarar; om nokon ikkje klarer å brødfø seg og må finna på noko anna?

– Nei, og alle kunstnarar kan ikkje rekna med at dei har eit livslangt kunstnarskap. Men den offentlege kulturpolitikkens utgangspunkt er at samfunnet skal halda seg med kunstnarar og kulturarbeidarar - sjølv om det ikkje gir økonomisk avkastning i første omgang. Det offentlege kulturbudsjettet seier noko om kven me er som nasjon. Det private kulturkonsumet seier noko om kven du er som person. Dei heng saman, er ingen motsetnad, men like viktige.

Bjerkestrand er Ap-mann, men skal jobba for ein Høgre-kommune. Det trur han går heilt fint. Foto: Pål Christensen

Ap + Høgre = Sant?

– Du har tidlegare jobba tydeleg politisk, både som Arbeidarparti-mann og som fagforeiningsleiar. Nå skal du vera byråkrat i ein Høgre-styrt by, der leiaren av kommunens kulturstyre kjem frå Venstre. Korleis skal det gå?

– Oppdraget mitt er det same - og uavhengig av parti: Eg skal bidra til å betra rammevilkåra for kunst og kultur, slik at det blir viktig for folk, svarer Bjerkestrand. Og så legg han til:

– Eg er glad i gode saker med dårlege odds, veit du.

– Jaha?

– Å prøva å gjera kultur til ei like viktig politisk sak som helse eller skule, har i utgangspunktet dårlige odds. Men det er like viktig. Eg skal bidra med gode argument til byens kulturpolitikarar, bidra til at dei kan få gjennomslag når budsjettet skal på plass.

Kva blir då svaret på spørsmålet? Om nokon vil merka at Bjerkestrand har blitt kultursjef? Dette:

– Eg håper at folk skal merka det. At alle skal merka det.

Publisert:

Mest lest

  1. Venter «graverende rapport» etter konsert i Egersund

  2. FHI vil stille klare krav til hjemmesydde munnbind

  3. Oslo er nå «rødt» ifølge FHIs smittekrav til andre land

  4. To nye smitte­tilfeller i Stavanger

  1. Stavanger
  2. Kulturpolitikk
  3. Kunst
  4. Kultur
  5. Stavanger kommune