Fantasyfull dansk julefilm

FILM: «Julemannens datter 2» lener seg mot fantasysjangeren og kanskje litt mot Harry Potter.

Lucia og faren Julius, altså julenissen, må kle seg ut som dei fæle gråbrødrene for å få tilbake den magiske krystallen. Foto: Martin Dam Kristensen

  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 3 out of 6

Julenissens datter 2: Jakten på Kong Vinters krystall.

Originaltittel: Julemandens datter 2. Med: Ella Testa Kusk, Bertil Smith, Mia Lyhne. Norske stemmer: Mia Betten, Herman Nysæther Grinde, Stig Frode Henriksen, Johannes Joner m.fl. Sjanger: Eventyr / Familiefilm / Barnefilm. Regi: Christian Dyekjær. Nasjonalitet: Danmark, 2020. Aldersgrense: 6 år. Lengde: 1 time 32 minuttar.

Mens Svartnissen kvart år prøver å øydeleggja jula på Sola kulturhus, er det Gråbrødrene som prøver å ta knekken på kosen, gåvene og familiefreden i den danske julefilmen «Julenissens datter 2». Eg såg aldri film nummer éin, men også den handla om Lucia på rundt 12 år som bur på Grønland saman med mor og far. Faren Julius er altså julenissen – men framstår elles som ein ganske tafatt og stotrande kar i filmen.

På Grønland er landskapet svært udansk, med høge snødekte fjell, fantastiske – for ikkje å seia fantasy-aktige – slottsaktige bygningar og ein eigen internasjonal julenisseskule som gi assosiasjonar til ein viss Galtvort. Lucia er skulens beste elev, og blir peika ut til å ta imot Kong Vinter. Kongen ser ut som ein klassisk eventyrkonge og skal plassera ein magisk krystall i maskinen som lagar julegåvene. Utan krystallet, ingen julegåver.

Men dei kappekledde Gråbrødrene vil ikkje ha noko jul, den magiske krystallen blir borte. Dermed er det opp til Lucia og kompis Oscar å få den magiske steinen tilbake og redda jula.

Klassisk juledramaoppsett, altså. Nesten som på Sola.

Lucia og Oscar må få hjelp av ein blind vismann for å løysa gåta i «Julenissens datter 2» Foto: Martin Dam Kristensen

Her er rikeleg med magi, med flygande reinsdyr, magisk krystall, portalar inn til vinterriket og okkulte krefter. Omtrent som i Harry Potter. Men på langt lågare spesialeffektbudsjett. Og med lange strekk lagt til Viborg, som er samarbeidspartnar bak filmen og på visitviborg.dk skryt av å ha Danmarks hyggelegaste julemarknad.

Ella Testa Kusk er god i rolla som Lucia, men dette er elles ikkje filmen for fininnstilt karakterskodespel. Dei fleste vaksne framstår som relativt teite og eindimensjonale, slik det kanskje må vera i eit eventyr.

For dette er fantasi, karikert og lettbeint juleunderhaldning for barn, med stadig nye komplikasjonar og pussige episodar. Her er passe dramatisk dramatikk, ein heil del forsøk på humor.

«Julemannens datter 2» er på langt nær den beste julefilmen eg har sett, men heller ikkje den verste.

Publisert:
  1. Filmanmeldelse
  2. Anmeldelse
  3. Film
  4. filmer

Mest lest akkurat nå

  1. Da Tomas (14) landet i denne hoppe­gropen, ble han lam fra halsen og ned

  2. Denne gaven tar helt av: – Dette er all time high. Vi har aldri sett slike tall

  3. Farse har blitt Jærens mest populære lunsjrett

  4. Go-Ahead kutter avganger på Jær­banen allerede fra fredag

  5. Naboklager førte ikke frem. Omstridt Hundvåg-hus godkjent

  6. Stygge skader overskygget solid Oilers-seier: - Det er sånt som ikke skal skje