Vakkert brev til Helga
TEATER: Frodig, melankolsk, morosamt, varmt og vemodig «Svar på brev frå Helga».
- Jan ZahlKulturjournalist

SVAR PÅ BREV FRÅ HELGA
Hordaland teater/Riksteatret. Sandnes kulturhus. Av Bergsveinn Birgisson. Oversatt av Johannes Gjerdåker. Med: Helge Jordal og Ragnhild Gudbrandsen. Dramatisering og regi: Stig Amdam. Scenografi: Åse Hegrenes. 1 time 15 minutt.
«Svar på brev frå Helga» av Bergsveinn Birgisson er ei perle av ei lita bok. Omfamna av kritikarane, elska av publikum, nominert til Nordisk Råds litteraturpris, vinnar av den islandske bokhandlarprisen i 2010. Den bør du lesa!
Men kan den litterære historia om den tilårskomne sauebonden Bjarne fungera på ein scene, som teater? Absolutt.
Stig Amdam har i si dramatisering og regi knadd og omrokkert på Birgissons gode tekst. Alt kjem dermed ikkje i same rekkefølgje som i boka, det nynorske scenespråket er hakket meir moderne enn det relativt arkaiske litterære.
Viktigare: Mens boka er eit langt brev, altså ein monolog, skrive frå Bjarne til ho som han elska, men valde bort, er Helga også med på å fortelja historia på scenen. Slik har Helge Jordal ein faktisk person å spela mot i Ragnhild Gudbrandsen, eit grep og eit samspel som fungerer godt i ein stor, open og kvit scenografi der veggene etter kvart viser duse projeksjonar.
«Svar på brev frå Helga» handlar altså om ein gammal sauebonde som ser tilbake på livet sitt. Han fortel om det ulukkelege ekteskapet med kona Unn, om dei sterke, ofte erotiske, kjenslene som oppstår i møte med Helga, som bur på nabogarden med mann og barn. Og om valet han på eit visst tidspunkt må ta, når ho vil at han skal flytta med henne, bort frå den vesle slektsgarden og til Reykjavik, for å stifta familie saman. Han seier altså nei, eit val han må leva med resten av livet. Det handlar framfor alt om å velja kjærleiken eller ei, men også om ei brytning mellom gamle dagar og den nye tida, om å velja tradisjonen ute på landsbygda eller byen.
Helge Jordal spelar den gamle mannen med stort truverde. Men han kan like gjerne bli ung, kåt og spretten når han tenkjer tilbake. Gudbrandsen tilfører ein fin tone til Helga, ho som også mistrivst der ho er, men som vil gjera noko med det, koma seg bort. På scenen blir Helga til kjøt og blod.
Dette er sogeforteljing i den rike, islandske tradisjonen. Det er frodige forteljingar, sanselege skildringar av natur, dyr, erotikk. Her er mykje melankoli, morosame soger og digresjonar. Samtidig ligg her eit alvor under, ei djupn som blir tydelegare etter kvart som soga skrid framover, og som gjer at du til slutt blir sitjande att med blanke auge og tjukk hals. Og håpa at du sjølv ikkje vel feil.