Las Vegas i Folkets hus

Ute var det fire grader og isande vind. Inne var det storband, swing, foxtrot og samba. I nokre timar fredag kveld var Folkets hus eit lite stykke Las Vegas, då Stavanger storband inviterte danseglade til Vinterball 2017.

Gunn Randeberg og Salomon Alfaro dansar på Stavanger storbands Vinterball. Foto: Aasland, Jarle

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:

– Velkommen til vinterball! Sidan det er tredje året, må me vel kunna kalla det ein tradisjon?

Klokka er 21.02 fredag kveld. Formann og saksofonist John Gunnar Akerø i Stavanger storband har gripe mikrofonen. Framfor han: Eit blankt dansegolv i festsalen i Folkets hus. Bak han: Eit komp og fulle blåserekker. Stavanger storband er klare. Dei startar Vinterballet 2017 med ein Paso doble. Sirkusmusikk. Med polonese.

Golvet blir fylt av mørke kroppar. Dei tek kvarandre i hendene, går to og to, lagar allear av hender som dei dukkar inn i, blir fire i breidda, blir åtte, blir ein sirkel som så blir ein tvinnande spiral.

Starta som korps

– Det heile starta som Øyane Amatørkorps på Hundvåg, seier musikalsk leiar Per-Egil Vang. Klokka er 18, musikarane har så vidt begynt å koma, det er tid for rigging og lydsjekk. Vang får ein svær kasse med Ricola i hendene. Det er influensasesong, men sånt kan ikkje stoppa musikken. Her er det bare å kjøra på med sveitsisk urtedrops.

– John Gunnar var dirigent, eg spelte 3. klarinett i korpset. Eg kunne ikkje spela klarinett då, og kan det framleis ikkje, seier Vang, som alle kallar Peggy etter ein postkortspøk ein gong på 80-talet. (Kompis Akerø tulla og sende postkort frå Syden til «Peggy Vang», og lurte på om kortet ville koma fram. Kortet kom fram. Per-Egil hadde fått nytt namn.)

Peggy spelar i grunnen på det som trengs av instrument, og har akkurat gjort unna ein lydsjekk som perkusjonist med gjestebandet Montuno Salsaband, som skal sørgja for latinske rytmar denne kvelden.

– Øyane blei aldri stort nok til å vera eit fullt janitsjarorkester, så då konverterte me det til storband. Til Hundvåg storband, seier Peggy.

Det er 40 år sidan i år, og jubileet skal markerast med ein eigen konsert til hausten. Peggy og Akerø byta litt på å dirigera, opp gjennom åra har Peggy spelt i mangt eit band, dirigert mangt eit korps. I 2004 endra storbandet på Hundvåg namn til Stavanger Storband. Du kan sjå dei på byens torg kvar 17. mai.

– Men i kveld blir det ikkje mykje jazz. I kveld blir det dansemusikk, lovar Peggy.

Per-Egil "Peggy" Vang (t.v.) er musikalsk leiar i Stavanger storband, men bidreg også både med speling og song. Her stemmer han i saman med vokalist Endre Jordal. Foto: Aasland, Jarle

Stas med livemusikk

Andre låt er ein slowfox, «Days of Wine and Roses». Spiralen etter polonesen har løyst seg opp, folk har funne tilbake til partnarane sine. Danserørslene på golvet viser tydeleg at dei som har kome på vinterballet har dansa før.

– Me var her i fjor. Det var kjempebra, så då måtte me sjølvsagt koma i år også, seier Gunn Randeberg.

Ho og Salomon Alfaro dansar mykje, har endåtil si eiga dansegruppe, Chatango, der det går mest i latinodans. Mest i salsa.

– Så når me dansar swing til storbandmusikken, gjer me det på vår måte, med salsasteg, forklarer Randeberg. Chatango arrangerer dansefest ein gong i månaden gjennom heile året, og dei to latinoentusiastane seier det er eit stort dansemiljø - og eit stort salsamiljø - i Stavanger.

– Dermed er det veldig hyggelig å koma på ein kveld som denne, dansa og møta kjende. Dette er eit veldig inkluderande miljø, seier Alfaro, i sin kvite hatt.

– Men me er ikkje vane med storband eller livemusikk. Det er oftas DJ-ar som står for musikken, seier Randeberg.

– Det er noko anna å dansa til eit live storband?

– Det er fantastisk stas å dansa til livemusikk. Og så spelar jo storbandet så bra! svarer Randeberg.

Gunn Randeberg og Salomon Alvaro dansar swing med salsasteg. Foto: Aasland, Jarle

Klinas i Las Vegas

Inne i festsalen har bandet vore gjennom «Moon River» (engelsk vals, eller «klinas» som ein amatør frå Bryne ville kalla det) og Rat Pack-klassikaren «Ain’t That a Kick in the Head», før tempoet går opp med «Dancing in the Streets».

Og lukkar du augo, eller bare myser litt, mot mørkret, dei dansande kroppane og bandet på scenen, kan du under foxtroten «Stardust» plutseleg få ei kjensle av at du er på eit fasjonabelt hotel i Las Vegas, og at Frank Sinatra, Dean Martin og Sammy Davies jr er rett rundt hjørnet. Eller kanskje du er på ein klubb i New York ein gong i «Mad Men»-æraen. Du kan nesten drøyma deg litt bort og gløyma at du sit som veggpryd langs den grove mursteinsveggen i Folkets hus i Stavanger i 2017, med revolusjonær kunst på veggen.

Evig yngst

Men kven spelar i storband? Ifølgje Peggy har dei fleste korpsbakgrunn, særleg blåsarane. Det yngste medlemmet er 32, heiter Renate Vanvik og spelar trombone.

– Eg har vore minstemann i ti år, seier Vanvik. Det finst knapt dekkjande ord for kor stas ho syns det er med storbandet. Det har vore ein inngangsport til så mykje for henne, både folk, andre band, meir musikk, personleg vekst.

– Dette er ein enormt samansveisa gjeng. Me er som ein familie, skryt Vanvik.

– Er du med i storbandet mest på grunn av det sosiale eller musikken?

– Det sosiale er fantastisk. Men samtidig elskar eg musikken.

Renate Vanvik (32) er yngst i Stavanger storband. Ho elskar storbandmusikk. Foto: Aasland, Jarle

– Det er kanskje ikkje så vanleg for folk på din alder å elska storbandmusikk?

– Nei, og det skjønar eg ikkje. For bra musikk er bra musikk, same kva musikk det er.

Noko av Peggys fascinasjon for storbandmusikken, handlar også om at han er så variert.

– Du kan spela kva du vil med eit storband, enten det er gamle svisker, funk, latino eller rock. Du kan til og med spela moderne frijazz - men med så mange musikarar blir det kjempefri jazz.

– Eit storband må vel framfor alt swinga?

– Det skal i alle fall vera masse energi i musikken. Men det er klart; når folk skal vera morosame, seier dei til oss: «Det var ganske bra. Men det swingte litt...»

Fredag kveld var det dans på Folkets hus. Foto: Aasland, Jarle

Publisert:

Mest lest

  1. Warholm reagerer på at Ingebrigtsen fikk kongepokalen: – Jeg vil ha en begrunnelse

  2. Bytyqi med ny drømmescoring da Viking slo tilbake

  3. Bilbrann på fylksvei 44

  4. Se Gospel Church her

  1. Musikk
  2. Dans
  3. Stavanger