Draumen om det liberale islam
BOK: Sylo Taraku prøver å visa veg ut av den islamske sivilisasjonskrisa.
- Tom HetlandKommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet

Sylo Taraku: Frihetskampen i islam. 343 sider. Res Publica.
Det burde vera innlysande: Islam og muslimar er så mangt. Blant halvannan milliard muslimar i verda finst det eit mangfald av verdisett, teologiske tolkingar og politiske haldningar, og i mange land pågår det ein hard kamp om kva som er rett islam, og korleis den snart 1500 år gamle religionen skal koma overeins med moderniteten.
Sylo Taraku kom til Norge frå Kosovo tidleg på 1990-talet. Politimannen som intervjua han, spurde kva religion han høyrde til. Det var første gong Taraku fekk det spørsmålet. Han kom frå ein sekulær muslimsk familie i det utprega sekulære Jugoslavia, der religionen hadde liten plass i kvardagslivet.
Ærleg og opprørande om Mímirs sjuke mor
Kulturkrigen på KrF-grasrota
På asylmottaket møtte han derimot arabarar og somaliarar som kalla han for «bror», og som var ekstremt opptatt av det muslimske fellesskapet og av å praktisera dei mange lovane og reglane til punkt og prikke. Taraku begynte å forstå seg sjølv som muslim, noko han aldri hadde gjort før. Men det varte ikkje lenge før han fann tilbake til den gamle sekulære identiteten sin, og seinare har Taraku vore ein sterk talsmann for dei liberale og progressive muslimane som ønskjer å byggja bru mellom den islamske verda og Vesten.
Muslimar må ta kampen
Han legg ikkje skjul på at det er ein tøff kamp. Islamismen, med sine autoritære og intolerante tolkingar av religionen, har dei siste tiåra vore på frammarsj både i mange muslimske land og blant muslimar i Vesten. I eit land som Pakistan risikerer menneske som stiller forsiktige, kritiske spørsmål omkring islam og profeten Muhammed å bli dømde til døden eller lynsja. Saudi-Arabia og Iran er mektige religiøse diktatur. Og terrorgruppa IS er det hittil verste eksempelet på islamisme som har gått amok.
Dei som taper mest på dette, er muslimane sjølve: «Islam er i en sivilisatorisk krise akkurat nå, og det er bare muslimer selv som kan gjøre noe med denne situasjonen,» slår Taraku fast. Alle andre kan likevel hjelpa, ved å halda fast på liberale og demokratiske prinsipp og slå ned på overgrep og menneskerettsbrot uansett kven som utfører dei. Forfattaren er kritisk mot venstresida, som i antirasismen og multikulturalismen sitt namn ofte har tatt for lett på trusselen frå radikal islam. Likevel åtvarar Taraku mot det han kallar «falske vener» på høgresida, som driv islamkritikk med framandfiendtleg og konspiratorisk utgangspunkt, og ikkje med tanke på muslimars ve og vel.
Sitter du her og drikker?
Dropp bommene, la Stavanger drukne i kø
Sylo Taraku tar utgangspunkt i historia og viser at islam i sin gullalder, frå 760 til 1260, var ein open og tolerant religion. Den islamske sivilisasjonen nådde langt i vitskap og filosofi. Men mot slutten av gullalderen fekk meir konservative teologiske retningar overtaket, og ifølgje forfattaren begynner då eit forfall som har vart i snart tusen år.
Etterlyser støtte
Taraku tar grundig for seg område etter område der muslimar kjempar for reformer og liberalisering: ytringsfridom, likestilling, hijabtvang, retten til å vera homofil og retten til å forlata islam. Mange stader ser han positive trekk, men han etterlyser tydelegare støtte til dei progressive muslimane frå det norske storsamfunnet. Eit forbod mot barnehijab ville vore til hjelp for unge muslimske jenter som vil fri seg frå sosial kontroll, meiner han. Og mange progressive muslimar var letta då det til slutt vart avvist å opna for hijab til politiuniforma.
Det er mogleg at forfattaren her undervurderer faren for at ein strengare statleg sekulariseringspolitikk vil få mange muslimar til å gå i baklås og forsterka ein destruktiv offermentalitet. Men i Tarakus bilde handlar dette om ein konflikt «mellom progressive og reaksjonære krefter – uavhengig av etnisk eller religiøs bakgrunn». Og jo meir synlege dei progressive muslimane er, jo lettare blir det for nordmenn å gjera felles sak med dei, utan å vera redd for å «kritisera minoriteten», håpar han.
Dit er det kanskje eit stykke fram, men boka burde vera obligatorisk lesnad for alle som i dag hemningslaust polariserer debatten om islam i Norge, der omgrep som «snikislamisering» og «islamofobi» sit laust. Sylo Taraku minner oss om at det finst universelle rettar og verdiar som er uavhengige av religionsgrenser, og som alle menneske bør få ta del i. «Frihetskampen i islam» er på alle måtar ei opplysande og opplyst bok.