Symfonisk sjarmoffensiv

Vil du dirigera ei symfoniorkester? Prøva deg på kontrabass? Møta den ytrydningstruga oboen? Søndag var det open dag med Stavanger symfoniorkester i Stavanger konserthus.

Publisert: Publisert:

SSO-musikar Eirik Stangenes lærer Sanne Kjøsnes Ormøy grunnleggjande fiolin. Foto: Anders Minge

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Eva Gundersen spelar sine første fiolintonar. SSO-fiolinist Bjarte Mo hjelper til. Foto: Anders Minge

– Eg har aldri spelt fiolin før. Ikkje cello heller, seier Sanne Kjøsnes Ormøy.

Ho er seks og eit halvt år og har saman med ein skokk andre ungar akkurat gjennomført sin første konsert i Stavanger konserthus, Zetlitzsalen. På programmet stod «Fader Jacob», «Per Spelmann» og «Kjerringa med staven». Total innøvingstid: 5 minuttar.

Korleis det går an? Vel, søndag inviterte Stavanger symfoniorkester (SSO) til open dag i Stavanger konserthus. 1900 vaksne og barn sverma rundt i etasjane, og stilte seg i kø for å prøva noko dei aldri har gjort før.

Les også

SSO byr på opera, Andsnes, jubileumskonserter og en ny gjesteartist

Les også

Lystig og himmelsk

I Zetlitzsalen fekk ungane altså prøva seg på strykeinstrument, frå fiolin til kontrabass. Og etter nokre få minuttar med instruksjon frå symfoniorkesterets eigne sjakettkledde musikarar, framførte dei ein minikonsert saman, dei store og dei små, proffane og amatørane. Stolte foreldres mobiltelefonar gløda.

– Det var kjekt, seier Sanne etterpå.

– Me vil rett og slett at folk skal koma til konserthuset og møta orkesteret på ein annan måte enn til vanleg. Me vil at folk skal koma nærmare både instrumenta og musikarane enn når publikum sit i salen og orkesteret på scenen, seier orkesterformidlar Ingvild Rosenberg i SSO.

Det er ikkje til å leggja skjul på at gjennomsnittsalderen på symfoniorkesterets faste abonnentar nok ligg ei generasjon og to over ungane som søndag fekk prøva seg som symfonikarar. Men nettopp derfor er det viktig for å orkesteret å nå ut til nye grupper.

– Dette er vårt framtidige publikum. Det er viktig at me byggjer alliansar med dei allereie frå barnsbein av, seier Rosenberg.

Sophie Warne dirigerer sitt første symfoniorkester. Foto: Anders Minge

Framtidas dirigentar?

Oppe på VIP-rommet får ungane prøva seg som dirigentar. Tvillingane Sophie og Kasper Warne på åtte år er blant dei som svingar taktstokken. Det er fjerde året familien er på open dag, foreldra Harvey og Claire rosar tiltaket.

– Sophie liker musikk veldig godt. Dette er ein veldig fin sjanse for henne til å prøva ulike instrument, seier far Harvey.

Sophie stod i kø for å dirigera i fjor også, men då det blei hennar tur, svikta motet. I år torde ho, og tykte det var stas. Sjølv om ho ikkje veit kva song orkesteret spelte.

– Pleier du å høyra på den typen musikk sjølv?

– Nei.

– Kva musikk liker du å høyra på, då?

– Marcus og Martinus.

Harpe er eit utrydningstruga instrument. Her testar Bibi Kooij (8) harpa saman med søster Mia (3) og far Justin (42). Foto: Anders Minge

Utrydningstruga instrument

Nede i bar-etasjen får ungane ein demonstrasjon av harpe og obo. Det er ikkje tilfeldig.

– Det ligg ein pedagogisk tanke bak alle postane. Kanskje kan nokon bli inspirerte til å begynna å spela eitt av desse instrumenta om dei får prøva seg? seier Rosenberg.

Faktum er nemleg at det ikkje bare trengs rekruttering på publikumsfronten innanfor klassisk musikk, men også av musikarar. Kor mange kjenner du som spelar obo, harpe eller kontrabass? Ingen, sant?

– Obo, harpe og kontrabass er utrydningstruga instrument. Derfor har me spesielt fokus på dei i år, seier Rosenberg. For om få eller ingen begynner å spela desse instrumenta, vil det etter kvart ikkje finnast lærarar til å utdanna nye generasjonar oboistar, og til slutt heller ikkje harpistar på høgt nok nivå til å fylla plassen i symfoniorkestra.

– Kva seier musikarane om ein slik dag; å vera så tett på så mange barn?

– Musikarane tek det veldig bra, sjølv om det er ein lang og krevjande dag. Dei skjønar også at dette er ekstremt viktig arbeid. Det jobbar mange idealistar her, svarer Rosenberg.

Matylda Spiewak dirigerer for første gong, med litt hjelp frå mor Katarzyna. Foto: Anders Minge

Funkar det?

Så. Funkar det? Har Sanne på seks og eit halvt lyst til å begynna å spela fiolin etter at Eirik Stangenes har vist henne korleis ein svingar bogen over dei fire strengene?

– Kanskje, svarer Sanne:

– Kanskje fiolin. Eller kanskje piano. For me har pianokrakk heime.

– Pianokrakk?

– Ja.

– Ikkje piano?

– Nei. Me hadde, men det blei øydelagt. Nå har me bare krakken igjen.

Sverre Svanes Kolbu er bare tre år. Her prøver han ein fiolin for første gong. Foto: Anders Minge

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Warholm reagerer på at Ingebrigtsen fikk kongepokalen: – Jeg vil ha en begrunnelse

  2. Bytyqi med ny drømmescoring da Viking slo tilbake

  3. Se Gospel Church her

  4. Bilbrann på fylksvei 44

  5. City Bistro legger ned etter 33 år: - Det er trist, men vi ser ingen annen utvei

  6. Front­kolli­sjon på E39 i Lyngdal

  1. Musikk
  2. Klassisk musikk
  3. Rekruttering
  4. Stavanger