– UiS må skifta personlegdom

Rektor Klaus Mohn fekk både ros, kritikk og tydelege krav då han inviterte kulturlivet til det han håper skal bli ein ny kulturaktør i regionen: Universitetet i Stavanger.

Publisert: Publisert:

Rektor Klaus Mohn vil at UiS skal bli ein del av kulturlivet i Stavanger-regionen. Fredag møtte han kulturlivet, og fekk både ris, ros og tydeleg krav. Foto: Jan Inge Haga

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist

– Éin ting kan eg lova: Alle forventningane dykkar blir ikkje innfridde.

Slik avslutta Mohn ein to timar lang seanse på Jernaldergården fredag, etter det første møtet i ei nyoppretta samhandlingsgruppe for kultur. Nøyaktig kva ei «samhandlingsgruppe for kultur» er for noko, er ikkje godt å seia. Men samlinga spring ut av Mohns ambisjon om at UiS skal bli ein integrert del av kulturlivet i Stavanger-regionen.

Les også

UiS ut i kulturen!

Dermed inviterte universitetsleiinga rundt 30 personar frå regionens kulturliv, dei fleste leiarar for diverse kulturinstitusjonar, ganske vaksne, alle kvite, ein og annan kunstnar. Ingen studentar var til stades.

– Dette er tenkt som ein arena for samtale og samarbeid. Det er ikkje eit besluttande organ, men ein stad der me kan koma med idear. Så får me sjå kva som kjem ut av det. Om det kjem noko ut av det, sa Mohn då han ønskte velkomen.

– Universitetet kan vera ein nøytral aktør. Me kan leggja til rette for andre. Nå vil me høyra kva det er behov for. Kva forventningar folk har, sa Rune Dahl Fitjar, prorektor for innovasjon og samfunn ved UiS.

– Bra initiativ

Kva tenkjer kulturlivet om at universitetets ambisjonar om å bli ein aktør i kulturlivet, blant anna gjennom denne «samhandlingsgruppa»? Alle inviterte var glade for invitasjonen og sette pris på initiativet, om ikkje anna så fordi dei opplevde at dei med dette blei sett.

– Dette blir rett og slett emosjonelt for meg. Eg føler stort sett at me ikkje blir sett, sa skodespelar og filmskapar Silje Salomonsen.

– Eg begynte nesten å grina då eg fekk invitasjonen. Dette er første gong på 32 år at Folken blir invitert på denne måten. Me har slåst mot UiS for Folkens eksistens i årevis, sa Folken-sjef Mariann Bjørnelv.

– Dette er første gong universitetet strekker ut ei så open hand til kulturfeltet. Det er veldig, veldig bra, sa MUST-direktør Siri Aavitsland.

Ein møteplass

Kulturaktørane meiner det ikkje finst denne typen møteplassar i regionen, og er veldig opne for å samarbeida. Men samarbeid mellom kulturaktørane i Stavanger er ikkje noko nytt. Spørsmålet er kva UiS kan bidra med og kva som konkret kjem ut av det nye initiativet.

– Kva skal til for å ta universitetet til byen – eller byen til universitetet? Universitetet må byta personlegdom og gå frå å vera ekstremt introvert til å bli ekstremt ekstrovert. Eg er glad for initiativet, men spent på korleis ein konkret jobbar vidare, sa Kåkå-sjef Jan Inge Reilstad.

– Di meir konkrete me er, di lenger kjem me, sa Kapittel-sjef Siri Odfjell Risdal.

Kulturell strategi?

– Same kor fint du snakkar om kultur, er det det du gjer som tel. Slutt å snakka, begynn å handla, sa John Øivind Eggesbø, rektor ved Kunstskolen i Rogaland – som i mange år har hatt ambisjonar om å bli ein del av Universitetet i Stavanger. Eggesbø som har fått beskjed frå kunnskapsministeren om at då må universitetsleiinga først stilla seg bak ønsket.

– Universitetslova sidestiller akademisk forsking og kunstnarisk utviklingsarbeid. Forslaget til ny UiS-strategi speglar ikkje dette. De må tenkja breiare, ikkje snevra inn, sa Eggesbø.

Han var ikkje den einaste som uttrykte seg kritisk til det nye strategiutkastet til UiS, der kultur ikkje er inne som satsingsområde. Sånn sett var det kanskje litt dårleg timing å invitera til «samhandlingsgruppe for kultur» same veka som debatten om UiS si manglande satsing på kultur nådde avisene.

Les også

UiS vil ikkje ha kultur som satsingsområde

Kultur kakepynt?

– Eg trur på dine gode intensjonar, Klaus. Men å skriva det ned i strategien, forpliktar. Ei strategisk satsing frå UiS på kultur viser at dette er forankra overalt. Står det ikkje der, betyr dei gode intensjonane lite, sa Stein Bjelland, som blant anna er styreleiar i Fond for lyd og bilde og i Kunsthall Stavanger.

– Kunst og kultur blir fort til kakepynt. Men det er altså eit livsviktig næringsstoff, sa dekan Morten Wensberg ved Fakultet for utøvende kunstfag, som meiner universitetets strategidokument viser korleis ein oppfattar og ser på eit fagfelt som kultur.

– Eg vil avkrefta at kultur ikkje står i høgsetet for UiS, sa Mohn, som merka seg at UiS både blei utfordra og kritisert av kulturlivet han vil vera ein del av. Men i staden for å lova særleg, sende han ballen tilbake:

– UiS kan leggja til rette dansegolvet, kanskje setja på musikken. Men me kan ikkje sørga for heile stemninga på festen. De må dansa sjølv.

Samhandlingsgruppa skal ha neste møte til hausten.

Publisert:

Les også

  1. Millionsmell for Tou Scene - flere leietakere betaler ikke leien

  2. Stavanger får medisinutdanning, men ikke til universitetet

Mest lest akkurat nå

  1. Fjellklatrere hentet av redningshelikopter

  2. Mamma Ingebrigtsen ble forferdet over Jakobs løp: – Han er tross alt 20 år i dag og må få bestemme selv

  3. Ny E18 ved Larvik kostet 5,2 mrd. kroner. På veien forsvant avkjøringen til byen.

  4. To smittet av koronavirus i Randaberg

  5. Storbritannia: Britene på punge ut for brudd på koronareglene

  6. 200 kilo poteter, 200 kilo skinke, 14 bokser eplemos og drøye 50 kilo mel går med når det skal lages komlemiddag i USA

  1. Kultur
  2. Jan Inge Reilstad
  3. Universitetet i Stavanger
  4. Klaus Mohn