«Verdens verste menneske» kan vinna ny, gjev pris

Prisgrossisten «Verdens verste menneske» er Norges kandidat til Nordisk råds filmpris.

Laurdag kveld vann «Verdens verste menneske» fem Amanda-prisar. Her takkar Joachim Trier og Eskil Vogt for prisen for beste manus. Nå er dei også nominerte til Nordisk råds filmpris.
Publisert: Publisert:

HAUGESUND: Suksessen held fram for Joachim Triers siste film. Etter å ha vunne pris på Cannes-festivalen, fått Oscar-nominasjonar, global suksess og fem Amanda-prisar i helga, blei den romantiske komedien tysdag nominert til Nordens gjevaste filmpris.

Trier kan dermed bli første nordmann til å vinna prisen to gonger, i og med at han i 2016 fekk prisen for filmen «Louder than bombs». Då var han første norske filmskapar til å vinna denne prisen.

Trier er likevel ikkje ukjent med nominasjonar til den store, nordiske prisen. Han er nemleg blitt nominert for samtlege av sine fem filmar.

Les også

Amanda til Pål Sverre Hagen

Les også

Krigsseglarane har fått sin film

– Vil bli hugsa

I si grunngjeving skriv juryen:

«Verdens verste menneske» er et lekent og melankolsk portrett av den nær 30 år gamle Julie, i form av ein romantisk komedie. Gjennom sin lek med sjangerkonvensjoner, klisjeer og filmatiske virkemidler er dette ein film som tar kinoopplevelsen på største alvor, med alt det betyr av storslagne scener, musikalske stemninger og lyset av Oslo om sommeren. Filmen fanger tidsånd og stedsspesifikke miljøer, samtidig som den kan oppleves som tidløs og allmenn. Sammen med medforfatter Eskil Vogt, som står bak to av årets beste norske filmer, har regissør Joachim Trier og hans strålende skuespillere (Renate Reinsve, Anders Danielsen Lie og Herbert Nordrum) skapt morsomme, romantiske og rørende øyeblikk som har blitt diskutert flittig, og som vil bli husket lenge.»

Dei andre nominerte er danske «Vanskapte land», finske «Den blinde mannen som ikke ville se Titanic», islandske «Lamb» og svenske «Clara Sola».

Prisen er på 300.000 kroner og skal gå til ein film som utmerkar seg med høg kunstnarisk kvalitet og sterk forankring i nordisk kultur. Vinnaren blir utropt 1. november.

Hestenesprisen

Mandag kveld blei Hestenesprisen delt ut på ordførarens tradisjonelle middag på Filmfestivalen i Haugesund. Årets vinnar blei podkast-skaparen Sindre Leganger, som har hatt ein finger med i spelet på podkastsuksessar som «Quislings koffert», «Dukkemannen» og «Nokasmillionene».

Hestenesprisen skal heidra framifrå kulturjournalistikk, og er blitt delt ut sidan 1993. Tidlegare vinnarar inkluderer Hans Olav Brenner, Ingvild Tennfjord, Linn Ullmann og Vetle Lid Larsen. Og ikkje minst Aftenbladets Leif Tore Lindø.

Publisert: