Rogaland dominerer Samlaget si liste

Som så ofte før, syner forfattarar frå Rogaland svært godt att på Samlaget si haustliste. Dessutan har historikaren Nils Olav Østrem ved Høgskulen i Stavanger fått Halvdan Koht-stipendet for 2004.

Publisert: Publisert:
Hjørdis Ånestad Tiltnes

Stipendet vart delt ut i går i samband med at Samlaget si haustliste blei lagt fram på ein pressekonferanse på Det Norske Teatret i Oslo. Stipendet er på 25.000 kroner, og Østrem får det for bokprosjektet «Norsk utvandringshistorie» som skal gå inn i Samlaget si historieserie «Utsyn og innsikt».

På pressekonferansen vart også Sigmund Skard-stipendet 2004 delt ut med same sum. Det gjekk til den skjønnlitterære forfattaren Olaug Nilssen.

Bakt potet og Gladmat Rogalandsforfattarane er representerte i ulike litterære sjangrar. Arild Rein har skrive kriminalromanen «Kaninbyen» der han lar den tidlegare politimannen Jonny Roxmann freista å gjera raske pengar på Gladmat-festivalen. Han vil selja bakte poteter og ikkje gourmetmat for fiffen. Men det går ikkje heilt som planlagt. «Kaninbyen» er siste boka i Arild Rein sin Stavanger-trilogi.

Per Inge Torkelsen har skrive sjølvbiografi med alvorleg undertone, og Jan Inge Sørbø er representert med ei essaysamling om nynorsk lyrikk. Det kjem ei ny diktsamling av Helge Torvund, Arnt Birkedal har skrive dikt for ungdom og Finn Øglænd ei novellesamling for ungdom der hovudpersonane er i outsidar-posisjonar.

Lars Gaute Jøssang har skrive «Industrieventyret på Jæren», medan Hallstein Grønstøl kjem med «Veterinærmedisinsk ordbok». Grønstøl, som bur på Rennesøy, pendlar til Oslo der han er professor ved Norges veterinærhøgskole.

Sju debutantar Samlaget har elles 112 nye titlar på lista, to tredjedelar er skjønnlitterære og resten fagbøker. I haust er det sju skjønnlitterære debutantar, og tilgangen er god.

Som alltid kjem det biografiar, og mest merksemd er det kring Olav H. Hauge-biografien av Knut Olav Åmås. Olav Kobbeltveit, journalist i Bergens Tidende, har skrive eit portrett av Valgerd Svarstad Haugland som blir lansert i oktober.

Forlagssjef Audun Heskestad opplyser elles at skuleboksalet går svært bra med 36 prosents auke i høve til i fjor, det vil seia over fire millionar meir enn budsjettert til nå. Det er særleg norskbøker og bøker til historiefaget i den vidaregåande skulen som sel godt.

Publisert: