Kvinneleg barnemordar fører ordet

BOK: Oppdikta dramatikk inspirert av verkelege hendingar og personar.

Publisert: Publisert:

Aina Bassos tredje vaksenroman, «Ungen», tek utgangspunkt i verkelege hendingar i Kristiania i 1899. Foto: Oda Berby

  • Steinar Sivertsen
    Litteraturkritiker

Foto: Unspecified

Grade: 4 of 6 stars

Aina Basso: Ungen. Roman. 267 sider. Samlaget.

Stoffet i den tredje vaksenromanen til Aina Basso (f. 1979, debut 2008) er knallsterkt. Frå hausten 1899 til hausten året etter mista over tjue små barn i Kristiania livet, og seks såkalla «pleiemødrer» eller «englemakersker» blei stilte for lagretten, skulda for drap. To av dei blei dømde til livstid i fengsel. Aino Basso har skrive ein eg-roman som prøver å avdekkja kvifor.

Dette materialet har forfattaren tidlegare behandla i ein historisk artikkel frå 2012, noko ho gjer greie for i etterordet til den Oskar Braaten-inspirerte fiksjonsteksten «Ungen». Der slår ho fast at ho denne gongen har valt «å dikte til og trekke frå» slik at det ikkje lenger er tale om nøktern dokumentasjon av visse kontrollerbare, historiske fakta.

Det viktigaste forteljargrepet i «Ungen» er at eg-stemma tilhøyrer mordaren og bondedottera Anna Marie Martinsen, fødd 1865. Gjennom broten kronologi får vi høyra om oppveksten hennar i skuggen av fjerne, kalde foreldre og om kva som skjer då ho etter deira død sel garden, flyttar til Kristiania, blir hushjelp hos ein grosserar, blir ramma av det økonomiske krakket og får jobb på Hjula Væveri. Der kuttar ho ein halv finger i ei arbeidsulukke slik at ho må sjå seg om etter ein ny måte å tena pengar på.

At ho får to barn med jusstudenten Karl som sidan sviktar henne, og at ho etter kvart mistar begge barna, blir skildra på engasjert vis. Her blir vi – eg må nesten seia sjølvsagt – igjen og igjen, med overtydelege strekar, minna på korleis ei naiv kvinne blir offer for klassisk mannssjåvinisme og klassesamfunnets maktstrukturar, med tapt framtidshåp, fattigdom og alkoholisme som resultat.

Sterkast inntrykk gjer skildringa av korleis Anna og veninnene Pauline og Martha skaffar seg pengar ved å gli inn i rolla som pleiemødrer for uønskte barn. Berre «vesla» vekkjer ømme morskjensler hos eg-forteljaren. Med opptil seks underernærte, ofte sjuke skrikarungar samla i eit lite rom blir det ingen ro å få før dei vaksne blandar konjakk, bayer eller naftalen i mjølka til dei brysame små- om dei utmatta, moralsk forkvakla pleiemødrene då ikkje går endå lengre ved å drukna eit forkome barn i ei balje eller ved å leggja puter over andletet til hylande barn like til dei blir kvelte, hamnar i ein vadsekk og får ei umerkt grav etter at dei pengefikserte pleiemødrene har skaffa seg ein dødsattest hos ein slepphendt dokter.

Trass i at miljøskildringa verkar truverdig i all sin detaljrikdom, og sjølv om visse scener har perspektivskapande kraft, som den knytt til ei bille i barndommen – her blir stemma til barnemordaren Anna tidvis for pedagogisk belærande, handlinga litt for føreseieleg med sine mange melodramatiske innslag.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Gjestfriheten overfor bobilturister varierer, men et sted skiller seg ut som klart best

  2. Dagen før dette bildet ble tatt, fikk Anne Marit og Terje dødsdommen

  3. Kafé i Sirdal legger ned driften

  4. «Donald Trump nekter å bli med i en eksklusiv klubb som vil ha ham som medlem»

  5. Vil beholde 110 km/t i Rogfast: - Kan ikke spare oss til fant

  6. Stupeulykken i Godalen ble filmet

  1. Roman
  2. Bokanmeldelse
  3. Anmeldelse
  4. Litteratur
  5. Bøker