Stjernelag på sakprosafestival

Fersk Bragepris-vinnar Åsne Seierstad, Muhammed-karikatur-redaktør Flemming Rose og kritikarroste Elisabeth Åsbrink er tre av gjestene på Stavanger sakprosafestival, som går av stabelen laurdag.

Åsne Seierstad fekk denne veka Brageprisen for boka "To søstre". Laurdag er ho i Stavanger for å snakka om boka og diskutera skandinaviske tenkemåtar. Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Korleis kan to skandinaviske systre bli radikalisert til å reisa til Syria og kriga for IS? Kva er den norske - og skandinaviske - tenkemåten? Og korleis står det til med ytringsfridomen, både etter Muhammed-karikaturane og åtaket på Charlie Hebdo?

Dette er blant tema som kjem til å bli diskutert når Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFFO) saman med Sølvberget og Kåkå arrangerer verdas første sakprosafestival i Stavanger. I løpet av laurdagen skal fem av Skandinavias fremste sakprosaforfattarar på scenen for å diskutera brennande aktuelle tema:

Klokka 12 skal den svenske journalisten og forfattaren Elisabeth Åsbrink snakka om boka si «1947 - Da vår verden ble til», som tek for seg store og små hendingar i verda i 1947, som har fått konsekvensar for vår tid. Aftenbladets meldar Sven Egil Omdal gav boka terningkast seks då ho kom i haust.

Klokka 13 tek finske Sanna Sarromma for seg norske tabu. Sarromma har budd fleire år på Lillehammer, og har fleire gonger erta på seg mange med sine utspel om norske tenkemåtar. Ho har nå flytta tilbake til Finland.

Klokka 14 tek den norske historieprofessoren Kjetil Jacobsen for seg ytringsfridomskrisen etter åtaka på den franske satiremagasinet Charlie Hebdo.

Klokka 15 kjem fersk Bragepris-vinnar Åsne Seierstad for å diskutera korleis to skandinaviske systre kan enda opp som krigarar for IS i Syria.

Klokka 16.30 skal tidlegare Jyllandsposten-redaktør Flemming Rose diskutera ytringsfridom med Aftenpostens Frank Rossavik. Rose var mannen som trykka Muhammed-karikaturane som førte til massive reaksjonar verda over, og som gjorde Rose til ein internasjonal autoritet på ytringsfridom.

Klokka 18 møter Rose, Seierstad, Sarromma og Åsbrink Hilde Sandvik til ein samtale om skandinaviske tenkemåtar, debattkultur og historieforståing, før det til slutt blir konsert med Valkyrien på Sting nere klokka 22.

Alle arrangementa utanom konserten er gratis, men det går an å reservera plassar.

Publisert:
  1. Åsne Seierstad
  2. Flemming Rose
  3. Charlie Hebdo
  4. Debattkultur
  5. Sølvberget kulturhus

Mest lest akkurat nå

  1. Over natten ble denne grusbanen til en perfekt isflate. Hvem som har laget den er et mysterium

  2. Saktegående trafikk og lange køer ved Sinnes

  3. Folkehelse­instituttet bommet kraftig på smitte­tall i julen

  4. E134: Bil i vannet ved Ølensvåg

  5. Da Line Flesjaa ble syk, flyttet familien til hytta. Det ble et lykkelig valg

  6. Sola vurderer å trekke seg fra lokalt sam­arbeid hvis skjenke­stoppen videre­føres lokalt