Gull av Steen

BOK: Hans Olav Lahlum har skrive eit storverk om ein av dei mest fargerike, omstridde og rykteomspunne personane i norsk politikk.

Publisert: Publisert:

Reiulf Steen var formann i Arbeidarpartiet frå 1975, her saman med Gro Harlem Brundtland som var nestformann frå same år. Foto: Henrik Laurvik

  • Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet

Grade: 6 out of 6

Hans Olav Lahlum: Reiulf Steen – Historien, triumfen og tragediene. 671 sider. Cappelen Damm.

Reiulf Steens liv (1933-2014) kan lesast både som eit folkeeventyr, ein gresk tragedie og ein såpeopera. 

Steen var den sjølvlærde fattigguten frå Sætre i Hurum som nådde heilt til topps i det statsberande partiet, ein mann med eit stort og alltid nysgjerrig intellekt, den beste talaren og skribenten Arbeidarpartiet har hatt i nyare tid. Men han var også ein mann plaga av tvil og angst. Han miste faren, storebroren og sin beste politiske ven i unge år. Han sleit med alkoholmisbruk og alvorlege fysiske og psykiske helseproblem. Skandalar, rykte, kvinnehistorier, lekkasjar og maktkamp følgde Reiulf Steen gjennom heile hans politiske karriere. Han var den einaste Ap-formannen i etterkrigstida som aldri vart statsminister. Få undra seg over det.

Denne boka har fengsla meg som knapt nokon biografi tidlegare

Ti år har Hans Olav Lahlum brukt på å skriva biografien om Reiulf Steen. Omfanget står i stil med tidsbruken. Sjølve teksten er på 484 sider, kjeldetilvisingane og litteraturlista på 139. 137 munnlege kjelder er oppgitt. Registeret over personar som er nemnde spenner frå Arnt Haugen, «trekkspillvirtuos, journalist og avisdistributør» til Jesus Kristus, «religiøs og politisk leder». Det er nesten til å missa pusten av.

Les også

Ærleg og opprørande om Mímirs sjuke mor

Likevel – denne boka har fengsla meg som knapt nokon biografi tidlegare. Ein ting er livsdramaet til Reiulf Steen i seg sjølv. Men Lahlum skriv også godt – sakleg og nøkternt, men heile tida med spenningselement, velplasserte anekdotar og treffande sitat, dei siste rett nok i blant i lengste laget.

Ryktet om Gro

Forfattaren går tett inn på Reiulf Steens turbulente privatliv. Det inkluderer også det sterke ryktet som har gått om eit seksuelt forhold mellom Steen og Gro Harlem Brundtland på 1970-talet. I ein samtale i 2012 stadfesta Steen på direkte spørsmål frå Lahlum at det hadde vore eit slikt kortvarig forhold, og han skal ha sagt det same til personlege venner. Gro har heile tida avvist det kontant.

Les også

Kulturkrigen på KrF-grasrota

Skal ein først skriva om denne typen sladder – og det kan godt forsvarast med tanke på den store utbreiinga ryktet fekk også utanfor Norges grenser – så er Lahlums handtering heilt etter den profesjonelle historikarboka. Han prøver på kjeldekritisk vis å finna ut kva som er sant eller sannsynleg, og klarer ikkje å finna støtte for at det skulle ha vore noko seksuelt forhold. At Reiulf Steen kunne ha ønskt det slik, er ei anna sak. Lahlum refererer fleire eksempel på at han kunne vera påtrengande overfor kvinner, på ein måte som fleire reagerte på også i ei før-metoo-tid.  Elles er det forfattaren sitt prisverdige prinsipp, her som elles, å leggja fram sine fakta og resonnement og la lesaren dra sine eigne konklusjonar.

Partiformann i krisetid

Biografien om Reiulf Steen handlar ikkje berre om mennesket, men også om Partiet. Hans Olav Lahlum har inngåande kjennskap til styringstradisjonane i Arbeidarpartiet, ikkje minst frå arbeidet med bøkene om statsminister Oscar Torp og partisekretær Haakon Lie. Sjølv om mykje av det er kjent, er det likevel sjokkerande å lesa om forfallet i partikulturen på 1970- og 1980-talet. Arbeidarpartiet var visstnok ingen søndagsskule, men snarare ein barnehage for vaksne. I kaoset av intrigar og personmotsetningar var Reiulf Steen, som partiformann frå 1975 til 1981, både eit offer og i høgaste grad ein aktør.

Ein krevjande standard for framtidige norske politiske biografiar

Med dette vidare partihistoriske perspektivet er det likevel lettare å sjå dei positive bidraga frå Reiulf Steen,  som balanserer bildet av ein politisk fiasko. Lahlum dreg særleg fram Steens innsats for forsoning mellom ja- og nei-folk i partiet etter den bitre EF-kampen først på 1970-talet, og hans forsøk på å opna opp den lukka og autoritære partiorganisasjonen. Han viste seg mange gonger framsynt, for eksempel var han tidleg ute med å forstå kor viktige miljøspørsmåla ville bli. Og han forstod at Arbeidarpartiet også måtte fanga opp den nye, velutdanna middelklassen. Men arbeidarklasseguten i han reagerte då denne klassen etter kvart tok meir og meir over i partiet. Jonas Gahr Støre vart aldri hans mann.

Lahlum kallar Steen ein «moderat venstreradikalar». Uttrykket er paradoksalt, men dekkande. Steen var radikal og djerv i retorikken, men oftast tilpassingsdyktig i praktisk politikk. Han let seg vanskeleg binda i bås, som då han mot slutten av livet hadde høge tillitsverv både i Europabevegelsen og i den globaliserings- og frihandelskritiske organisasjonen Attac.  Reiulf Steen var aldri lett å få grep om. Men Hans Olav Lahlum har gjort eit imponerande forsøk, og med det sett ein krevjande standard for framtidige norske politiske biografiar.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. – De to naustene til kong Salomo og Jørgen hattemaker

  2. Sykepleier mener SUS-ansatte får munnkurv: – Mange er redde for å si fra

  3. To menn avslørt av overvåkningskamera

  4. Valon Berisha klar for ny klubb

  5. Truer med nedleggelse av Bedriftshotellet

  6. Nesten ingen smittet på byen

  1. Hans Olav Lahlum
  2. Gro Harlem Brundtland
  3. Politikk
  4. Arbeiderpartiet (Ap)
  5. Anmeldelse