Teater-Mågå til Marøy

TEATER: Måkene har flydd frå Marøy og inn til Stavanger sentrum. Nå drar friteatergruppa Mågå motsett veg og lagar sin versjon av Øyvind Rimbereids langdikt «Solaris korrigert».

Mågå friluftsteater inntek øya måkene forlot: Bak frå venstre Kristian Berg Jåtten, Ellen Andreassen og Marie Kallevik Straume. Framme frå venstre Ragnhild Tysse og Henrik Bjelland. Foto: Jan Inge Haga

  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:

Tirsdag er det premiere på Øyvind Rimbereids langdikt «Solaris korrigert» som Maria Drangeid, i midten, har regi på. Her samam med Ragnhild Tysse og Kristian Berg Jåtten. Foto: Jan Inge Haga

Okei. Her kjem eit forsøk på å skapa ein logisk tråd. Mellom eit fråflydd fuglereservat på Litla Marøy i Gandsfjorden, via ei friteatergruppe som heiter Mågå og til eit stavangersk science fiction-dikt om korleis det står til i samanvokste Stavgersand om 400 års tid. Framført som friluftsteater på Store Marøy og kalla «Stories from Stavgersand».

Dette (kompliserte) forsøket er ikkje Aftenbladets feil. Det er regissør Maria Drangeid og friteatergruppa Mågå.

– Me er opptekne av å dyrka stavangermåkene. Då var det naturleg å gå til Rimbereid, seier Drangeid.

– Me måtte finna ein forfattar som kunne måla seg med Drangeid. Dermed gjekk me frå Drangeid til Rimbereid, seier skodespelar Kristian Berg Jåtten – utan at det hjelper.

Forklaringsforsøk

Forsøk på forklaringar: Mens vanlege folk har ferie, er friteatergruppa Mågå for andre år på rad i gang med sjølvskapt sommarjobb. I fjor laga dei framsyninga «Mågå» på Tou – skriven av Drangeid sjølv. I år lagar dei ein versjon av Rimbereids genierklærte langdikt. På Store Marøy. Sidan det ikkje er lov å gå i land på Litle Marøy. Me kjem tilbake til det.

Men, altså: Drangeid er ferskt utdanna regissør frå Teaterhøgskolen. Ho har tidlegare stått i spissen for kritikarroste og populære vrengingar av klassikarar i friteatergruppa Vrangforestilling. På Tou.

Ein omveg

Men nå er det altså Mågå som flyr over fjorden. Og på eitt vis er «Solaris korrigert» hennar debut som forrektig regissør. Før ho debuterer på «ekte» på Rogaland Teater med «Tvillingenes dagbok» 7. oktober.

(Artikkelforfattaren tek på dette tidspunktet sjølvkritikk på å ha rota bort den logiske tråden i denne artikkelen. Sorry.)

Tilbake på sporet

Det var dette med måkene. Drangeid ser på måkene som ein slags stavangersk nasjonalfugl. Ho og skodespelarane diskuterte måka, ein fugl dei stort sett såg skrikande på Torget, på veg heim på Cementen nattetid. Men då dei las seg opp, blei dei rørte. Og litt leie seg. For det viser seg at måkene er i trøbbel. Raudlista. Såpass at den vesle øya Litla Marøy i 1982 blei verna som naturreservat og fuglekoloni. Det er derfor folk – og friluftsteater – ikkje kan vera der.

Problemet er berre at måkekolonien forsvann i 2005 – og har sidan ikkje kome tilbake.

– Måkene drog til sentrum, for der var det mat. Me dreg motsett veg, til Store Marøy, seier Drangeid, som skal frakta 22 publikummarar per førestilling i to gavlbåtar dei har leigd frå Engøy kystkultursenter.

– Og tar me med oss nok chillicheese, kjem kanskje måkene tilbake til Marøy, seier Berg Jåtten. Det hjelper framleis ikkje.

Knyting av trådar

For kva i all verda har alt dette med Øyvind Rimbereid og hans «Solaris korrigert» å gjera?

Her kjem eit forsøk på å knyta saman trådane som – om me skal vera brutalt ærlege – nå står i alle retningar:

– Akkurat som måkene har forlate sitt habitat på Marøy på grunn av mat og miljø, må siddisane i Rimbereids dikt flytta frå byen på grunn av miljøkatastrofen 400 år fram i tid, seier Drangeid.

Det handlar altså om miljøkollaps, for måkene på Marøy og for siddisane i Stavgersand. Tog du ’an?

Naturteater

«Solaris korrigert» er tidlegare framført både som dikt til musikk av Rimbereid sjølv, som teater på Det Norske Teatret og som opera. Mågå sin versjon «Stories from Stavgersand» er ingen av desse.

– Det blir meir sånn «Allsang på grensa» møter Rimbereid, seier Berg Jåtten.

Blei alt meir logisk nå? Nei.

– Me har med oss eit par musikalske måker som har sett musikk til dette, forklarer Drangeid.

Under innøving innandørs på Tou scene har dei jobba med firstemt skjønnsong.

– Ute på Marøy må me kjempa mot elementa. Då blir det kanskje litt meir desperat. Som måkeskrik, seier Drangeid.

Scenografien står Marøy for, med sin skog, sine steingjerde, hustufter, sjøen og utsikta til glas og betong på Storhaug.

Vårherre står for lysdesign på dei fem kveldsforestillingane, og dessutan vind- og eventuell regnmaskin.

– Det blir spennande, lovar Drangeid.

Publisert:
  1. Øyvind Rimbereid
  2. Teater

Mest lest akkurat nå

  1. Skattejakt på Ryfylkeøyene: 40 prosent av de med billett møtte ikke opp

  2. Viking bekrefter utenlandsk Bell-interesse

  3. Den kinesiske rifleskytteren vekker norske reaksjoner

  4. 26 spillere kan forsvinne gratis fra de lokale toppklubbene

  5. «Better Call Saul»-stjerne utenfor livsfare etter kollaps under innspilling

  6. – Høyres kommunestyregruppe stiller seg ikke bak forslaget om sykkeltunnel