Fred utan rett
SAKPROSA: Den norske rettsstaten svikta på viktige område under oppgjeret i 1945, meiner to forfattarar. Det er dårleg trøyst at det var verre andre stader.
- Tom HetlandKommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet

Baard Herman Borge og Lars-Erik Vaale: Grunnlovens største prøve - Rettsoppgjøret etter 1945. Spartacus Forlag/Scandinavian Academic Press.
428 sider
Kor godt kom Norge ut av rettsoppgjeret etter krigen? Målt mot land i tilsvarande situasjon, ikkje så verst. Oppgjeret var mindre brutalt. 25 nordmenn vart dømde til døden og avretta. Det var færre enn i noko anna okkupert land, også Danmark, der okkupasjonen var mildare enn hos oss. Og både i Danmark og Nederland, for ikkje å nemna Frankrike, var det fleire tilfelle der folk tok lova i eigne hender og gjorde det av med mistenkte kollaboratørar.
Men målt ut frå eit rettsstatleg ideal kan det vera litt av kvart å utsetja også på det norske oppgjeret. Det er i alle fall konklusjonen til Baard Herman Borge og Lars-Erik Vaale, som har analysert rettsoppgjeret sett i forhold til Grunnlova. Dei konkluderer med at «myndighetene viste større vilje til å sette sentrale rettssikkerhetsgarantier til side enn evne til å holde dem høyt under rettsoppgjøret i Norge etter 1945».
Dødsstraff og NS-medlemskap
Borge og Vaale går detaljert inn på ei rekkje paragrafar, men bruker mest plass på dei to sidene ved oppgjeret som skapte mest debatt både i samtid og ettertid.
Den første var bruken av dødsstraff med tilbakeverkande kraft. I Norge var dødsstraffa oppheva i straffelova av 1902. Heimelen for å gjeninnføra straffa var «provisoriske anordningar» frå London-regjeringa som opna for gjeninnføring av dødsstraff for landssvik, tortur, drap og angiveri.
I 1945 vart desse regjeringsvedtaka godkjende av Stortinget og av fleirtalet i Høgsterett. For Høgsteretts del skjedde det i samband med anken over den første dødsdommen som vart felt, over Stavanger-mannen Reidar Haaland i august 1945.
Den andre var at medlemskap i det norske nazipartiet Nasjonal Samling etter 9. april 1940 vart gjort til ei straffbar landssvikhandling. Dermed vart det norske rettsoppgjeret truleg det mest omfattande i verdshistoria, meiner forfattarane. Om lag 49.000 personar vart straffa. Sjølv om dei fleste straffene var relativt milde, oppfatta mange passive NS-medlemmer rettsforfølginga som urettferdig, særleg fordi andre, som for eksempel hadde tent gode pengar på arbeid for tyskarane, gjekk fri.
«Soldater i nasjonens tjeneste»
Forfattarane argumenterer grundig og juridisk, og for lekfolk er ikkje framstillinga alltid like enkel å følgja. For den som interesserer seg for debatten om rettsoppgjeret vil likevel boka ha stor verdi, også som innfallsport til anna kjeldemateriale. Noteapparat, kjeldeliste og litteraturliste tel over 120 sider. Og sjølv om Borge og Vaale er grunnleggjande kritiske, er dei nøkterne i tonen.
Det vanlegaste forsvaret for rettsoppgjeret har vore at det var i samsvar med folks rettskjensle i 1945. At landssvikaren Vidkun Quisling og torturisten Henry Rinnan skulle sleppa unna eksekusjonspelotongen, ville ikkje ha blitt forstått. Risikoen for lynsjejustis ville vore stor.
Borge og Vaale meiner på si side at politikarar, redaktørar og andre opinionsdannarar også spela ei offensiv rolle i å forma folkemeininga. På Stortinget var dei kritiske stemmene få, og Stortinget som organ var dessutan svekka etter den veike haldninga parlamentarikarane hadde vist i 1940. Dei fleste større avisene gjekk inn for eit hardt rettsoppgjer. «Silkefronten» hadde sine forum i Morgenbladet og Nationen, men særleg den sistnemnde var lett å avvisa på grunn av dei nazivennlege haldningane avisa hadde synt før krigen.
Dei sterkaste motførestellingane kom frå juridisk hald. Men tunge juristar legitimerte oppgjeret. Riksadvokat Sven Arntzen sa at dei som skulle delta i rettsoppgjeret, var «soldater i nasjonens teneste», og at oppgjeret ikkje måtte bli prega av «sendrektighet, overbærenhet og bløtaktighet». Stilt opp mot slike militante haldningar var det ikkje underleg at mange kritikarar og tvilarar valde å teia, for ikkje å bli slått i hartkorn med dei landssviktiltalte.
Borge og Vaale kan nok skuldast for ikkje å ta nok omsyn til stemninga i eit land som hadde gjennomlevd fem års brutal okkupasjon. Dei er ikkje innstilte på å relativisera problema, her gjeld «den ideale fordring». Slik sett kan ein sjå ein parallell til Marte Michelets omdiskuterte bok om Heimefronten og jødearrestasjonane. Men forfattarane har rett i det er i ekstreme situasjonar me verkeleg treng å halda fast ved grunnlov og rettsstat. Derfor må også sjølvkritiske blikk vera velkomne, sjølv om dei i ein internasjonal samanheng kan verka som sjølvpisking.
LES OGSÅ:
Les også
Mest lest akkurat nå
Person døde etter å ha falt ned skrent i Strand
Viking vurderer politianmeldelse: Vil utestenge supportere etter bråket
Russegutt frifunnet for å ha hatt sex med ungdomsskoleelev
Ektepar i Haugesund fikk tappet bankkontoen for nær 2 millioner – politiet advarer mot svindel
Åpner parken over Byhaugtunnelen
Disse 17 Sola-flyene er innstilt torsdag