Ein Orfeus frå Bjerkreim

BOK: Sterk song om levd liv og råkande utsegner om ålmenne røynsler.

Publisert: Publisert:

Her manglar det ikkje på slåande formuleringar for å setja ord på dei mest hardtslåande realitetane i Oddbjørn Birkelands dikt, meiner Aftenbladets meldar.

  • Eirik Lodén

Grade: 5 of 6 stars

Oddbjørn Birkeland: Eurydike snur. Lyrikk. 86 sider. Aschehoug.

Oddbjørn Birkeland (f. 1949 i Bjerkreim) debuterte i 2013 med ei diktsamling på rogalandsdialekt. Denne gongen skriv han på eit normert nynorsk, og har ei sterkare historie å fortelja. Det handlar om å mista den ein står nærast og har kjærast, og som ein har delt ein stor del av livet med. Sorg og sakn er tidlause kjensler, men ambivalens og tilsynelatande trivielle kvardagslege minne gjev her ein moderne og realistisk vri på ei klassisk forteljing: ”Slik barn trykkjer ansiktet / mot ei glasrute // ser vi kvarandre nå.”

Tittelen ”Eurydike snur” blir ikkje eksplisitt utlagd i teksten, men viser til den greske myten om Orfeus – prototypen for alle skaldar og songarar – som miste sin Eurydike og prøvde å henta henne attende frå dødsriket. Vilkåret var at ho ikkje måtte snu seg og sjå seg attende medan han førte henne opp til jordelivet att. Men denne lovnaden greidde ho ikkje å halda, og Orfeus måtte sanna at ho var tapt for alltid. Her er det kanskje mest rimeleg å lesa denne klassiske allusjonen som ei sannkjenning av kunstens grenser: Sjølv ikkje det beste dikt kan lindra sorga og samvitet, eller skapa den sansefylden som eit levande menneske er. Kanskje både sjølve myten og denne nyskrivinga av henne opnar for ei innsikt i visse sider av menneskelivet som dødslengt, ja dødsforelsking – især når den ein har elska er borte, og ein sjølv difor er borte for det pågåande livets krav? Det kan gjeva ei tredobbel skuldkjensle – andsynes den døde, seg sjølv, og dei andre levande ikring: ”Nokre gonger er du eit namn / eg prøver å gløyme”.

Her manglar det ikkje på slåande formuleringar for å setja ord på dei mest hardtslåande realitetane: ”Du står til livet i død / og ser på meg.” Eller: ”Det er på denne ruskete førjulsdagen / det går opp for meg / at nå er vi det einaste som er igjen av deg”. Likevel virkar det i samanhangen ikkje som lettvinte ordspel eller glatt politur, når diktarrøysta har så djup klangbotn. Det framstår heller som råkande utsegner om ålmenne røynsler og sterk song om levd liv.

Publisert: