Ny pris, ny bok for Renberg

Tore Renberg får Aftenbladets kulturpris for 2014. Samtidig lanserer han sin andre roman om Hillevågsgjengen: "Angrep fra alle kanter". Så det er bare å passa seg.

Publisert: Publisert:

Tore Renberg har skrive Stavanger og stader som Madla og Ullandhaug inn i norsk litteratur. Her er han ved blokkene på Madlamark. Foto: Anders Minge

For å ta det første først: Når Aftenbladet omsider har bestemt seg for å gi sin kulturpris til Tore Renberg – som har skrive haugevis av bøker, filmmanus og teaterstykke, for vaksne så vel som for barn – så grunngir me det blant anna slik:

"Han har gitt oss våre eigne oppvekstromanar, frå Kongsgård og Tjensvoll og blokkene på Ullandhaug, om farmor som har Sky Channel, om ein fars alkoholmisbruk, om ungdomskriminelle i Hillevåg, om pizzabodet Egil, som bryt ut i song når livet og det blir for stort for han. (...) Han kunne fått Aftenbladets kulturpris bare for å skriva Stavanger ettertrykkeleg og insisterande inn i norsk litteratur."

— Eg er ein drylar av ein stavangerpatriot. På min hals. Det begynner å bli ei stund sidan eg valde å flytta heim. Men eg vil altså gjerne bidra her, med forteljingar frå denne regionen. Eg vil vera ein av regionens stemmer, seier Renberg.

Vindane bles

Han er veldig glad for prisen – men står ved det han har sagt fleire gonger før, når han har fått gjeve prisar.

— Prisar er ikkje særleg viktige for det eg held på med. Det er kanskje teit å starta med å seia dette. Men: Hadde eg latt vindane som bles styra meg, ville eg ikkje fått til det eg har gjort. For vindane bles tidvis også mot meg. I fjor gav Aftenbladet meg ein dårleg kritikk. I år får eg pris, seier Renberg. Men han meiner det ligg stor tyngde i at nettopp regionens største mediehus gir han denne prisen, sidan Aftenbladet også er ein så viktig formidlar av historier frå regionen.

Juryen har bestått av Aftenbladets sjefredaktør og kulturredaksjonen. Me siterer vidare frå grunngjevinga:

"Men viktigare er det at han skriv så ujålete mot straumen, han skriv fram bankande hjarter, maksimalistiske menneske og heftige kjensler i ei tid der det minimalistiske og ørlite distanserte lenge fekk dominera."

— Det er ei kjekk grunngjeving, kommenterer Renberg, som lenge har hevda at den seriøse litteraturen i Norge, Sverige og Frankrike – men ikkje i UK eller USA – opererer i for tronge og elitistiske rom.

— Det som har med overflod og maksimalisme blir gjerne sett litt ned på. Mens denne forfattaren altså vil hevda at du også kan vera maksimalist på eit høgt nivå. Du kan skriva godt – eller dårleg – uansett kva måte du skriv på. Og eg vil altså skriva om folk.

Fersk roman

Og dermed er me ved punkt to: Denne helga når Renbergs blodferske roman "Angrep fra alle kanter" butikkhyllene. Boka er ein oppfølgjar av fjorårets "Vi ses i morgen". Og eigentleg var dei to bøkene meint som éi.

— Eg hadde det altfor kjekt og interessant med desse karakterane til å stoppa sirkuset. Men så såg eg at det blei altfor langt. Så eg måtte dela stoffet i to bøker. Hillevågsgjengen er tilbake. Så du må bare passa deg, seier Renberg.

Dermed møter du igjen Jani, Rudi og Chessi i Hillevågsgjengen. Men i tillegg får du bli kjent med til dømes Ben og Rikki frå Sandnes, nærmare bestemt Trones.

— Eg skal ikkje seia at dette er verdas første Sandnes-roman. Men eg trur det må vera verdas første roman med hovudpersonar frå Trones, seier Renberg, som har ein ambisjon om at romanane hans skal besøka ulike delar av fylket.

Ben og Rikki sniffar lim bak speidarhuset. Faren er gjerrig, mora psykotisk. Det går ikkje så bra.

— Dei to syns livet har gått litt i stå. Så dei søkjer jobb i Hillevågsgjengen. Der startar balubaet. Og baluba blir det, seier Renberg.

Les reportasje i lørdagens Pluss-magasin om då Renberg drog til Storbritannia for å slå gjennom i verdas kanskje tøffaste bokmarknad.

Publisert: