Jaglands bitre versjon

Thorbjørn Jagland er ikkje begeistra for Jens Stoltenberg, og åra rundt årtusenskifte var uforsonlege. Her frå november 2000, då Jagland var utanriksminister og Stoltenberg statsminister.

BOK: For Thorbjørn Jagland er politikken personleg, og skurken er Jens Stoltenberg. Han er best når han skriv om det internasjonale.

  • Tom Hetland
    Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet
Publisert: Publisert:
Grade: 4 out of 6

Thorbjørn Jagland: År i fred og ufred. Memoarer fra et politisk liv, bind II. 328 sider. Cappelen Damm.

Thorbjørn Jagland er ein mann det ikkje er lett å bli klok på.

Bak seg har han ein lang og stor politisk karriere. Han har vore statsminister, stortingspresident, leiar i Nobelkomiteen og generalsekretær i Europarådet. Det er han då også synleg stolt over. «Arbeidersønnen fra Lier hadde nådd helt dit», skriv han, når han som stortingspresident, nummer to i rang etter kongen og med «Oslos vakreste kontor», kan helsa barnetoget frå balkongen på 17. mai.

Samstundes gir også band II av memoarane hans, «År i fred og ufred», inntrykk av at det er ein tapar som skriv. Han er skuffa over partiet, som han meiner har svikta kampen for dei fattige og svake og for fred og internasjonalisme. Det gjekk så langt at han i 2013 ikkje kunne stemma på Arbeidarpartiet, i protest mot krigføringa i Libya: «Jeg (…) tok SVs liste og la den med skjelvende hånd i stemmeurnen.»

Bitre stikk mot Stoltenberg

For Jagland er politikken personleg. Han gløymer ikkje ei personleg fornærming eller forbigåing. Som i band I er også den siste memoarboka full av bitre stikk, framfor alt til Jens Stoltenberg og krinsen rundt han. Her nærmar Jagland seg til tider rein konspirasjonstenking. Rett skal vera rett, han har også godord å koma med til politikarkollegaer. Men dei høyrer som regel heime i andre parti: Kjell Magne Bondevik, Jon Lilletun, Anne Enger, Inge Lønning.

Les også

Jagland blir ikkje ferdig med det urettferdige

Slik sett blir boka eit vitnemål om kor hard og uforsonleg den indre striden i Arbeidarpartiet var i åra omkring tusenårsskiftet. Og som historisk dokument er den ufiltrerte, subjektive versjonen til Jagland av større verdi enn ei meir harmoniserande forteljing. Ein parallell: Historikarar flest har sett større pris på Haakon Lies flammande oppgjer enn Einar Gerhardsens milde memoarar, som er karakteriserte som «ei allmenn norgeshistorie».

Likevel er det noko som skurrar. Jagland seier seg i dag imot høgredreiinga av sosialdemokratiet på 1990-talet, fellinga av Bondevik 1-regjeringa på gasskraftsaka i 2000, innføringa av New Public Management-reformene og delprivatiseringa av Statoil under Stoltenberg 1-regjeringa. Men då det skjedde, var Jagland partileiar, og han var utanriksminister i Stoltenbergs regjering. Han markerte ikkje usemje offentleg, men følgde med på ferda. I boka skriv han om Statoil-privatiseringa at han ikkje kunne la pressa skriva at han «spente bein på Jens». Nei vel, men kunne han ikkje i ettertid gitt oss innsyn i dei interne diskusjonane om desse sakene, og kritiske refleksjonar omkring si eiga rolle? Nå blir det noko halvkveda over det heile, der lesaren sit igjen med inntrykket av at politikken berre var ei kulisse for personleg maktkamp. Om det er slik, må Jaglands bitande kritikk av Arbeidarpartiet også ramma han sjølv.

Viser sterke sider

Årets bok dekker i hovudsak tida etter at Jagland gjekk av som partileiar i 2002, med vekt på verva som leiar i utanrikskomiteen (2001-2005), stortingspresident (2005-2009) og leiar og seinare medlem i Nobelkomiteen (2009-2020).  Tida som generalsekretær i Europarådet (2009-2019) blir tema i ei komande bok, på grunn av pandemien har ikkje Jagland hatt høve til å gjennomgå arkivet sitt i Strasbourg.

Som bok er «År i fred  og ufred» betre enn fjorårets «Du skal eie det selv». Det er færre feil, og framstillinga er ryddigare, sjølv om me også denne gongen blir eksponerte for Jaglands ganske springande stil. 

Men Thorbjørn Jagland får i den siste boka større rom for å visa sine sterkaste sider: det vakne auget for dei store utviklingstrekka i internasjonal politikk, den intellektuelle nyfikna og viljen til å tenkja utradisjonelt og djervt. Det gav seg ikkje minst utslag i kontroversielle fredspristildelingar til Barack Obama, Liu Xiaobo og EU. Jagland argumenterer sterkt for desse vala. Likevel, også her saknar eg meir reflekterande oppsummeringar i ettertid. Å sjå kritisk på seg sjølv frå utsida er ikkje Thorbjørn Jaglands greie.

Publisert:

Bokanmeldelser

  1. Et samfunn herjet av bisarre og kvinneundertrykkende «verdier»

  2. Sprudlende flott roman

  3. Et lite mesterverk

  4. Klimaangst og økosorg

  5. Bøkene hans er solgt til 19 land – og denne romanen er skjønn

  6. Varg Veum er krimlitteraturens norske helt – nå prøver han seg på et mysterium fra virkeligheten

  1. Bokanmeldelser
  2. Thorbjørn Jagland
  3. Bokanmeldelse
  4. Anmeldelse
  5. Statoil