Stavanger musikkorps til Italia for å opna kulturhovudstadsår

Stavanger musikkorps av 1919 drar denne helga til Matera i Italia for å delta på opninga av den europeiske kulturhovudstaden 2019. - Fantastisk start på 100-årsjubileumsåret vårt, seier dirigent Morten E. Hansen.

Publisert: Publisert:

Camilla Krokstrand (t.v.), Julie Torstensen, Emilie Thori Lima øver til Italia-turen. Foto: Jon Ingemundsen

Terje Ulvestad (t.v.), Ingvar Storhaug, Elin Kolstad, Evan Delaney, Nora Emilie Bjerkreim, Thomas Hammer skal vera med og blåsa i gang det europeiske kulturhovudstadsåret 2019 i Matera, Italia. Foto: Jon Ingemundsen

– Me veit ikkje om me skal øva, kor me skal øva - eller om me bare skal rett på RAI-tv. Men uansett kva opplegget er: me skal i alle fall kunna våre tonar, seier dirigent Hansen, og hevar taktstokken.

Klarinettar, trompetar, tubaer og fløyter blir løfta til i underkant av 50 par lepper. Og så fyller Beethovens «Ode til gleda» øvingslokalet til Stavanger musikkorps av 1919 i Bjergsted.

Siste øving

Det er tysdag kveld og siste øving før avgang Italia. Før jul fekk nemleg korpset, som i år altså feirar sitt 100-årsjubileum, spørsmål om dei ville koma til Matera i Italia.

Matera!?

Du har sannsynlegvis aldri har høyrt om Matera, men dette er altså den eine av av årets to europeiske kulturhovudstader - den andre er Plovdiv, Bulgaria. Stavangerkorpset blei invitert til å delta på opningsseremonien som eitt av 27 korps frå tidlegare kulturhovudstader.

Storavisa New York Times utropte i januar Plovdiv til ein av dei 52 stadene ein bør besøka i 2019. Les Aftenbladets reisereportasje frå Plovdiv her:

Les også

Bulgarias hemmelige kulturhovudstad

– Det finst jo mange korps i Rogaland, så det var veldig stas at dei spurde akkurat oss, seier Julie Torstensen, styremedlem og klarinettist i janitsjarkorpset - som i år til alt overmål for første gong spelar i elitedivisjonen for janitsjarkorps.

– Det betyr at me faktisk er eitt av Norges ti beste korps, seier Rolv Gjessen, som har spelt trompet i korps i 49 år.

Rolv Gjessen har spelt i korps i 49 år. Mange av dei i Stavanger musikkorps av 1919. Foto: Jon Ingemundsen

Korpsregion

Då korpset feira 90-årsjubileum, blei dei invitert av 17. mai-komiteen i Brooklyn, New York. I år går jubileumsturen til Valencia. Men først, altså: Italia, og korpsregionen Basilicata, der nesten alle dei 131 landsbyane har kvart sitt korps.

– Me skal bu hos vertsfamiliar i ein bitteliten fjellandsby som heiter Pietragalla, seier Torstensen.

– Det er ein Corleone-aktig fjellandsby på 900 meter som får Vikeså til å virka som ein storby, seier Gjessen.

Matera betaler for å få 40 korpsmusikantar frå Stavanger. Stavanger kommune har støtta dei 12 siste, slik at det blir 52 musikarar og fullt korps som drar til Italia. Brorparten drar med fly til Roma torsdag, så ventar fem timar i buss, med tubaer og trompetar i bagasjen.

Og så er det litt uklart kva som skal skje.

Kulturforskjell

– Italienarane har nok ein litt annan måte å organisera på enn oss. Me har vore spente på når me skulle få flybillettane og få vita dei praktiske detaljane, men har fått beskjed om at me bare kan slappa av, at alt er under kontroll, seier Arild Maka, som også spelar klarinett og er sekretær i korpset.

– Det er nok ein viss kulturforskjell i norsk og italiensk måte å gjera dette på. Eg hadde nok ikkje hatt mage til å organisera heilt som dei gjer. Me veit til dømes ikkje heilt nøyaktig kva som skal skje laurdag, men har bare fått beskjed om å slappa av og kosa oss. Så då skal me det, seier dirigent Hansen.

Stig Arild Nilsen, Carina Aasland Thorsen følgjer dirigent Morten E. Hansen på siste øving før Italia-turen. Foto: Jon Ingemundsen

Men på laurdag skal altså over 2000 korpsmusikantar frå inn- og utland marsjera, spela, både kvar for seg og saman, i Matera. Blant dei prominente gjestene er den italienske presidenten. Ein del av arrangementet skal sendast direkte på tv på statskanalen RAI.

– Me får 90 sekund til eigenpresentasjon på RAI. Me skal ta halve «Valdresmarsjen», seier Gjessing.

Norsk musikk

Søndagen skal korpset vera i Pietragalla, spela aleine og saman med det lokale korpset, pluss at dei skal ha ein eigen konsert i kyrkja.

– Me skal bare spela norsk musikk av norske komponistar, seier Torstensen. Dermed blir det full «Valdresmarsj», «Bruremarsj», litt Grieg, «Jegermarsj» og hymne frå Lofoten i den italienske fjellandsbyen.

I tillegg til å dirigera korpset, er Hansen kultursjef i Sola kommune. Men for 11 år sidan jobba han i «Stavanger 2008", med å organisera vårt kulturhovudstadsår. Og sjølv om han meiner den italienske opninga blir noko anna enn den stavangerske, ser han parallellen: at heile regionen og alle kommunane deltek i eit stort fellesarrangement på opningsdagen.

Som altså skal munna ut i at 2019 korpsmusikantar spelar «Ode til gleda» saman på torget i Matera. Framfor presidenten. Direkte på RAI. Forhåpentlegvis i same toneart.

Bente Hinna (t.v.), Lars Fjermestad og Øyvind Svendsen. Foto: Jon Ingemundsen

Publisert: