Korleis tena pengar i kulturlivet?

KOMMENTAR: Vil du tena masse pengar på kultur, bør du bli veldig populær. Men sannsynlegvis er ein fast jobb den sikraste og beste måten å sikra ei rimeleg inntekt i kulturbransjen.

Publisert: Publisert:

Jo Nesbø spelar i ein eigen divisjon når det gjeld inntekter og formue i kulturlivet. Vil du bli rik i kulturlivet, er det lurt å skriva internasjonale bestseljarbøker. Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist

Så er skattelistene her igjen - med dei same gjengangarane på topp med millioninntekter og formue. Av folk med rogalandstilknyting: Musikarane Leif Ove Andsnes, Bjørn Eidsvåg, Morten Abel, Thomas Dybdahl, Janove Ottesen og Øyvind Staveland. Eller Kygo, A-ha og Alan Walker, om me skal opp på topp 10 på nasjonalt nivå.

Moral: Skal du bli rik i musikkindustrien, bør du laga musikk som veldig, veldig mange liker.

Les også

Mannstungt på kulturinntektstoppen

Boktoppen

Det er også mulig å tena millionbeløp på å skriva bøker - men nesten ingen klarer det. I Rogaland finst det cirka to, men eigentleg bare éin. Tore Renberg hadde over to millionar i inntekt i 2018. Janne Stigen Drangsholt bikka også millionen i inntekt - men så er ho også førsteamanuensis ved Universitetet i Stavanger i tillegg til forfattarvirket. Både Renberg og Stigen Drangsholt er kjenneteikna av at dei ikkje bare sit stille og skriv bøker. Dei har mange ulike prosjekt gåande heile tida, verkar på ei rekke arenaer og i mange sjangre og jobbar ekstremt mykje.

Øvst på den nasjonale inntekts- og formuetoppen for forfattarar finn me Jo Nesbø - i ein heilt eigen divisjon. Med Jørn Lier Horst som ein god nummer to.

Lurer du på kvifor norske forlag gir ut så mange krimbøker kvart år? Mykje av forklaringa ligg nettopp her. For klarer du å dyrka fram ein Nesbø, eller til nauds ein Horst, har du sikra finansieringa både av julebordet og hagefesten. Nesbøs forlag Aschehoug er forresten i ferd med å skyta gullfuglen igjen. Maja Lunde er det nye, norske stjerneskotet på den internasjonale bokhimmelen, og dobla inntekta si til over 10 millionar frå 2017 - 2018.

Moral: Vil du bli skikkelig rik på bøker, skriv internasjonale bestseljarar.

Pop å vera pop

Sånn kunne eg halde fram. For skattelister og inntektstoppar er eigentleg veldig lite hokus pokus: Dei som er mest populære og som driv med kunstuttrykk med eit stort publikum, tener også mest pengar. Det gjeld enten du driv med musikk, komikk, litteratur eller andre kunstnariske uttrykk.

Men alle desse millioninntektene og -formuene er samtidig veldig lite representantive for det som er realiteten for dei aller, aller fleste som jobbar innanfor kultursektoren. For der er inntektene både varierande og ganske låge, om du ikkje skulle vera blant dei som har ein fast jobb på ein kulturinstitusjon og får ei fast månadslønn frå teatret, orkesteret, kommunen eller fylket. Men då jobbar du strengt tatt i det offentlege.

Realiteten

Realiteten for den jamne musikar, skodespelar, biletkunstnar, songar, forfattar, dansar eller komikar er ofte eit lappeteppe av småinntekter og oppdrag som til saman kan bli til ei slags årsinntekt. Ei årsinntekt mange må spe på med deltidsjobbar som ikkje har noko med kultur å gjera, eller jobbing i den kulturelle grunnmuren, ganske langt unna det glamorøse rampelyset og skattelistene i avisene. Bevares, det er heilt frivillig å villa bli kunstnar, men gjer du eit slikt livsval, er dette realiteten for dei fleste.

Sånn sett er nok biletkunstnar Natasja Askelund eller forfattar Kristin Auestad Danielsen sine skildringar av trong økonomi meir representative for den jamne kunstnar i kulturnasjonen Norge enn den dagen avisene trykker sine lister over dei rike og berømte i kulturlivet.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Her tar bilen u-sving i Hundvågtunnelen

  2. Mistanke om ruskjøring etter trafikkuhell på Ganddal

  3. – Denne statistikken er skremmende

  4. Gutt (16) omkom i ulykke hjemme

  5. Ny Viking-kontrakt for Furdal: – Eventyret fortsetter

  6. Ny fartshump for Rogfast

  1. Kultur
  2. Natasja Askelund
  3. Janove Ottesen
  4. Alan Walker
  5. Bjørn Eidsvåg