Svart komedie om svart tragedie?

FILM: «Lords of Chaos» er ei merkeleg blanding av svart humor, svart metall - og store mengder blod og tragedie.

Publisert: Publisert:

Bandet Mayhem var ein av grunnleggjarane av norsk black metal. «Lords of Chaos» fortel historia om deira tidlege år.

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
iconDenne artikkelen er over ett år gammel
Grade: 4 of 6 stars

Lords of Chaos

Med: Rory Culkin, Emory Cohen, Jon Øigarden, Jack Kilmer, Gustaf Hammarsten. Regi: Jonas Åkerlund. Nasjonalitet: Sverige/Storbritannia 2018. Språk: Engelsk. Lengde 1 t. 57 min. Aldersgrense 18 år.

Ganske tidleg i Jonas Åkerlunds omdiskuterte film om Mayhem og starten på det norske black metal-miljøet, blei eg sitjande og lura: Er dette ein komedie?

Det finst scener i dette bloddryppande, svarte dramaet om ein gjeng unge menn som hamnar fullstendig på villspor, som framfor alt minna meg om tidenes musikalske mockumentary, «Spinal Tap». Eller om den Omo-reklamen der dei svarte, «tøffe» rockarane sparkar eitt av bandmedlemma fordi kleda hans er blitt koksgrå. Eller norske sketsjar om svartkledde satanistar som blir glade når dei har det fælt. Eller var det motsett?

Det er lett å le av pretensiøse, purunge menn med store idear - framfor alt om seg sjølv - slik me tidvis gjer av gutungane som la grunnlaget for det som sidan skulle bli ein av Norges fremste kultureksportar, norsk black metal. Men når me samtidig får vita kor ille det gjekk og kor tragisk det enda for fleire av dei - og når me veit at dette faktisk handlar om ekte menneske som nå er døde og ekte kyrkjer som er nedbrende - blir det ei veldig rar blanding av humor og alvor. Ei blanding som i alle fall bidreg til at det blir vanskeleg å engasjera seg emosjonelt i karakterane, sidan dei i periodar framstår som lett latterlege.

Norge blei verdskjend for kyrkjebrannane på 1990-talet, påsette av medlemmer i det norske black metal-miljøet.

Fascinerande historie

Samtidig er jo dette ei vanvittig og fascinerande historie frå vår nære fortid. «Lords of Chaos» baserer seg på boka med same namn frå 1998, som fortel historia om den tidlege norske black metal-scenen. Filmen fortel nærmare bestemt om bandet Mayhem frå 1987 til 1993, og meir spesifikt om grunnleggjar og gitarist Øystein Aarseth. Han blir fint spela av Rory Culkin, som viser ein ung mann som strør om seg med store ord om ondskap og helvete, men som kanskje ikkje legg like mykje i orda. (Einaste forstyrrande trekk med Culkin er at han liknar så forferdeleg på broren Macauly frå «Hjemme alene»).

Så kjem Kristian Vikernes, betre kjent som Varg, eller som Greven, inn i biletet. Som Mayhems tidlege vokalist Dead (Jack Kilmer) - som fullfører sin dødsfascinasjon på grotesk vis - legg Vikernes handling til orda sine. Dermed går gutestrekane, festinga og leikinga over til å bli ein slags konkurranse i ondskap og amoral, i å gjera det eine verre enn det andre. Og dette ender altså både i kyrkjebrenningar og drap. Og i eit mediesirkus utan like. Eigentleg handlar filmen fint lite om musikken, sjølv om det finst ein del av han i soundtracket.

Heilt frå anslaget viser Åkerlund fram den bisarre kontrasten som ligg i at det veks fram eit slikt destruktivt, mørkt og dødsdyrkande miljø i eit så fredeleg og harmonisk land som Norge. I den eine augneblinken ser me vakker, norsk postkortnatur, i det neste er det ned i kjellaren under Aarseths butikk helvete. I den eine augneblinken seier den svartkledde ungdommen koseleg «ha det bra» til mamma heime i middelklassehuset, i det neste drep han ein tilfeldig mann med kniv. Og på veg for å ta livet av ein mann, blir det slap stick-aktig fomling med bensinpumper på ein stasjon, og ein bil som svingar inn med «La det swinge» på full styrke. Skal me le då?

Kombinér så dette med svært blodige og detaljerte skildringar av sjølvmord og knivdrap, som er hjerteskjærande vonde å sjå på. Skal me grina då?

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Vil bytte bort 2. pinsedag som fridag

  2. Politiet nedringt om festklager

  3. – Jeg har vært interessert i planter så lenge jeg kan huske

  4. To gutter på 14 og 16 år overga seg til politiet

  5. Ruset mann kjørte feil vei i Ryfast

  6. Nok en Bryne-gutt skal spille for Sandnes Ulf

  1. Film
  2. Filmanmeldelse
  3. Anmeldelse
  4. Metal (musikk)