UiS vil ikkje ha kultur som satsingsområde

Energi, helse og læring for livet blir dei faglege satsingsområda på UiS dei neste ti åra – om forslaget til ny strategi blir vedteken. Svein Tuastads forslag om å inkludera kultur, blei nedstemt i styret.

Publisert: Publisert:

Svein Tuastad vil ha kultur med som satsingsområde for UiS fram mot 2030, men fekk ikkje styret med seg på sitt forslag. Foto: Jon Ingemundsen

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist

– Seier ein at ein tek kultur på alvor, må ein visa at ein meiner det. Nå er viktige miljø på UiS praktisk talt heilt gløymde. Det syns eg er veldig ille, seier Svein Tuastad.

Han er éin av tre vitskapleg tilsette styrerepresentantar ved UiS. På styremøtet 11. juni blei hans forslag om å inkludera kultur og samfunnskontakt blant universitetets hovudsatsingar dei neste ti åra stemt ned. I staden vedtok styret å senda på høyring eit utkast til ny strategi der det står:

«Energi, helse og læring for livet er våre satsingsområder.»

Ekskluderte fakultet

Tuastad stemte mot fordi han meiner strategien er for lite inkluderande. I ein eigen protokolltilførsel skreiv han:

«At strategien i praksis utelét temaet kultur, fører til dømes til at Fakultet for utøvande kunstfag vert ekskludert frå strategien fram til 2030; det same gjeld store deler av SV-fakultetet.»

Tuastad peikar på at universiteta i Oslo og Bergen ikkje har denne typen «polariserande og splittande strategi», som han kallar det.

– Dei skjønnar at om du har sju fotballspelarar, kan du ikkje berre satsa på fire av dei. På UiS handlar dette om fakulteta, der tre av sju i dette forslaget er ekskluderte, seier Tuastad.

Uroleg dekan

På Fakultet for utøvende kunstfag er ein urolege for framtida.

– Rektor seier at me som ikkje er nemnde i strategiutkastet ikkje er gløymde. Men det er ikkje særleg tryggande. Rektorar kjem og går, denne strategien skal gjelda i ti år, seier dekan Morten Wensberg.

– Rektor seier satsingane ikkje er knytte til enkeltfakultet. Han seier ein skal jobba tverrfagleg. Men det er vanskeleg å sjå kulturen sin plass her. Me blir sette på sidelinja.

– Ein strategi og ei prioritering kan vel ikkje ha med alle fag?

– Nei. Men det er trist om UiS ikkje ivaretek den delen av samfunnsoppdraget som handlar om kultur og samfunn, i det som er ei polariserande tid. Kultur er samfunnsbyggjande, det gir oss identitet og fellesskap, og har stor menneskeleg verdi. Det er veldig lite i høyringsutkastet som viser at UiS ser på kunst- og kulturfag som eit kunnskapsfelt, som faktisk driv med forsking og kunnskapsformidling, seier Wensberg.

– Kultur er med

Rektor Klaus Mohn er glad for at den nye strategien UiS skaper engasjement intern og eksternt. Likevel avviser han påstanden om at UiS ikkje vil satsa på kultur dei neste ti åra.

Rektor Klaus Mohn avviser at UiS ikkje vil satsa på kultur fram mot 2030, sjølv om fagområdet ikkje er eit punkt i utkastet til ny strategi. Foto: Jan Inge Haga

– Me gjer mykje på universitetet som ikkje står i overskriftsform i strategien vår. Alt kan ikkje stå der.

– Men prioritering og satsing betyr jo også å velja noko bort?

– Eg held meg til styret og har ikkje lyst å engasjera meg i ein avispolemikk med styremedlemmer eller ein dekan etter eit vedtak i styret.

– Du har sagt at du vil ha meir open debatt?

– Ja, men me har våre arenaer for det. Det blir problematisk for meg i mi rolle å bidra til å heva konfliktnivået om eit vedtak som er gjort i styret, der eitt av styremedlemmene ikkje fekk medhald, svarer Mohn.

Kultur i strategien?

I staden viser Mohn til det Rune Dahl Fitjar, prorektor for innovasjon og samfunn, har skrive på Facebook-sida til dekan Wensberg i debatten, og stiller seg bak det.

Her skriv Dahl Fitjar at kultur er prioritert fleire stader i strategien, «både som en del av satsingen på et åpent universitet og på et godt arbeids- og studentmiljø.»

Eit søk på ordet «kultur» i det fem sider lange strategidokumentet gir tre treff, men då berre i samansette ord. Ingen av dei kjem under dei tre faglege satsingsområda. Under overskrifta «Et åpent universitet» står det at UiS blant anna skal leggja til rette for kulturutveksling og stimulera til kulturformidling. Under «Et godt arbeids- og studiemiljø» står det i eitt av punkta at UiS skal utvikla arenaer og fysiske møteplassar for studentar og tilsette «som legger til rette for kulturformidling og samfunnskontakt.»

– Grundig prosess

Dahl Fitjar skriv på Facebook at strategidokumentet er eit resultat av ein grundig prosess i organisasjonen med breitt samansette arbeidsgrupper som har arbeida med dei.

«Det ville vært oppsiktsvekkende om styret nå skulle innføre et nytt område som ikke har vært gjenstand for en tilsvarende prosess, og som ikke har vært spilt inn i tidligere styrebehandlinger av strategien,» skriv Dahl Fitjar, og legg til at Klaus Mohn tydeleg har prioritert kultur som ein del av dette arbeidet.

Dårleg forarbeid?

Har rett og slett Tuastad og Wensberg gjort for dårleg grunnarbeid i forkant? Var det å forventa at styret ville ta inn Tuastads forslag nærmast over bordet?

– Det er bra du spør. Dette handlar om forskjellen på «involvering» – i hermeteikn – og reell involvering, svarer Tuastad.

Han meiner det eksisterer ein ubalanse mellom leiinga og «vanlege folk» som han, som har langt mindre tid til å jobba med desse sakene, og dermed eit anna kunnskapsgrunnlag.

– Rektorat og leiing kan sitja dag og natt med dette, mens me lærer gjennom prosessen. Eg har hevda desse tinga heile tida, men har ikkje skrudd opp ordbruken før nå, seier Tuastad.

– Strategiutkastet blei første gong lagt ut torsdag 4. juni. Det var vår første sjanse til å kommentera på det. Tidlegare har det vore skisser og utkast som ikkje har utløyst denne reaksjonen frå oss, seier Wensberg.

Ut på høyring

Både Wensberg og Tuastad er opptekne av at dette berre er eit utkast til ny strategi, som nå skal ut på høyring. Dei meiner dermed at det er må vera mulig å få inn endringar.

Klaus Mohn har tidlegare skrive i Aftenbladet at han vil at UiS bør bli ein integrert del av kulturlivet i regionen. Fredag skal ei nyoppretta «samhandlingsgruppe for kultur», der ulike representantar frå kulturlivet er inviterte, ha sitt første møte, i regi av UiS. Tuastad meiner at det som trengst, ikkje er fleire seminar.

– Eg er så lei av alt snakket om å vera oppteken av kultur, men så gjer ein ikkje noko. UiS-strategien viser kva ein faktisk meiner. Alle kan slå om seg med store ord om kultur, men det viktige er kva ein faktisk gjer, seier Tuastad.

Rektor Mohn viser til at alle tog ikkje har gått for dei som vil påverka retninga for UiS i åra som kjem:

– No går me inn ei høyringsfase for UiS sin nye strategi. Der inviterer me til innspel både innanfor og utanfor organisasjonen, og håpar mange vil engasjera seg. Så tek meg ein ny runde i september, før strategien går til endeleg avgjerd i styret ved UiS i slutten av oktober.

Med seg på vegen får han følgjande punchline frå Tuastad:

Action speaks louder than words.

Publisert:

Les også

  1. – UiS ut i kulturen!

  2. – Når UiS er ute i kulturen

Mest lest akkurat nå

  1. Anja tar toget fra Sandnes til Stavanger hver dag. Nå er det én ting som gjør henne bekymret

  2. Da koronaen slo til, tok skuespiller­paret ekstra grep om hagen

  3. Pengestrid etter flyplass­brannen: – Ytterst oppsikts­vekkende, og direkte illojalt

  4. Bent Høie: Ikke aktuelt med påbud om munn­bind

  5. Skjult koronasmitte bekymrer FHI

  6. Røde Kors advarer utrente mot populære fjellturer

  1. Kultur
  2. Klaus Mohn
  3. Universitet
  4. Universitetet i Stavanger (UiS)