Arundhati Roy til Kapittel

Verdskjende Arundhati Roy kjem til årets Kapittel-festival, som startar 20. september og har «Revolusjon» som tema.

Publisert: Publisert:

Indiske Arundhati Roy er eit litterært verdsnamn. Ho står på gjestelista til årets Kapittel-festival. Foto: Pax

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

– Arundhati Roy er ei verdsstjerne. Folk bør få med seg henne når ho kjem til Stavanger, for det kan bli mange år til neste gong, seier festivalsjef Espen Røsbak.

Vel tre veker før festivalstart er programmet til årets store litteraturfestival i Stavanger på plass. Fleire namn har blitt offentleggjorde tidlegare, som danske Suzanne Brøgger, Vigdis Hjorth og mannen som er rekna som den arabisk-språklege verdas viktigaste nålevande poet, syriske Adonis.

Og nå, altså: indiske Arundhati Roy, som fekk den prestisjetunge Man Booker-prisen for gigantsuksessen «Guden for små ting» i 1997. Forfattaren og aktivisten Roy kjem til Stavanger samtidig som ho lanserer sin nye roman «Ministeriet for den høyeste lykke» på norsk.

Vigdis Hjorth er i vinden. Ho kjem til Kapittel 17 for å halda årets Kiellandforelesing.

Rekordsal

Billettsalet til årets festival starta 20. august, og tikkar og går med høgare fart enn nokon gong før, ifølgje Røsbak.

– Me ligg 2,5 veker før skjemaet frå i fjor i førehandssal, seier festivalsjefen.

– Kva arrangement er det størst rift om?

– Det er rift om billettane til Vigdis Hjorth - som jo har hamna i vinden igjen. Og til familiearrangmentet Øisteins teikneshow. Og så er det gledeleg å sjå at det er ganske stor pågang til panelet som skal diskutera den feministiske revolusjonen på laurdagen, seier Røsbak.

Jan Kjærstad har fått gnistrande gode kritikkar for sin nye roman «Berge». I september kjem han til Stavanger. Foto: Pål Christensen

Revolusjon

Årets Kapittel-tema er «Revolusjon», og har utgangpunkt i to jubileum i 2017: Det er 100 år sidan Den russiske revolusjonen, og 500 år sidan Luthers reformasjon.

– Eigentleg har eg tenkt ganske tradisjonelt i programmeringa av årets festival. Mykje av det som skal skje har eit historisk fokus og held seg ganske direkte til revolusjonen og reformasjonen. Temaet passar Kapittels tradisjon godt, med vårt ytringsfridomsfokus. Sånn sett er det eit veldig kapittelaktig kapittelprogram i år, seier Røsbak.

Dermed blir det eigne foredrag om Den russiske revolusjonen, til dømes frå Kjartan Fløgstad og Per Egil Hegge. Men det blir også fleire andre revolusjonære arrangement, om alt frå den arabiske våren til den seksuelle revolusjonen. Eller Trumps kontrarevolusjon. Og i samarbeid med Kåkå kverulantkatedralen blir det ein eigen programserie som spør om islam kan reformerast.

– Adonis kjem til Stavanger som poet, men også som samfunnsdebattant med sitt kritiske blikk på religionen, seier Røsbak.

Herbjørg Wassmo kjem til Kapittel 17. Foto: rolf m.aagaard

Store norske

I tillegg til dei store, utanlandske namna, kjem også store norske forfattarar til Stavanger. Både Jan Kjærstad og Herbjørg Wassmo har fått strålande kritikkar for sine nye romanar, mens Lars Saabye Christensen kjem saman med Tom Stalsberg og konseptet «Buicken», i eigen Trump-edition.

Og så er Røsbak stolt over å ha det slovenske bandet Laibach på programmet på Folken.

– Dei har jobba i mange ulike kunstformer i 37 år, og har teke for seg aust og vest i Europa og den totalitære estetikken. Dei passar svært godt inn i ein festival om revolusjon, seier Røsbak.

Han har nå vore festivalsjef for Kapittel sidan 2012. Han begynner med andre ord å bli ein ganske erfaren kapittelsjef.

– Korleis prøver du å utvikla festivalen vidare?

– Når me har blitt så store som me er, må me halda fram med å gjera det me er gode på, det som blir forventa av oss. Samtidig vil eg gjerne finna nye måtar å samarbeida med andre kulturaktørar på, slik at me kan gjera ting saman som me ikkje ville fått til sjølv. Som når me i år samarbeider med scenekunstnarane i RIMI/IMIR. Mitt litteratursyn er veldig breitt. Det betyr at eg kan ta inn nesten kva som helst.

Lars Saabye Christensen kjem til Kapittel-festivalen med Tom Stalsberg og «Buicken». Foto: Cappelen Damm

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Han har skrevet mange fabelaktige bøker. Denne er så bra at det knapt kan gjøres bedre.

  2. – Du skrur på tv, og der ser du bussen din

  3. – Ikke i tvil om at dette var et drapsforsøk

  4. Slik tilbringer tyske Ralf karan­tenen i Norge. Smitte­vern­lege er bekymret

  5. Jobbintervju: Dette bør du ikke svare på spørsmålet «Hva er dine svake sider?»

  6. Snart blir det tryggere å kjøre fra Ålgård til Oltedal

  1. Stavanger
  2. Reformasjonen
  3. Kåkå kverulantkatedralen
  4. Litteratur
  5. Sølvberget kulturhus