Nesten komisk dårleg

FILM: «Antebellum» fungerer verken som thriller eller politisk kommentar til rasekonflikten i USA.

Janelle Monáe spelar rolla som den vellukka forfattaren som blir slave – og gjer opprør.

  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 2 out of 6

Antebellum

Med: Janelle Monáe, Jena Malone, Jack Huston, Gabourey Sidibe. Sjanger: Thriller. Regi: Gerard Bush, Christopher Renz. Nasjonalitet: USA, 2020. Aldersgrense: 15 år. 1 time, 46 minutt.

Alle som har høyrt ei nyheitssending eller opna ei avis i 2020, har fått med seg at USA er eit ekstremt polarisert samfunn. Demokratar står mot republikanarar. Etter regelrette politidrap på svarte menneske, har Black Lives Matter-rørsla fått oppslutning langt utanfor dei svartes rekker. Gatene i fleire amerikanske byar har blitt fylt av tusenvis av demonstrantar, men også av aggresjon, vald og våpen. Så polarisert er det amerikanske samfunnet blitt, at enkelte i ramme alvor snakkar om sjansen for ein ny borgarkrig.

«Antebellum» startar med eit langt og flott kamerastrekk som tek oss tilbake til den førre borgarkrigen, til ein bomullsplantasje i dei gamle sørstatane. Det er flott filma, men scenen er grim. Den viser plantasjeeigarar og sørstatssoldatar som bankar, drep og undertrykker svarte slavar. I den første tredelen av filmen er alle med kvit hudfarge gjennomført og utspekulert vonde, mens alle med svart hudfarge er undertrykte og hundsa – men eigentleg opprørske og tapre.

«Antebellum» viser eit slavesamfunn der det ikkje er grenser for vondskapen dei kvite slavedrivarane utviser. Foto: Matt Kennedy

Sidan traileren og marknadsføringa av filmen allereie har røpt at hovudpersonen Eden (Janelle Monáe) eigentleg er ein vellukka, velutdanna forfattar som lever i vår tid, kan også eg røpa det. For neste del av filmen er eit tilbakeblikk på hennar moderne liv. Mellom mykje inkjevetta babling i familien eller med veninner, viser også dette strekket – heilt konsekvent – korleis svarte blir utsett for systematisk rasisme – av alle kvite, minus ein yogainstruktør. I den moderne verda skjer det ikkje gjennom pisking eller brennemerking, men gjennom å få det dårlegaste bordet på restauranten, dårleg sørvis, undervurdering.

Alt dette er brennbare og aktuelle tema i dagens USA. Med dei rette manusforfattarane og regissørane, kunne det blitt ein interessant film - med gråtonar, dilemma, mat for tanken. Men dette svart-kvitt-manuset held rett og slett ikkje mål, noko som også pregar skodespelet. Filmen blir både grunn, unyansert, forvirrande og retningslaus. Og til slutt tippar det over, blir det eigentleg for dumt, ein b-film, nesten til å le av, hadde ikkje temaet vore så alvorleg. Vil du sjå ein god film om slaveri, sjå heller Oscar-vinnaren «12 Years a Slave» frå 2013.

«Antebellum» sluttar med ein særs tvilsam moral. Meiner langfilmdebutantane Bush og Renz at løysinga på USAs rasekonfliktar er sadistisk vald?

Publisert:
  1. Filmanmeldelse
  2. Film
  3. Anmeldelse
  4. USA

Mest lest akkurat nå

  1. Sirdal-ordfører: – Kan i verste fall ta dager før strømmen er tilbake

  2. Dette er den nye tv-serien du skal sjå

  3. Slåssing utenfor ungdomsklubb på Bryne

  4. Skjenking må vente. Barna får lettelser. I neste uke blir det dag for dag-vurderinger

  5. Travel dag for eieren etter at naustet knelte

  6. – Vi må nok bruke dagen til å måke oss ut av hytta