Vis vegen, kjære stat!

BOK: Den aktive staten er i ferd med å gjera comeback. Mariana Mazzucato gir eit fagleg underlag for det som kan bli eit tidsskifte i økonomisk politikk.

Ein av dei store profetane for den nye retninga er den italiensk-amerikanske økonomiprofessoren Mariana Mazzucato.
  • Tom Hetland
    Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet
Publisert: Publisert:
Grade: 4 out of 6

Mariana Mazzucato: En ny økonomi. 278 sider. Omsett av Eivind Lilleskjæret. Res Publica

Det kan sjå ut som at dominerande økonomiske tankeretningar har ei levetid på cirka eit halvt hundreår. 

På 1930-talet, under den store depresjonen, vart det brei aksept for at staten burde ta ei meir aktiv rolle i økonomien. Dei frie marknadskreftene hadde spela fallitt, og dei vestlege landa gjekk inn i ein periode med ulike grader av styrt blandingsøkonomi.

Mot slutten av 1970-åra, med stigande arbeidsløyse og inflasjon, hadde dette systemet tilsynelatande køyrt seg fast. Tida var inne for Margaret Thatcher, Ronald Reagan og nyliberalismen. Marknaden kom på moten igjen. Deregulering og privatisering vart oppskrifta på å få fart i økonomien. 

Men så var heller ikkje det noko evig universalmiddel. Dei siste åra har nedsida av den globale kapitalismen kome stadig klarare til syne. Større forskjellar, spekulativ finansøkonomi og aukande gjeld er varsel om at noko er usunt. Under finanskrisa i 2008 måtte dei før så utskjelte statane inn og berga kapitalismen frå seg sjølv.

Den nye, grøne given

Sidan den tid har kravet om at statane igjen må spela ei aktivt styrande rolle i økonomien auka i styrke. Både EU og USA under den nye presidenten Joe Biden har lagt fram ambisiøse planar om å skapa ein ny, grøn økonomi. Dei raud-grøne partia i Norge vil gå i same lei.

Ein av dei store profetane for den nye retninga er den italiensk-amerikanske økonomiprofessoren Mariana Mazzucato. I boka «En ny økonomi» presenterer ho programmet sitt. Mazzucato hevdar at statane, aleine eller i samarbeid, må definera «missions» – oppdrag – som økonomien skal styrast etter. Målet er å løysa store samfunnsproblem. Tre slike som ho sjølv trekkjer fram, er å stansa klimaendringane, skaffa helsetenester til alle og tetta den digitale kløfta. 

Mazzucato er ingen sovjetsosialist som vil at staten skal driva økonomien. Det private næringslivet skal framleis ha ein viktig funksjon. Statens oppgåve er å visa retning og stimulera dei som vil følgja den. Samstundes må staten vera på vakt mot ordningar som gjer at private aktørar einsidig haustar gevinsten av statleg støtte og investeringar. Og det er på sin plass: Knapt nokon har gjort meir for å setja kapitalismen i miskreditt enn sjefar som har henta ut millionbonusar etter først å ha fått romslege støttepakkar på skattebetalarane si rekning.

Mazzucato bruker mykje plass på det amerikanske månelandingsprogrammet på 1960-talet, som ho meiner er den klaraste suksessen for den oppdragstenkinga ho etterlyser. Ikkje berre oppnådde president John F. Kennedy å samla nasjonen om eit tydeleg mål, USA fekk også stor gevinst av investeringa på andre måtar enn sjølve månelandinga. Den teknologiske utviklinga vart stimulert på ei rekke område. Nye produkt vart skapte – alt frå joggeskoen til datamusa.

Nå var månelandinga eit konkret, avgrensa oppdrag, med eit mål alle kunne forstå. USA skulle slå Sovjetunionen i romkappløpet. Mazzucato innrømmer at klimakrisa og andre av våre store samfunnsproblem er langt meir kompliserte. Ho meiner likevel at tenkinga som ligg bak, er gyldig og nødvendig også i møtet med vår tids utfordringar. Marknaden og den passive staten greier det i alle fall ikkje.

Ingen bibel for massane

Tydelegare statlege marsjordrar kan også vera eit bidrag til større framtidstru og fellesskap blant folk. Mazzucato peikar på at me har gått frå ein kultur prega av plikter overfor fellesskapet til ein konsentrasjon om individuelle rettar. Oppdragstenkinga kan snu denne tendensen ved å trekkja innbyggjarane meir med i arbeidet, meiner ho. Det er eit interessant perspektiv, om enn kanskje i overkant optimistisk. Pandemien har mint oss om at tilliten til stat og medborgarar ikkje er like stor overalt.

Som bok er «En ny økonomi» lite eigna som bibel for massane. Her er mange innfløkte grafar, forkortingar og ein god del økonomisk-administrativ svada av typen «det avgjørende for et oppdragsorientert syn på interessentbasert selskapsstyring er fokuset på relasjoner».

Mazzucato treng altså å bli tolka og forenkla. Mange står klar til å gjera det i dag, og som teikn i tida er boka interessant. Tradisjonelle økonomar vil nok tvila på statens evne til å styra den økonomiske utviklinga så sterkt som Mazzucato vil, og åtvara mot å gå for langt over mot motsett grøft. Den som lever om femti år, får sjå om dei hadde rett.

Publisert:

Bokanmeldelser

  1. Godt skrevet om menn i krise

  2. Korona, som opplevd av Camilla

  3. Stolt pakistanar, stolt nordmann

  4. Den nye krimdronningen

  5. Heidi Furre maser på leseren, og det er vellykket

  6. Så galt kan det gå når en voksen tukler med barn

  1. Bokanmeldelser
  2. Bokanmeldelse
  3. Økonomi