Mammutsalet startar måndag

Nietzsche til halv pris. Nesbø til under hundrelappen. Måndag opnar landets største boksal: Mammut.

Publisert: Publisert:

Måndag går startskotet for årets Mammutsal. Her frå 2015-varianten i Stavanger. Foto: Fredrik Refvem

Måndag startar landets største billegsal på bøker, både i talet på titlar og talet på forlag og bokhandlarar som er med. 132 år er gått sidan det første Mammutsalet blei arrangert. Frå å gå av stabelen kvar fjerde år, og så kvart andre år, skjer det nå årleg. I to marsveker blir 820 titlar i papirbøker og 450 e-boktitlar lagt ut for sal med opp mot 85 prosent rabatt.

– Talet på titlar som hamnar på sal, er omtrent likt frå år til år, seier prosjektleiar Anne Jorunn Skogøy i Mammutsalet til Aftenbladet.

Ifølgje henne har salet av bøker på Mammutsalet vore jamt godt dei siste 4–5 åra fram mot 2016, mens det auka ganske bra i fjor. Men tida då det stod lange køar og nærmast var hysteriske tilstandar før bokhandlarane opna dørene, er over.

Populære barnebøker

Som vanleg, er det mulig å bestilla bøkene ein ønskjer å kjøpa på førehand. Lista over dei mest bestilte bøkene i år viser at barnebøkene er aller mest populære. Heile seks av dei ti mest førehandsbestilte mammutbøkene er barnebøker, og heilt på topp finn me «Gutta i trehuset med 13 etasjer» av Andy Griffiths og Terry Denton.

Dei to romanane som er inne blant topp ti i førehandsbestilling, har til felles at dei er skrivne av same, ukjende person og at dei begge kjem ut på nynorskforlaget Samlaget. Det dreier seg om det italienske forfattarpseudonymet Elena Ferrante og dei to første bøkene i suksesserien Napoli-kvartetten, nemleg «Mi brilante venninne» og «Historia om det nye namnet».

Når me først snakkar om litterære suksesseriar: Er du blant dei som ikkje har teke fatt på Jon Michelets serie om «En sjøens helt», er dei fire første bøkene i serien å finna på Mammutsalet. Det same er dei to første bøkene i Karl Ove Knausgårds årstidsserie, «Om høsten» og «Om vinteren». Eller kva med Edvard Hoems store utvandarar-epos? «Slåttekar i himmelen» og «Bror din på prærien» er på Mammutsalet.

Avføring og strikking

Éi sakprosabok er å finna blant topp ti, og den handlar for ein stor del om avføring. Det dreier seg om «Sjarmen med tarmen» av tyske Giulia Enders. Boka er utgitt i 36 land og har allereie selt 70.000 eksemplar i Norge.

Éi hobbybok er også å finna blant dei ti mest populære på førehand, nemleg «Klompelompe. Strikk til baby, barn og voksen».

Filosofi, kunst og krim

Er du mest oppteken av kor du kan spara flest kroner, bør du vera interessert i filosofi eller kunst. Tittelen med det største kroneavslaget, er Friedrich Nietzsches samla verk, som er sett ned frå 2999 kroner til 1499 på Mammut. Spektrums illustrerte kunstleksikon i åtte bind og Edvard Munchs komplette grafiske verk er sett ned med nesten tusen kroner, mens filosofen Peter Wessel Zappfes samla verk er sett ned med 750 kroner, til 699.

Men du får også ein bra rabatt på krimbøker som Jo Nesbøs «Politi», som kostar 99 kroner på Mammut, mot 399 i ordinært sal.

Men med 820 titlar på sal, skal det nesten godt gjerast å ikkje finna noko du interesserer deg for. Om du er interessert i bøker, då.

Publisert: