100 år med stemmerett for alle

— Det er viktig for menneskeverdet at ein har stemmerett, seier Tora Aasland. - Ved å bruka den, aktiviserer ein sin eigen verdi

Publisert: Publisert:

-Søk kunnskap først, dersom du vil endra samfunnet, seier Tora Aasland, og viser til kvinnene som kjempa fram stemmerett for alle kvinner i Norge. Foto: Jarle Aasland

  • Solveig Grødem Sandelson
    kultur- og debattredaktør
iconDenne artikkelen er over syv år gammel

Tora Aasland, Fylkesmann, tidlegare statsård, stortingsrepresentant og kommunepolitikar for SV, leiar fylkeskomiteen for demokratijubilea. Neste år er det 200 år sidan vi fekk Grunnlova. I år er det hundre år sidan alle kvinner fekk stemmerett i Norge.

— Vi skal feira at demokratiet vårt blei tilgjengeleg for alle, seier ho.

— Før vedtaket i 1913, måtte du anten vera rik eller mann for å ha stemmerett. Og sjølvsagt er stemmeretten i seg sjølv viktig. Her på Statens Hus har vi seremoniar for nye statsborgarar, det er ei markering av at ein får stemmerett. Ein får rett til å delta, det er eit viktig kjenneteikn på at ein blir akseptert.

Ein får rett til å delta

- Er det også ei plikt, slik du ser det?

— Eg syns nok det, ja. Det er ei plikt at eg, med min bakgrunn, mine erfaringar, med den eg er, deltar og avgir mi stemme. Vi skal velja representantar til å styra landet. Å ha stemmerett, og bruka den, er viktig for menneskeverdet.

— Viss vi tenkjer i generasjonar her, så er det faktisk ikkje så lenge sidan 1913?

— Min far blei fødd i 1913. Nå tilhøyrer eg den eldre generasjonen, men dei fleste som er aktive i dag, har kjent eller møtt nokon som levde den gongen.

Bakteppet

- Korleis fekk dei det til?

— Då vedtaket kom, i 1913, var det einstemmig. Argumentet dei fekk gjennomslag for, var at kvinner skulle ha same rettar som menn. Inntil då, hadde bare kvinner som hadde ein viss formue hatt stemmerett. Det høyrer sjølvsagt ikkje heime i noko moderne demokrati.

Det høyrer sjølvsagt ikkje heime i noko moderne demokrati.

Då Stortinget vedtok unionsoppløysninga i 1905, kravde svenskane at ein også måtte halda folkeavstemning om det. Kvinnene talde ikkje med. Leiande kvinner i alt etablerte organisasjonar for kvinnesaka, som Fredrikke Maria Kvam og Gina Krog, sette dermed i gang ein kvinneleg underskriftskampanje for unionsoppløysing, og samla inn imponerande 279 878 underskrifter frå norske kvinner.

Radikale Gina Krog var med på å starta fire organisasjonar for kvinnesaka, Norsk Kvinnesaksforening (1884), Kvinnestemmerettsforeningen (1885), Landskvinnestemmerettsforeningen (1898) og Norske Kvinners Nasjonalråd (1904). Ho var også redaktør for kvinnesakstidsskriftet Nylænde frå første nummeret i 1987, og til ho døydde i 1916. Inspirert av dei britiske suffragettene hevda ho heile tida prinsippet om likestilling mellom kvinner og menn, mens meir moderate krefter la vekt på å forbetra kvinners økonomiske kår. Tidlege barneår levde ho på Karmøy.

Fredrikke Maria Kvam leia Norske Kvinners Sanitetsforening gjennom ein heil generasjon, og var også leiar både i Kvinnesaksforeningen og Landskvinnestemmerettsforeningen.

Blant andre sterkt aktive kvinner finn vi sjølvsagt forfattaren Camilla Collett, og Fernanda Nissen, også radikal, og særleg engasjert i kvinners rett til utdanning. I Stavanger starta Anna Gjøstein Kvinnesaksforeninga i 1899, og etablerte seinare den aller første Husmorskulen i ein by.

Kunnskap og utdanning

— Ideane fekk kvinnene når dei kunne lesa. Det skulle ikkje vera forskjell på folk. Dei hadde sjølv kunnskap, og dei såg at utdanning var viktig, seier Tora Aasland.

Det skulle ikkje vera forskjell på folk

- Det ser vel også Taliban i Afghanistan verdien av, skal ein dømma etter kor hardt dei prøver å hindra jenter i å gå på skulen?

— Ja, det kan ein seia. Det er viktig å kunna hevda seg, ikkje vera den undertrykte. Det er også viktig å kunna ta igjen. Med ord, kunnskap og argument. Eller reint fysisk. Her heime har vi jo også arrangert sjølvforsvarskurs for jenter.

- I India ber kvinner nå om å få bera våpen, kva er det som skjer der?

— Eg trur ikkje våpen løyser problemet. Men dei veldige reaksjonane vi ser i India nå, både frå kvinner og menn, vil setja kvinnenes situasjon under debatt.

Det som krevst

Sjølv blei Tora Aasland kvotert inn i Nesodden Kommunestyre i 1975. Det har ho levd godt med.

— All erfaring viser at ein må starta med eit visst press, skal ein få til endringar, seier ho.

Alt er rosa for jenter nå

Kva h eng ennå igjen hos oss, som bør endrast?

— Lønn! Likelønnsproblemet har vi ikkje klart å løysa. Vi har fått mange kvinnelege sjefar og politikarar, og det er ikkje så verst i næringslivet heller. Kampen for likestilling har ofte gått på tvers av politiske skilje, eg trur eg har jobba saman med kvinner frå alle politiske parti om dette. Men når det gjeld likelønn, har ein til tross for gode forsett ikkje klart å få det til. Det viser også at min generasjon ikkje har vunne kampen for likestilling ein gong for alle. Den må vinnast om og om igjen. Eg trur ikkje generasjonen etter oss har vore seg like bevisste på det. For dette har også med haldningar å gjera. Norge utmerkar seg med eit sterkt kjønnsdelt arbeidsmarknad. Kvinner vel veldig tradisjonelt. Vi treng at fleire kvinner vel å bli ingeniør, vi treng å få fleire menn til å bli førskulelærarar og lærarar. Vi har hatt massevis av kampanjar for å få det til.

- Men har det virka?

— Ja, det må eg seia det har, sjølv om mykjte står igjen. Vi ser at fleire menn blir lærarar, men dei blir det gjerne på ungdomstrinnet, ikkje så mange på barnetrinnet. Vi har vore veldig bevisste på at barn treng både kvinner og menn som læremodellar. Det er også viktig for å få opp lønningane. Der må eit stort grep også gjerast ovanfrå i dei store organisasjonane. Det har ikkje heilt lykkast ennå.

Dei tradisjonelle vala unge kvinner ennå tar, ser Aasland som eit tilbakesteg for likestillinga.

— Alt er rosa for jenter nå, heilt frå dei blir fødde. Eg undrar meg over at mødre legg til rette for det. Men i sum er framstega så mange at eg lar det liggja.

Skjørteregimet på Utsira

I 1926 fekk Utsira den første kvinnelege ordføraren i Norge. Ho heitte Aasa Helgesen, var jordmor og hadde åtte barn.

— Utsira blei eigen kommune i 1925. Mennene som til då hadde sete som representantar i Torvastad kommunestyre, men høyrde til Utsira, rekna nok med at dei skulle fortsetja med det. Så blei det laga ei liste med bare kvinnenamn, det blei nyval, og kommunestyret bestod plutseleg av 11 kvinner og ein mann. Damene sa nei til at den eine mannen skulle bli ordførar. Skjørteregimet, blei dei kalla. Mange syntes det heile var pinleg, det blei klaga inn heilt til Justisdepartementet, men valet blei godkjent, og kvinnene på Utsira styrte i to og eit halvt år, fram til neste ordinære val. Det er viktig å ha dette bakteppe av aktive kvinner som har vist veg, når ein ser framover.

Mange syntes det heile var pinleg

- Kva kan andre, nå underrepresenterte grupper læra av dei? Korleis skal ein gå fram?

— Bruk tretrinnsmodellen: Det første er bevisstgjering, ein må skaffa seg kunnskap. Det andre er organisering. Gå saman, gjerne i ein organisasjon. Så er ein klar til handling, som er det tredje trinnet. Men kunnskap er fundamentalt. Som å vera bevisst på kva statistikk kan bidra med. Arbeidsgivarar i det offentlege har plikt til å følgja likestillingslova, og ta omsyn blant anna til forhold mellom kjønn når ein tilset nye folk. Viser statistikken at dette ikkje fungerer, må ein gjera noko md det.

- Eg trur ikkje lenger det er så mange jobbar der ein først og fremst vil bli oppfatta som kvinne når ein søkjer. For innvandrarar er det derimot annleis. Vi høyrer stadig at folk med utanlandske namn har vanskeleg for å koma til intervju, og arbeidsløysa blant innvandrarar som gruppe er tre gonger så høg som blant resten av folket. Er det rimeleg?

— Nei, det er det absolutt ikkje. Ein del av kvinnene kjem frå kulturar der forskjellane mellom kvinner og menn er mykje større. Det er viktig å få barna inn i barnehagen, læra seg norsk, og koma saman med andre, gjerne med etnisk norske. Ein må skaffa seg kunnskap, og bli med i debatten.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Endelig ute av isolasjon: Slik oppdaget Berisha at han kunne være koronasmittet

  2. Pasient tiltalt for draps­forsøk på lege

  3. Bekymret Solberg varsler nasjonale innstramminger

  4. På lang sikt ser det ganske mørkt ut for Stavanger, dersom det fort­setter som i dag

  5. Hårreisende og tragisk? Ordføreren er helt enig

  6. Silje rydder bare et kvarter hver dag. Likevel er det strøkent. Her er hennes beste tips