Arbeidarpartiet som svikta arbeidsfolk

BOK: Finn Olstad skriv kritisk, lesverdig og personleg om Arbeidarpartiets store hundreår i norsk politikk.  

På 1970-talet var forfattar Finn Olstad blitt student, og «merket tydelig at Arbeiderpartiet ikke traff «tonen» i tiden». Her er partiet samla til landsmøte i 1975, statsminister Trygve Bratteli og parlamentarisk leiar Odvar Nordli sit som nummer to og tre frå venstre. Foto: Erik Thorberg

  • Tom Hetland
    Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet
Publisert: Publisert:

Grade: 5 out of 6

Finn Olstad: En historie om Arbeiderpartiet. Fra arbeiderpopulister til verdensborgere. 335 sider. Dreyers Forlag Oslo.

Arbeidarpartiet er i trøbbel. Valet til hausten kan bli historisk. For første gong sidan 1924 risikerer «ørna blant partia» å ikkje bli største parti i eit stortingsval. På enkelte målingar er Arbeidarpartiet passert av både Høgre og Senterpartiet. 

Så dominerande har Arbeidarpartiet vore i norsk politikk at det gir meining å snakka om at me har levd i eit «sosialdemokratisk hundreår». Finn Olstads høgst lesverdige historie om partiet har då også preg av ei allmenn norgeshistorie. Men det er samtidig eit kritisk debattinnlegg om partiets kurs. 71-åringen Olstad har bakgrunn frå arbeidarmiljø på Gjøvik, og vedgår i forordet at han «føler seg sviktet av et parti som ikke lenger framstår som talerør for vanlige arbeidsfolk». At dette blir skrive av ein historieprofessor kan synast paradoksalt, men viser kor sterk arbeidaridentiteten kan vera også blant folk som har levd eit langt liv i eit akademisk miljø.

Det er rart å tenkja på at Arbeidarpartiet for hundre år sidan var eit erklært revolusjonært parti, full av begeistring for Lenins nye Sovjetrussland. Olstad vel for sin del å kalla partiet «arbeidarpopulistisk». Han vil visa både at det finst andre variantar av populisme enn den høgreorienterte som oftast er tema for dagens debattar, og at den revolusjonære retorikken ikkje stakk så djupt. Olstad lar det skina gjennom at Martin Tranmæl og dei andre Ap-leiarane nok hadde det mest i kjeften. «Tranmæl ble brannstifteren uten fyrstikker,»  heiter det med ein av forfattarens treffande formuleringar.

Dei vanskelege 70-åra

Så går historia sin gang. Arbeidarpartiet seier farvel til Moskva, omfamnar det parlamentariske demokratiet, tek leiarrolla i gjenreisinga etter krigen og fører Norge inn i Nato og det vestlege økonomiske samarbeidet. Einar Gerhardsen «ville i utgangspunktet skape grunnlaget for et sosialistisk samfunn, han endte opp med å lede noe som lignet en amerikansk klientstat,» spissformulerer Olstad.

Det var likevel i desse etterkrigsåra at partiet var på toppen av sin popularitet. Forfattaren skriv seg sjølv inn i historia, og konstaterer at «vi som vokste opp i 1950- og 1960-årene var heldige». Men i  neste tiår har Olstad blitt student, og minnest at «vi som ble voksne i 1970-årene, merket tydelig at Arbeiderpartiet ikke traff «tonen» i tiden».

«Tonen i tiden» var ein protest mot alle slags autoritetar. Det måtte også ramma eit styringsparti som var kjenneteikna av streng disiplin. Dessutan kom det nye saker på dagsordenen: EU, miljø, likestilling, innvandring. I slike meir verdibaserte spørsmål kunne ein ikkje ta for gitt at  den tradisjonelle industriarbeidarklassen og den nye middelklassen som kom ut av utdanningssamfunnet nødvendigvis hadde felles syn. Partiet hamna i ein spagat som det vart stadig meir krevjande å stå i dei neste 50 åra.

«Moral på verdensborgernes premisser»

Finn Olstad plasserer seg ikkje i bås. Dei kritiske vinklingane hans kan vekselvis vera inspirerte frå både venstre og høgre. Den raude tråden er likevel bildet av eit parti som gradvis fjernar seg frå kulturen og kampsakene til arbeidarklassen og blir meir opptatt av verdi- og identitetspolitikk. 

Og i tråd med internasjonale trendar omfamnar partiet marknaden. Paradoksalt nok skjer det med den gamle radikalaren Einar Førde («en pragmatiker i rød frakk») som fremste vegvisar for kursendringa. Samstundes understrekar Olstad at partiet under Gro Harlem Brundtland klarte å kombinera denne vendinga med ein ambisiøs velferdspolitikk. I god Ap-tradisjon hadde den sine paternalistiske, eller kanskje heller maternalistiske, trekk: «Staten var som den gode mor som ville det beste, visste best og alltid gjorde det beste for at barna skulle følge den rette vei.»

I analysen av dagens Arbeidarparti er Olstad inspirert av briten David Goodharts inndeling av folket i «anywheres» og «somewheres» - det vil seia «verdsborgarar» som omfamnar globalisering, forandring og mangfald kontra dei meir stadbundne som er knytte til nasjon, tradisjon og lokalsamfunn. Problemet for Ap er at partiet historisk burde vore talerøyr for dei stadbundne, men at det i staden «er blitt et parti for den høyere moral på verdensborgernes premisser». Denne teorien seier ikkje alt om krisa i Arbeidarpartiet, men forklarer nok langt på veg kvifor gamle Ap-veljarar i strie straumar har gått til Senterpartiet dei siste åra.

Olstad vil ikkje avskriva Arbeidarpartiet. Han held vegen open for at partiet igjen kan bli eit arbeidarparti, og dermed nærma seg gamle høgder. Kor realistisk dette er, og kva val partiet har i eit samfunn som er dramatisk forskjellig frå det som Ap vaks seg stort i, skriv han lite om. Her kan heller ikkje historikaren gi svar. Olstad innrømmer då også at det er «med ulyst» han nærmar seg samtidshistoria. Men blandinga av historieskriving og politisk kritikk har gitt oss ei engasjerande bok, av ein akademikar som ikkje er redd for å gå inn i si tid. 

Publisert:

Bokanmeldelser

  1. Utrivelig roman nominert til Nordisk råds litteraturpris.

  2. Nådelaus roman om Danmarks Benjamin Hermansen-sak

  3. En siddis slåss best i nye Adidas

  4. Underholdende familiesaga om rase og identitet

  5. Ho skal ha ros for å gå mot trenden

  6. Gripende og provo­serende om Kielland-saken

  1. Bokanmeldelser
  2. Bokanmeldelse
  3. Anmeldelse
  4. Arbeiderpartiet (Ap)
  5. Sakprosa