Fort og gale om Russland

BOK: Peter Normann Waage er ein stor Russland-formidlar, men denne gongen har han hatt for mykje hastverk.

Publisert: Publisert:

Russlands historie, her representert ved pins av Vladimir Putin og tsar Nikolaj II, er tema i Peter Normann Waage si nye bok. Foto: Kevin Coombs.

  • Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet

Grade: 4 out of 6

Peter Normann Waage: Den korteste historien om Russland. 244 sider. Vigmostad & Bjørke.

Peter Normann Waage er ein svært innsiktsfull kjennar av Russland og det russiske. Gjennom fleire tiår har han formidla kunnskap om naboen i aust, og bøkene hans spenner frå «Russiske skåltaler» til dei to klassikarane «Russland er et annet sted» (1990) og «Russland er sitt eget sted» (2012).

«Den korteste historien om Russland» er eigentleg ei forkorta utgåve av sistnemnde bok. I eit knappare format dreg Waage opp dei lange linene i russisk historie, frå staten vart grunnlagd ved hjelp av nordiske vikingar på 800-talet og fram til Putins regime. Også i denne boka legg han stor vekt på dei historiske særtrekka som har skilt Russland frå resten av Europa, og som pregar landet den dag i dag: den ortodokse kristendommen frå Bysants (Konstantinopel), som ikkje skilde mellom kyrkjeleg og statleg makt, og det mongolske herredømmet på 1200-1400-talet, som endå meir enn andre stader skapte ein kultur for sterke menn og rå maktbruk. «Arven fra steppen gjenkjennes i dagens Russland,» spissformulerer Waage.

Marknad og marxisme

Forfattaren har sin styrke innanfor idé- og mentalitetshistoria. Økonomisk og sosial historie har mindre plass, sjølv om han kan skriva godt og pedagogisk også om desse områda. Kapitlet om dei økonomiske reformene på 1990-talet og korleis det på rekordtid kunne veksa fram ein ny klasse av superrike oligarkar, er eit glimrande eksempel. 

Også her er Waage glad i dei vide perspektiva og dei dristige samanlikningane, som når han slår fast at marknadsfundamentalismen står nær den klassiske marxismen. Når ein ser på erfaringane med «marknadsrevolusjonen» i Russland, er det lett å gi han eit poeng i det. Samstundes vil ein kritisk lesar både på denne og andre stader i boka kunna etterlysa nyansering av bastante påstandar, men korthistorie-formatet inviterer ikkje til det, og det er uansett frigjerande med ein forfattar som viser kor han står. 

Peter Normann Waage skriv lett og godt, og krydrar framstillinga med kuriosa og anekdotar. Eg er likevel i tvil om kor vellukka dette bokprosjektet er, og kven som eigentleg er målgruppa. For dette er ikkje ei elementær Russlands-historie «for dummies», til det er krava til forkunnskapar både om Russland og om allmenn historie for store. For dei som søkjer fordjuping, kan det til gjengjeld bli for knapt og overflatisk.

Putin-perioden er omtala ganske kort og summarisk, sjølv om han nå har sete ved makta i 20 år. Foto: POOL New / X80003

For mange feil

Boka ber også eit visst preg av hastverksarbeid. Putin-perioden er omtala ganske kort og summarisk, sjølv om han nå har sete ved makta i 20 år. Det burde vera mogleg å gå noko grundigare til verks enn Waage gjer, sjølv i dette formatet.

Dessverre er det også litt for mange feil i teksten. Ord og namn har ulik skrivemåte, til dels på same side. Putin vert omtala som statsminister der det skulle ha stått president, og på side 225 står det at Boris Nemtsov «stiler mot presidentposten». Det gjer han neppe, sidan han vart myrda i 2015. Her blir Nemtsov blanda saman med ein annan opposisjonell, Aleksej Navalnyj (som elles er fødd i 1976, og ikkje i 1946, som det står). Me forstår det ut frå samanhengen, men slikt er likevel irriterande og unødvendig.  

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Flere tidligere toppolitikere kjemper om samme lederjobb i Stavanger

  2. Vgs-elever kan få utsatt skoledag for å unngå rush på kollektivtrafikken

  3. To til sykehus etter trafikkulykke på Buevegen

  4. Anders Opedal er rett mann til jobben som konsernsjef, men neste gang må Equinor-styret finne en kvinne

  5. DIREKTE: Følg Tromsø-Sandnes Ulf og chat med vår reporter

  6. Saudabu blir ny toppsjef i Equinor: - Det blir bra med en ingeniør

  1. Anmeldelse
  2. Bokanmeldelse
  3. Sakprosa
  4. Russland