Blues og kverulering på Påfyll

Kåkå kverulantkatedralen flyttar frå Sting Nere til Påfyll. Der er allereie Stavanger bluesclub, så nå blir det både blåtonar og krangling i Kirkegata 36.

Publisert: Publisert:

Jan Inge Reilstad (t.v.), Egil Karlsen og Birk Florian Fischer Magnussen framfor scenen på Påfyll. Her blir det både konsertar og debattar framover. Foto: Jon Ingemundsen

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
  • Jon Ingemundsen
    Fotojournalist

– Me flyttar frå Sting med ei viss sorg. Men gleda er desto større over å koma hit. Ambisjonen er å bli eit skikkeleg kulturhus, seier Kåkå-sjef Jan Inge Reilstad.

– Her er stor fleksibilitet og god plass. Den eine dagen kan 230 folk hoppa i takt med god, levande musikk. Den neste dagen kan det vera debatt, seier Egil Karlsen i Stavanger bluesclub.

Me sit i andre etasje i Kirkegata 36. Akkurat nå ser det litt ut som ein byggeplass, men allereie 11. mai inviterer Kåkå maksimalt 40 publikummarar til «Politisk bar» der Trond Birkedal spør om oljå treng respirator.

Les også

Kåkå ber folk bidra med kroner

Les også

Abid Rajas sveis

Les også

Fornuftig reformskroting

Tradisjonsrikt lokale

Lokalet har sidan etableringa som fråhaldskafe og biljardsalong i 1917 hatt mangt eit namn – som Inter, Konsept, Valentinos og Opera – før det i 2017 blei Påfyll. Aldersgrensa blei til 20 år. Eigarane ville satsa meir på kultur og eit vaksnare publikum enn høg partyfaktor for dei yngste.

– Bluesklubben kom hit i slutten av 2017. Me likte scenen, at her er plass til 250 publikummarar, den vaksne og folkelege profilen, seier Karlsen.

Dermed har det vore faste blueskonsertar kvar tysdag, og livemusikk fredagar og laurdagar. Nå får musikkfolket selskap av friske debattar, når Kåkå kverulantkatedralen flyttar sin hovudscene frå Sting til Påfyll.

– Me har funne ein stad for framtida. Her er betre plass, bra scene og god stemning, seier Reilstad.

Nattklubb på Sting

Men kva ligg bak avgjerda om å flytta frå Sting Nere? Ifølgje Reilstad handla etableringa av Kåkå kverulantkatedralen og innflyttinga i eit ombygd Sting Nere om to mål for Kåkå-stiftarane Kristoffer og Signe Anne Stensrud.

– Dei ville både etablera ein ny debattarena og gjenskapa kulturhuset Sting, slik det var i Terje Vallestads tid. Men på desse seks åra klarte ein ikkje å gjenskapa kulturhuset, og når det nå har blitt nattklubb i kjellaren har det blitt sterkt begrensande for oss. Dessutan ligg Sting «off Broadway», så ein må jobba for å få folk dit, seier Reilstad.

I dag eig danske Rekom Sting, etter at dei kjøpte utestadene i Øivind Ekelands portefølje. Men Ekeland er sterkt involvert i drifta.

– Me har sett oss ned med dei nye eigarane og snakka om framtida. Men me kom til at det ville bli meirarbeid for begge partar, og då det blei klart at Sting Nere vil gå meir i retning klubb og bort frå kultur er det fantastisk å koma hit i staden, seier Reilstad.

Musikk, debatt og mat

Kontakten med Påfyll oppstod etter at Kåkå-folket i lange tider hadde gått forbi huset på veg til sitt eige kontor eit par hus lenger nede.

– Kåkånomics har brukte masse scener rundt om i byen, men aldri Påfyll. Men me har alltid lurt på kva som går føre seg der og kva slags lokale det er, seier programansvarleg Birk Florian Fischer Magnussen.

Dermed tok dei kontakt, kom på besøk – og blei samde. Og mens me sit der kjem Jia Wu innom og signerer sin kontrakt som dagleg leiar og kjøkkensjef.

Jia Wu har lang restauranterfaring. Her signerer han kontrakten som dagleg leiar og kjøkkensjef for Påfyll, som også skal servera god mat. Foto: Jon Ingemundsen

– Så nå blir det brun pub og debatt med gourmetmat, flirer Reilstad.

Ny hovudscene

Kåkå startar med å fylla éin dag i veka med debatt – men med tilgang til fleire dagar. I tillegg blir dette hovudscenen for alle festivalane kverulantkatedralen er involvert i, frå Kapittel, Schizofrenidagane og Sakprosafestivalen til flaggskipet Kåkånomics. Samtidig er ambisjonen å bli betre digitalt, på levande bilete og lyd, og kunna formidla meir av innhaldet sitt breiare og utanom dei enkelte arrangementa.

– Me sit med 500 timar opptak frå Kåkånomics 2019, der det var 100 arrangement på fire dagar. Det er mykje gull der, men det krev foredling, seier Magnussen.

Smitteverntiltaka legg sterke avgrensingar på kor mange folk som kan samlast på debattar og konsertar framover. Men Kåkå startar i det små – og planlegg for at det skal bli Kåkånomics i oktober.

– Me planlegg for fysiske arrangement. Så får me heller leggja litt om dersom det ikkje blir mogleg, avsluttar Reilstad.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Vil kaste Bandidos ut fra hus i Hillevåg

  2. Med to ord fikk han en samlet norsk samfunns­elite til å innse korona-alvoret

  3. Sjekk denne perlen fra Viking-spilleren: – Jeg bare la den i hjørnet

  4. Turistforeningen fra­råder populær tur ved Lysefjorden

  5. 18-åring mistet lappen etter å ha kjørt i 131 km/t på Motorveien

  6. Kjørelærer: – Mange må vente for lenge på å få kjørt opp. Nye bestillingsregler bidrar til kaos

  1. Kåkånomics
  2. Kåkå kverulantkatedralen
  3. Sting
  4. Jan Inge Reilstad
  5. Kultur