Kunstnarstipend til sju Rogalands-kunstnarar

Biletkunstnarane Anna Ihle og Elin Melberg. Forfattarane Kristin Auestad Danielsen, Terje Torkildsen og Torild Wardenær. Musikaren Thomas Dybdahl og filmkunstnaren Siri Bråtveit er dei heldige sju rogalandskunstnarane som får arbeidsstipend frå Norsk kulturråd.

Thomas Dybdahl er ein av dei sju rogalandskunstnarane som får arbeidsstipend frå Norsk kulturråd. Foto: Carina Johansen

  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

– Arbeidsstipendet betyr nesten alt for meg. Det betyr at eg kan dedikera all mi tid til kunsten, seier Anna Ihle. Biletkunstnaren - som var Årets stavangerkunstner i 2018 - fekk før helga beskjed om at ho får tre års arbeidsstipend frå Norsk kulturråd. Ihle har tidlegare fått arbeidsstipend for yngre/nyetablerte kunstnarar.

Sist veke delte Norsk kulturråd ut totalt 861 stipend frå Statens kunstnarstipend. Kunstnarstipenda og garantiinntektene skal gi kunstnarar sjansen til å fordjupa seg i sitt eige kunstnariske arbeid. Særleg arbeidsstipenda heng svært høgt og er veldig viktige for den kunstnariske produksjonen i Norge.

– Stipendordningane bidreg til kunst som elles ikkje ville blitt skapt og til å byggja eit breitt spekter av kunstnarskap, sa utvalsleiar i Statens kunstnarstipend Trude Gomnæs Ugelstad i pressemeldinga som følgde med offentleggjeringa.

8521 søknader

23 ulike stipendkomitear med 120 medlemmer har behandla totalt 8521 søknader i årets runde. Tildelingsprosenten om ein ser alle søknader under eitt, er ifølgje Kulturrådet 10,1 prosent. Kunstnarisk kvalitet og aktivitet er ifølgje Gomnæs Ugelstad kriteria når stipendkomiteane bestemmer kven som skal få pengar, men utvalet følgjer også med på blant anna geografisk spreiing.

– Tildelingane speglar i stor grad bustaden til norske kunstnarar, seier Gomnæs Ugelstad.

I år var det altså sju av søkjarane frå Rogaland som fekk tilslag på dei attraktive arbeidsstipenda. Stipendet garanterer ei årsinntekt på 282.222 kroner. Melberg og Ihle får stipend i tre år, forfattarane får to år kvar og Dybdahl eitt år.

I tillegg er filmkunstnaren Siri Bråtveit, opphavleg frå Suldal, éin av dei 78 som får arbeidsstipend for yngre/nyetablerte kunstnarar, i eitt år.

Anna Ihle får arbeidsstipend i tre år. Det betyr enormt mykje for ein kunstnar som ikkje lagar prosjekt som er salbare i ein kommersiell marknad - men som held høgt, kunstnarisk nivå. Foto: Aasland, Jarle

– Betyr enormt mykje

– Utan arbeidsstipendet må ein skaffa pengar frå andre stader. Eg gjer få prosjekt, og dei er ikkje salbare i ein brei, kommersiell marknad, så for meg betyr dette enormt mykje, seier Ihle. Ifølgje Aftenbladets kunstmeldar Trond Borgen laga ho gull av gråstein då ho stilte ut ved Rogaland kunstsenter i fjor haust.

I tillegg gir den garanterte inntekta Ihle ei økonomisk ro som gjer det lettare å fokusera på kunsten ho skal skapa.

– Eg treng ikkje tenkja på korleis eg skal betala ned lånet. Eg treng ikkje bare kjøpa den billegaste gulosten, seier Ihle.

Stipendet gir i tillegg Ihle viktig motivasjon til å jobba fagpolitisk og engasjera seg i kunstnaranes fagorganisasjonsarbeid.

– Eg syns det er viktig at fleire skal få sjansen til å bruka all tid på kunsten når dei har utdanna seg seg til kunstnarar. Så med stipendet engasjerer eg meg meir fagpolitisk for å behalda stipend og mangfald i kunstlivet.

I tillegg til arbeidsstipenda fekk 18 rogalandsbaserte kunstnarar diversestipend på mellom 25.000 og 87.000 kroner

Les også

  1. Anna Ihle vil heller spise sviskekompott enn å drikke cocktail. Hun er praktiserende kristen, og ser opp til Oprah Winfrey og Elise «Ottar» Ottesen-Jensen

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Hun trodde hun skulle arve 4 millioner av søsteren. Men pengene gikk til Frelsesarmeen og SOS-barnebyer

  2. Sandnes: Krasjet i rundkjøring og løp fra stedet

  3. Gladnyhet om skatt i Stavanger

  4. MDG vil bruke statlige milliarder på oljenedstenging og omstilling. MDG forstår ikke hva næringslivet driver med

  5. Å la være å la seg vaksinere er oppsiktsvekkende uansvarlig

  6. Er du lei av møblene dine? Her er seks tips for å se på dem med nye øyne.