Fascinerande grisefilm

FILM: Kan ein ordlaus langfilm i svart-kvitt om ei sugge, ein flokk kyr og nokre høner bli bra? Ja, så absolutt!

«Gunda» handlar for ein stor del om purka Gunda og ungeflokken hennar.

  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 6 out of 6

Gunda

Med: Grisen Gunda, grisungar, høner og kyr. Sjanger: Dokumentar. Regi: Victor Kossakovsky. Nasjonalitet: Norge, 2020. Aldersgrense: Tillatt for alle. Lengde: 1 time, 33 minutt.

«Gunda» har blitt litt av eit internasjonalt fenomen allereie før den norske kinopremieren denne helga. Ei rekkje filmfestivalar, nominasjonar og prisar - sist kortlisting som norsk Oscar-kandidat - masse medieomtale, Hollywood-stjerna Joaquin Phoenix inne på produsentsida og sal til snart 40 land talar sitt tydelege språk om at dette ikkje er kva dokumentarfilm som helst.

Bak filmen står den mangfaldige gonger prisløna russiske regissøren Victor Kossakovsky, kjent for å sin særeigne, visuelt forteljande stil. Med seg har han norske Egil Håskjold Larsen bak kamera.

«Gunda» er filma frå dyras eige perspektiv. Her møter me blant anna ein kylling med eitt bein.

Og der har du strengt tatt heile opplegget: Filmskaparane har plassert seg sjølv og kamera i grisebingen, ute på markene, på nivå med dyra. Me følgjer dei nærmast frå deira eige perspektiv, i lange, dvelande tagningar der me strengt tatt berre ser dyra og høyrer dei naturlege lydane som omgir dei. Her er ingen menneske, ingen dialog, ingen musikk - og ingen fargar.

Det høyrest drepande kjedeleg ut?

Vel, det fascinerande er at dette ikkje er kjedeleg i det heile tatt. Sjølv om me møter ein flokk høner og ein kylling med eitt bein, nokre kyr som blir sleppt ut på beite, er det framfor alt historia om purka Gunda og grisungane hennar på Grøstad gard i Vestfold som er mest fengslande. Ikkje minst fordi det her også ligg ei historie, ein slags dramaturgi, om fødsel, kampen for å overleva, livets gang på garden. Med rikeleg høve til å lesa (menneskelege) kjensler og empati inn i dyra me møter på lerretet.

Du skal vera ein kald fisk for ikkje å bli gripen av historia om Gunda og ungane hennar. Og er du i stand til å setja pris på vakre bilete - og undra deg over korleis filmskaparane har klart å koma så tett på desse dyra - vil du garantert også setja pris på dei visuelle kvalitetane i denne stillferdige, men likevel fascinerande, rapporten frå husdyras verd.

Dei norskproduserte dokumentarfilmane «Kunstneren og tyven» og «Gunda» nådde altså nesten opp til Oscar-nominasjon, som to av 15 utvalde av 238 konkurrerande filmar. Begge skil seg frå dei fleste dokumentarfilmar eg har sett, både gjennom historiene dei fortel - men ikkje minst gjennom måten dei blir fortalt på. Dette er dokumentarfilm med særpreg. Og når det er så vellukka og særprega som dette, må det bli full pott på terningen.

Publisert:

Film- og tv-anmeldelser

  1. Ei einaste ku

  2. Super-kalkun fra Netflix

  3. Romantikk i livets høst

  4. «Eg heldt på å kjeda meg i hel den første halvtimen, men så...!»

  5. Animert moro for menigheten

  6. Du vet at serien treffer blink når du roper «Akkurat sånn er det!» til tv-en

  1. Film- og tv-anmeldelser
  2. Filmanmeldelse
  3. Film
  4. Dokumentarfilm