Debuterer med hasjroman

Tobias Nordbø debuterer med romanen «Hasj og høykultur» - som handlar om nettopp det. Han har hatt nokre nervøse netter for korleis dette vil bli lese heime på Finnøy.

Publisert: Publisert:

Tobias Nordbø er frå Finnøy, men bur nå i Oslo. Han debuterer med romanen «Hasj og høykultur». Foto: Rolf Øhman/Aftenposten

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

«Hasj og høykultur» startar med ei tilståing. Forteljarstemma Sebastian tilstår å ha selt 500 gram marihuana og oppbevart 100 gram hasj. Tobias Nordbøs debutroman handlar deretter om kva som skjedde med Sebastian. Om hasjrøyking, dopsalg, høgkultur, stonerar, festar, studier, vennskap, kjærleik, orgiar, brot, nedtur.

– La oss starta med at du tilstår korleis du har gjort research til denne romanen - frå hasjmiljøet i Oslo?

– Det var det, ja...

– Skildringane dine virkar ganske truverdige?

– Truverdig er bra. Eller: Kanskje pappa syns det kan virka i overkant truverdig, svarer Nordbø.

«Pappa» er i dette tilfellet humorist og musikar Torolf Nordbø. Kanskje betre kjent som «Han Innante».

– Har du tenkt på kor mange på Finnøy som kjem til å lura på kor mykje av dette du har opplevd sjølv?

– Ja. Eg må jo innrømma at eg har hatt ei nervøs natt og to for korleis dette skulle lesast. Men sånne ting du ikkje kan tenkja på når du skriv. Då må du bare kjenna deg heilt fri og skriva akkurat kva du vil.

Mykje skriving

Nordbø har ein mastergrad i litteraturvitskap og har jobba som humortekstforfattar for diverse tv-kanalar og komikarar. Han har jobba med boka i to og eit halvt år, og det kjendest fjernt at teksten nokon gong skulle bli gitt ut. Men bok blei det, på Aschehoug forlag - med Jo Nesbøs redaktør, Øyvind Pharo.

Romanens Sebastian studerer statsvitskap, og prøver å lura seg sjølv og omgjevnadene til å tru at han skal koma seg inn i UD og bli diplomat. Han røyker mykje hasj, og begynner også å selja dopet for å spe på økonomien. Men dei fleste han er i kontakt med, er ikkje stakkarslege stonerar, men studentar og ressurssterke folk som nyt både finkultur og hasj.

– Eg følte Norge mangla ein roman om filosfofi, dop, klasse og studentar - og tenkte at då fekk eg skriva den. Eg ville skriva ei sterk forteljing både for stonerar - som dermed også må lesa om opera og filosofi - og for høgkulturelle - som må lesa om stonerar, seier Nordbø.

Klasseaspekt

Det er mykje høgt og lågt i boka, både i kulturelle referansar og i sosiale klassar, både i Stavanger og Oslo - og litt satire.

– Norge skal liksom vera eit klasselaust samfunn. Men eg trur det finst eit sterkt klasseaspekt i måten me forheld oss til kvarandre. Kor kjem du frå? Kva jobbar du med? Kva klede går du i? Nordmenn ser overflater. Sidan mine karakterar ser ut som vanleg norsk ungdom, går det greit å selja dop, seier Nordbø.

Han syns også det er interessant å skriva om ein kar frå Stavanger - frå byen som har opplevd ekstrem og rask velstandsvekst dei siste tiåra - til Oslo, der klasseforskjellane er tydelegare og har eksistert lenger.

– Eg er kanskje litt øydelagd av å ha lese for mykje Houllebecq og Bourdieu. Det er ein universitetsskade å sjå alt sosiologisk. Men blant universitetsfolk i 20-åra er symbol som klede og kulturelle preferansar veldig viktige.

– Det gir deg veldig bra kulturell kapital å gi ut roman på Aschehoug?

– Ja, ikkje sant?

Les også

Kristoffer Joner med hasj-forslag på Ap-årsmøte

Rus og litteratur

Nordbø har lenge interessert seg både for rus og litteratur.

– Er du interessert i kultur, støter du raskt på rus. Innanfor rocken har til dømes rus alltid spelt ei viktig rolle, seier Nordbø. Han har også har lese mykje ruslitteratur, som Hunter S. Thompson, Rimbaud og Baudelaire.

– Har du skrive eit innlegg i rusdebatten?

– Eg kjenner til desse miljøa, og mykje i rusdebatten er tema mine karakterar tenkjer på. Som legalisering av hasj og erkjenning gjennom rus. Mitt bidrag kan vera å gi eit nytt bilete av stoneren, skildra han med humor og empati.

Nordbø trur norsk ungdom er i kontakt med rusverda i større grad enn foreldra deira er klar over.

Les også

Kamp på kniven om Joners hasj-forslag

– Eg trur ein del foreldre er litt naive. Kanskje spesielt i pietistiske Stavanger. I Stavanger er det piggane ut med ein gong det er snakk om rus, i Oslo er det meir avslappa.

– Syns du norsk narkotikapolitikk fungerer godt, eller ville du liberalisert noko?

– Eg meiner hasj bør avkriminaliserast. Romanen handlar om ein som får livet delvis ødelagt på grunn av forbodet. I Norge kan du drikka deg full i dagevis utan at det er eit problem, men tek du éin joint, kan det få store konsekvensar. Ikkje på grunn av sjølve røykinga, men på grunn av forbodet. Eg trur aldri me blir kvitt verken rusproblemet eller narkotikaen. Spørsmålet er korleis me skal forhalda oss til det.

Publisert:

Les også

  1. Frankrikes «Bernie Sanders» vil ha borgerlønn og fri hasj

Mest lest akkurat nå

  1. Frykter at mange barer må stenge etter nye koronatiltak

  2. Sjekk alle tiltakene: Innfører forbud mot skjenking av alkohol etter midnatt

  3. Nytt smittetilfelle i Sandnes

  4. Fly med over 180 passasjerer har krasjlandet i India

  5. Koronaens klasseskiller

  6. Frykter at sesongen kan ryke: – Det ser mørkt ut

  1. Litteratur
  2. Roman
  3. Rus
  4. Hasj
  5. Narkotikapolitikk