– Kulturkuttet må gjerast om

Venstres Jan Erik Søndeland hadde ikkje trudd at dei raudgrøne partia skulle starta sitt styre av Stavanger med å gå laus på kulturbudsjettet. Nå håper han på tverrpolitisk fleirtal for å gjera om på kutta.

Publisert: Publisert:

Venstres Jan Erik Søndeland (t.v.) håper han får ordførar Kari Nessa Nordtund og SVs Eirik Faret Sakariassen - som frå 1. januar også er styreleiar på Sølvberget - med seg på å reversera kulturkutta, blant anna til Sølvberget. Foto: Carina Johansen

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist

– Dei raude partia har aldri signalisert at dei skulle gå laus på kulturen om dei fekk fleirtal i Stavanger, verken i program eller debattar. Det er verkeleg urovekkande at dei startar sitt ny styre med dette, seier Søndeland.

Torsdag la det nye raudgrøne fleirtalet i Stavanger fram sitt første budsjett. Der kuttar dei nesten fem millionar i kulturbudsjettet, samanlikna med kommunedirektørens forslag. Verst går det ut over Sølvberget, som få to millionar kroner mindre av dei raudgrøne enn kommunedirektøren foreslo. Nest verst går det ut over det frie feltet, som til saman mister nesten ein million kroner i to pottar dei kan søka støtte frå.

LES MEIR:

Les også

Stavangers nye fleirtal kuttar millionar i kulturbudsjettet

Les også

Kari + Erna = sur musikk

Eit trist kutt

– Frode Myrhol i FNB seier på Facebook at dei gjer dette for å få netto driftsresultatet til å bli betre. Men det har knapt noko å seia for driftsresultatet å kutta i kultur. Venstre aukar kulturbudsjettet i sitt alternative budsjett - utan at det går ut over driftsresultatet, seier Søndeland.

Han meiner det er trist at dei raudgrøne kuttar i kulturbudsjettet. Og han er ikkje mindre urolig med tanke på framtida.

– Dei grunngir kuttet med dårlige tider. Men kommunedirektøren har sagt tydeleg at det ikkje blir betre økonomiske tider for Stavanger framover. Om dei må kutta i kultur nå, kan det bli veldig gale framover, seier Søndeland.

Han meiner Sølvberget er ein av dei viktigaste kulturinstitusjonane i Stavanger.

Sølvberget er viktig

– Sølvberget er viktig for store og små, for alle sosiale lag. Dette er ein smeltedigel. At dei raudgrøne kuttar der, utan forvarsel, er illevarslande.

Kuttet til pottane kunstnarane kan søka støtte frå, karakteriserer Søndeland som «heilt på trynet».

– Har ikkje desse partia site i kulturstyret dei siste fire åra? Har dei ikkje fått med seg kva dette går i? Skal Stavanger vera ein kulturby der ein faktisk kan leva og verka som fri kunstnar, må det finnast slike midlar.

I sitt alternative budsjett aukar Venstre ramma til Sølvberget og doblar ramma for kunstnarstipenda frå 1,4 til 2,8 millionar kroner.

LES OG:

Les også

Sparer 16.500 i året på ny søsken-rabatt

Les også

Gratis SFO gir jubel og håp om full dekning

Les også

Venstre vil ta fra de gamle og gi til de unge

Vil ha kompromiss

Nå håper Søndeland på eit kulturpolitisk kompromiss, på tvers av partigrensene:

– Kulturkutta er smålige. Dette er ikkje staden ein sparer dei store pengane, men desse pengane har enormt mykje å seia for dei som jobbar i feltet. Eg håper det kan bli ei endring på dette før budsjettet blir vedteke i desember.

LES OG:

Publisert:

Les også

  1. «Dei raudgrøne i Stavanger har så langt ingen kulturpolitiske idear eller ambisjonar»

Mest lest akkurat nå

  1. Familien pusset opp hele huset for 100.000 kroner. Endringen er total.

  2. E39: Bjerkreim lover fortsatt kamp mot R2 selv om det betyr forsinkelse

  3. Søppelsyndere avsløres av kamera: 3514 har fått tilsnakk

  4. Folken får uventet hjelp fra regjeringen

  5. Måling viser hvem som støtter Trump i Europa

  6. SUS er ikke feige!

  1. Kultur
  2. Jan Erik Søndeland
  3. Kulturpolitikk