Avverga tidenes kultur­poli­tiske skan­dale

KOMMENTAR: Kulturminister Abid Raja (V) var nøydd til å ta grep og fekk avverga tidenes kulturpolitiske skandale. Er det nok til å reparera tilliten i kulturlivet?

Abid Raja (V) doblar ramma for kulturlivets stimuleringsordning, etter ei veke full av kaos og fortviling. Foto: Berit Roald

  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:

Det har vore ei vond veke for Abid Raja. Ikkje på langt nær så vond som for alle dei hundrevis av fortvila artistar, scenearbeidarar, bookingbyrå og bransjefolk som plutseleg sat der med store økonomiske tap, null inntekter og avlysingar etter å ha fått overraskande avslag på søknadane sine om stimuleringsmidlar frå Kulturrådet. Men likevel.

For å rekapitulera litt: Raja har – fortenestefullt nok – sidan i fjor haust jobba med å sikra ordningar som sikra aktivitet i kulturlivet, innanfor dei grensene smitteverntiltaka sette. Han oppfordra folk til å gjennomføra kulturarrangement framfor å avlysa, og lova økonomiske ordningar for å kompensera for underskota som var dømt til å koma.

Frustrasjon og justering

Det har vore mykje frustrasjon både over innretning og at det har teke for lang tid før ordningane kom på plass. Men Raja har sitt på det tørre når han seier han har vist både vilje og evne til å justera, auka og forlenga ordningane når det har vore nødvendig. Slik han nå også har fått til med stimuleringsordninga.

Les også

Raja dobler stimuleringspakken fra 400 til 800 millioner

Ei dobling av den økonomiske ramma frå 400 til 800 millionar kroner og eit pålegg om å gå gjennom avslåtte søknader for å vurdera dei på ny, vil sannsynlegvis retta opp det meste av det som gjekk så spektakulært skeis i første tildelingsrunde.

Kva skjedde?

Det store – og ubesvarte – spørsmålet som likevel står igjen, er korleis i all verda dette kunne gå så gale. Korleis blei dei 1,065 milliardane Raja 19. desember sa at var sette av til stimuleringsmidlar til kulturnæringa for 2021 til ei stimuleringsordning på 400 millionar kroner? Kven trudde at dette kunne vera stor nok ramme for seks månader når same ordning kosta 668 millionar kroner for tre månader i fjor haust?

Les også

Tidenes kulturpolitiske skandale

Og kva er Kulturrådets rolle i saka? Raja seier – og det må me tru han på – at han ikkje fekk vita at Kulturrådet berre hadde delt ut 200 millionar kroner før fredag ettermiddag. Då gjekk alarmen i Kulturdepartementet. Sidan har den ansvarlege statsråden altså jobba på spreng for å få regjeringa med seg på å endra ramma og ordna opp.

Men er det verkeleg så lite og dårleg kontakt mellom Kulturrådet og Kulturdepartementet? Det er greitt nok at det skal vera armlengdes avstand mellom politisk leiing og byråkratane i Kulturrådet. Men inneber det å halda statsråden heilt i mørket – og påføra han dette slaget?

Les også

Raja: - Jeg føler med dere

«Helhetsvurdering»?

Det er også grunn til å spørja seg om Kulturrådets sakshandsaming og deira eiga innføring av nye premiss for tildelinga. Kan verkeleg Kulturrådet innføra nye krav som ikkje står i forskrifta som ligg til grunn for ordninga – og operera med «helhetsvurderinger» ingen utanfor kontora deira skjønnar logikken i? Korleis har kontakten mellom kulturråd og departement vore på dette punktet? Har Kulturrådet, på armlengdes avstand, sjølv drive kulturpolitikk? Kva er kulturministerens og kva er Kulturrådets ansvar for den veritable shitstormen som oppstod denne veka?

Abid Raja var heilt fersk i kulturpolitikken då han plutseleg overtok ansvaret for sektoren veker før koronaen slo knockout på landet og kulturlivet. Han har i sanning måtta læra fort og i forvirrande motbakkar. Han skal ha ros for engasjement og sin gode vilje. Men som kulturminister blir du målt på kva du får til. Raja har gong etter gong kome seint, men godt, med gode ordningar til kulturlivet. Så også nå.

Spørsmålet er kor djup ripe han fekk seg i lakken denne gongen – og om dei nye millionane er nok til å reparera tilliten hans i kulturlivet.

Publisert:

Kommentator Jan Zahl

  1. «Såg du årets Oscar-utdeling? Ikkje eg heller»

  2. Avverga tidenes kultur­poli­tiske skan­dale

  3. «Tidenes kulturpolitiske skandale»

  4. «Var Tix-gate ein vinn-vinn-vinn-situasjon?»

  5. Absurd kommuneregel

  6. Arbeidslivets store paradoks: Mange er utan arbeid, likevel manglar me arbeidskraft

  1. Kommentator Jan Zahl
  2. Abid Raja
  3. Kulturpolitikk
  4. Kulturrådet
  5. Kulturdepartementet