Merkelege greier

FILM: Pretensiøst forsøk på å blanda nåtid og fortid, magi og medisin.

Lotte Verbeek spelar både ei kvinne på 1700-talet og moderne lege i «The Book of Vision».
  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 2 out of 6

The Book of Vision

Kinopremiere: 25.06.2021. Skuespillere: Charles Dance, Lotte Verbeek, Sverrir Gudnason. Sjanger: Drama. Regi: Carlo Hintermann. Nasjonalitet: Italia / Belgia / Storbritannia, 2020. Aldersgrense: 12 år. Lengde: 1 time, 38 minutt.

Den vellukka kirurgen Eva (Lotte Verbeek) hoppar av den medisinske karrieren si for å studera ein mystisk lege og hans skrifter frå 1700-talet. Pussig nok viser den mystiske 1700-talslegen Johan Anmuth (Charles Dance) seg å vera same mann (Dance) som Evas lege – både i fortida og i notida. Akkurat som hennar nye forskingsfrende (Sverrig Gudnason) også dukkar opp i fortida, slik dei fleste «The Book of Vision» viser seg å gjera.

Filmen hoppar fram og tilbake mellom nåtid og 1700-tal, mellom medisin og magi, den tilsynelatande verkelege verda og draumar, i ei intrikat historie som grip inn i kvarandre, med rundt 300 års avstand.

Det er ganske forvirrande og komplisert å forstå.

Samtidig prøver filmen å løfta fram vidløftige og filosofiske spørsmål rundt medisinens utvikling, å lytta til kropp og draumar, og eitt eller anna rundt natur og liv. Her er både eit magisk tre og ei som kanskje er ei heks.

Hintermann prøver altså å gapa over kolossalt mykje i sin debut som spelefilm regissør. For mykje. Grensa mellom å vera ambisiøs og pretensiøs er hårfin, og for meg vippar dette feil veg.

Hinterman har fått med seg solide namn på ferda. Som tre gonger Oscar-nominerte Terrence Malick på produsentsida til solide skodespelarar som Dance, Verbeek og Gudnason. Dei gjer det for så vidt heilt ok, men for mykje av spelet rundt dei blir kunstig og stivt. Ikkje hjelper det når den engelske talen tydeleg er dubba i ettertid på italienske Filippo Nigro, i denne samproduksjonen mellom Italia, Belgia og Storbritannia. Dermed er det også eit variert, europeisk cast. Det er ikkje overtydande når lepper og munn ikkje er synkronisert skikkeleg med lyden av orda du høyrer.

Til gjengjeld er det heile flott filma og visuelt, tidvis både kunstferdig og poetisk. Så om du er opnare enn meg for hekseri og magi og atterføding og mystikk, så kan kanskje dette vera noko for deg.

Publisert:

Film- og tv-anmeldelser

  1. Punken var visst ikkje død

  2. Absurd frå eit USA i forfall – men alle vil nok ikkje le

  3. Absurd, provoserende og originalt om sex-tape på avveie

  4. Går det an å både le og grina av kreft og tragedie? Absolutt

  5. Rørende og vakkert om kjønns­identitet

  6. Still­ferdig japansk drama om mor­skapets dilemma

  1. Film- og tv-anmeldelser
  2. Filmanmeldelse
  3. Anmeldelse
  4. Film