Litterær latterbombe? Tja

BOK: Småpussig om flate fantastar og den norske språkstriden.

Arnfinn Kolerud er aktuell med romanen «Gamle menn i syningom».
  • Steinar Sivertsen
    Steinar Sivertsen
    Litteraturkritiker
Publisert: Publisert:
Grade: 4 out of 6

Arnfinn Kolerud: Gamle menn i syningom. Roman. 285 sider. Samlaget.

Ingen vil truleg nekta for at romsdølen Arnfinn Kolerud (f. 1968, debut 1996) dyrkar ei form for lattermild, slentrande, godlynt, vestnorsk surrealisme når han i år fullfører den såkalla Vassbygda-trilogien gjennom romanen «Dei gamle menn i syningom».

Som i forgjengarane «Når ein først skal skyte noen» (2010) og «Kom ikkje inn i mitt hus» (2012) dreiar det seg framleis om den norske språkstriden med eit knippe sære nynorskingar busett i den vesle, fiktive, nordvestlandske tettstaden Vassbygda som viktigaste aktørar, rett nok med den norske kongen og leiaren for Riksmålsforbundet som sentrale med- og motspelarar.

Vi står unekteleg overfor ein proff, lett fleipande tekstkonstruktør som veit kva han gjer når han gjennom sekstito kapittel, alle med ei overskrift, t.d. let kongen bli så fornærma då det danske flagget brått vaiar over Slottet at han begynner å tala nynorsk, når typeaktige, pappliknande figurar – med festlege (?) namn som Bendik Uføre, Enella Frø, Espen Slyngel, Kristian Kjepp e.l. – kastar seg inn i brennheite, faglege diskusjonar knytt til ord som endar på «else» og «a», når den engelskspråklege forsøplinga av norsk daglegspråk speglar seg i teksten, når ein lokal variant av Mount Rushmore og skapinga av eit nynorsk dataspel blir tematisert, eller når spørsmålet blir reist om alle nynorskingar alltid er «vriompeisar» eller «flisespikkarar», slik austlendingar anten er «ryggsleikarar» eller «menybestillarar».

Men for meg blir karakterteikninga – om aldri så tilsikta – for flat, dei fleste språkfaglege poenga akk så velkjende, humoren oftast for lun, krampaktig, ufarleg. Den freidigaste påstanden som dukkar opp undervegs, er kan henda at riksmålet er for pent og slik sett «eit språk for folk som ikkje klør seg i ræva».

Best fungerer dei hyppige, gjennomgripande referansane til nynorsk litterær kanon. I samband med planane om å la ein lokal skulptør hogga inn fjesa til fire nynorske, store diktarar i Vassbygd-fjella, nyttar forfattaren på overrumplande vis høvet til å sparka den sjølvsentrerte samtidslitteraturen på skinnbeinet. Samstundes som romantittelen er ein elegant, tematisk styrt vri på ord henta frå eit Ivar Aasen-dikt, blir dessutan kongen si opplesing av Olav H. Hauge-diktet «Lauvhyttor og snøhus» ei nyttig påminning om kunsten si makt.

Publisert:

Bokanmeldelser

  1. Heidi Furre maser på leseren, og det er vellykket

  2. Hvis noen vil hente fram krimdronning-tittelen igjen, er det greit for meg

  3. Så galt kan det gå når en voksen tukler med barn

  4. Opp­rørende be­skriv­else av hvor kynisk arbeids­folk er blitt ut­nyttet

  5. Anmelderen er imponert: En historisk roman av de sjeldne!

  6. Kunnskapsbasert og entusiastisk om viking­tida

  1. Bokanmeldelser
  2. Bokanmeldelse
  3. Bøker
  4. Litteratur
  5. Anmeldelse