Dansekunst på Tungenes fyr

Kunstnarpar inviterer til samspel mellom bevegelse, dans og tonar frå trompet.

Publisert: Publisert:

Bára Sigfúsdotter med samtidsdans og Eivind Lønning på trompet skal framføre ein improvisert, tett duett ved sjøen søndag klokka 18. Foto: Nanna Dis / www.nannadis.com

  • Marie Håland
    Journalist

Kunstnarparet Bára Sigfúsdotter frå Island, som er dansekunstnar, og musikar Eivind Lønning frå Kolbotn kombinerer sine erfaringar i den improviserte framsyninga «TIDE». Arrangementet er i samarbeid med Dansenett Norge og RAS (Regional arena for samtidsdans), og vil foregå på Tungenes fyr søndag klokka 18.

– Musikken og samtidsdansen skal ha likeverdige posisjonar, og det er eit poetisk samspel. Dei jobbar med å skape ei heilskapleg sanseleg oppleving for publikum gjennom musikken og dansen. Publikum skal kunne få ein pause frå ein travel kvardag, seier Susanne Viste Bie.

Ho er turnekoordinator i Dansenett Norge og produsent i RAS.

Håper på fint vêr

«TIDE» blir den første av 37 danseframsyningar på turne med Dansenett Norge som ikkje er avlyst av korona.

– Det er veldig stas å kunne få til dette i juni, og me er veldig glade for det. Ein merker at publikum er svoltne på opplevingar no, seier Bie.

Les også

Permitteringer og store økonomiske tap for kulturlivet

Grunnen til at dei har vald Tungenes fyr, er at det i prosjektet er beskrive at tidevatnet drar og bevegar dei, og at det derfor er fint å vere ved sjøen. I utgangspunktet skal framsyninga skje utandørs.

– Me såg føre oss at det kom til å vere prima vêr, men me får sjå korleis det blir. Me kan ikkje vere ute i pøsregn eller vind då musikken er akustisk. I så fall blir det inne på kafeen.

Les også

Det blir kammermusikkfestival, og den blir nesten heilt norsk

Det er første gong Sigfúsdotter og Lønning er med i Dansenett Norge. Ifølgje Bie er dei begge svært gode formidlarar.

– Me gleder oss skikkeleg. Og me lover at det skal bli meir dans på ulike scener framover òg.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Ungdommer kobles til sju ran i Stavanger de to siste månedene

  2. – Jeg må si jeg blir betenkt hvis dette skal bli vanlig i naustmiljøene i fylket

  3. 16-åring fikk krav på 860 kroner, Kolumbus endrer praksis

  4. Disse videregående skolene er mest populære i år

  5. Megleren felt etter salg av råteskadet hus

  6. Følg med på nyttår rundt i distriktet på våre webkameraer

  1. Dans
  2. Musikk
  3. Randaberg