Hilde Selvikvåg håper sin nye låt kan gje motivasjon og ei god kjensle

Låten «Fryd» vart plutseleg veldig passande denne våren. Det hadde ikkje Hilde Selvikvåg trudd då ho skreiv den i fjor.

Publisert: Publisert:

Hilde Selvikvåg synest det er veldig stas at både P1 og P3 har lista den nye singelen «Fryd». Foto: Ole Martin Halvorsen

  • Marie Håland
    Journalist

– Plutseleg kom korona, og då vart denne songen veldig aktuell. Eg måtte berre sleppe den no, seier Selvikvåg som 8. mai slapp singelen «Fryd».

I fjor skreiv ho låten som handlar om å behalde trua og håpet på at alt vil bli bra igjen. Ho forklarer at den kan handle om mykje, til dømes å ha det tøft i kjærleiken, og på jobb.

– Men fryden handlar om glede, og den er det viktig å nyte av og til. Eg trur alle treng å kjenne på litt fryd, og eg håper låten vil gje motivasjon og ei god kjensle.

Inspirert av dikt

Ho hadde aldri sett føre seg at teksten ho skreiv i fjor kom til å passe så godt i vår.

– Eg skreiv noko om at det alltid vil vere ein regnboge å nå, og det syntest eg eigentleg var litt teit. Men no har han vore over alt, så det er akkurat som eg visste det då.

Les også

Hilde Selvikvåg hyller familien i ny låt

Det var diktet «Ja visst gör det ont» av Karin Boye som inspirerte Selvikvåg.

– «Ja visst gör det ont när knoppar brister» står det, og det handlar jo litt om det. For å få det bra med seg sjølv så må du ha det litt vondt først og ta nokre kjipe val. Det er ein prosess der du blomstrar til slutt.

Strøymekonsert gav meirsmak

Fredag 22. mai er ho klar med sin, og Tou Scene sin, sin første fysiske konsert etter koronautbrotet.

– Det blir fint å sjå smil og reaksjonar, og å høyre applaus igjen.

Les også

– 11–12–13–14 spillejobber bare forsvant

I slutten av mars prøvde ho seg òg på strøymekonsert på Tou Sessions. Det gav meirsmak for jærbuen.

– Det fine med strøyming var at dei som ikkje fekk gå på konsert til vanleg, endeleg fekk ein konsert. Og dei fekk kome tett på meg. Du sit ikkje på bakarste rad, men heller nesten i fanget mitt, og det var òg veldig fint. Korona har ikkje berre ført til avstand, men også nærleik.

Korona har også vore tida for å lære noko nytt.

– I det siste har eg lært meg musikkredigering, videoredigering, og blitt betre på sosiale medium. Eg lærer meg også gitar, og eg håper eg ein gong blir god nok til å kunne spele mine eigne songar på gitaren.

Fekk TONO-stipend

Elles har den siste tida vore tidvis bekymrande, seier Selvikvåg. Ho er derfor veldig glad for at ulike støtteordningar finst. Tidlegare i år vart ho tildelt kulturstipend frå Kulturrådet, og tysdag fekk ho TONO-stipend på 25 000 kronar. Det er eit stipend som skal stimulere til skaping av nye musikkverk.

Førebels blir det berre intimkonsertar framover på grunn av plass, men det synest ho berre er fint. No gleder ho seg til å stå på scenen på Tou fredag, og til framtidige konsertar.

– Det er kjekt å kunne kome litt tettare på folk. På fredag skal me lage ein koseleg kveld for dei som kjem, og gjere det beste ut av situasjonen.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Kafé i Sirdal legger ned driften

  2. Dagen før dette bildet ble tatt, fikk Anne Marit og Terje dødsdommen

  3. Stupeulykken i Godalen ble filmet

  4. Vil beholde 110 km/t i Rogfast: - Kan ikke spare oss til fant

  5. I stedet for å reise til Skagen, kommer nå norske turister til Jæren for å sykle

  6. Sykepleierleder reagerer på feil bruk av munnbind på flyplasser

  1. Konsert
  2. Musikk
  3. Tono
  4. Tou Scene
  5. Kultur