Den flamboyante frisørens film

FILM: «Swan Song» hyllar eit homseikon – men hylling på film er trøblete greier.

Udo Kier spelar den eksentriske, aldrande og flamboyante frisøren i «Swan Song».
  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 3 out of 6

SWAN SONG

Kinopremiere: 21.01.2022 Med: Udo Kier, Jennifer Coolidge, Linda Evans, Michael Urie, Ira Hawkins. Sjanger: Komedie / Drama. Regi: Todd Stephens. Nasjonalitet: USA, 2021. Språk: engelsk. Aldersgrense: 6 år. Lengde: 1 time, 45 minutt.

Då Todd Stephens vaks opp i småbyen Sandusky, Ohio, likna dei fleste på kvarandre. Men éin kar skilde seg ut: Frisøren Pat Pitsenbarger gjekk rundt med fløyelshatt og fjørboa og røykte lange, tynne More’s.

Og då Stephens som 17-åring for første gong tok steget inn i byens homsebar, såg han ein kar i eit glinsande kostyme på dansegolvet: Pat.

Den verkelege Pat forsvann til New York. Men Stephens tenkte alltid at han skulle laga ein film om mannen som på mange måtar blei ein muse for Stephens sjølv - og slik også hylla den tidas foregangspersonar i homserørsla.

Stephens intensjonar er altså både velmeinande og sympatiske. Og blir også problemet med «Swan Song», etter mitt syn. Sjølv om mange av mine kritikarkolleger er usamde. Filmen vann kritikarprisen ved årets Filmfestival i Haugesund.

Når me møter Pat (Udo Kier) i filmen, er det lenge sidan han var glamorøs frisør. Nå lever han eit rutineprega og deprimerande liv på ein aldersheim. Men ein dag blir han oppsøkt av ein advokat som vil ha Pat til å stella ein av sine tidlegare klientar ein siste gong på håret - nå som ho er død og skal stellast til gravferda.

Dermed legg Pat ut på ein kort road trip tilbake til byen, tilbake til stader, personar - og hårprodukt - han ein gong kjente.

Tyske Kier spelar den aldrande frisøren lett outrert og ganske eksentrisk. Litt for mykje for min smak. Det er som om regissør Stephens prøver å mana fram eit slags mytisk bilete han ber på, men som eg lurer på om han har for liten avstand til. Eg lo heller ikkje av humoren. Eg syns ikkje det er så morosamt om ein mann går i ein litt ellevill hatt eller lagar kø mens han kjører elektrisk rullestol og er kledd i mintgrøn buksedrakt.

«Swan Song» er ein lågbudsjettfilm, og det viser seg blant anna i skodespelarprestasjonane til ein del av sidekarakterane, som tidvis er på b-filmnivå.

Dessverre er ikkje gode intensjonar nok til å laga god film.

Publisert:

Film- og tv-anmeldelser

  1. En heller svak og forut­sigbar kjærlig­hets­historie i en veldig fransk ramme

  2. Morsom, men tynn ninja-oppfølger

  3. Kunne blitt ein thriller om eit av verdas mest kjente bygg. Men nei...

  4. Manuset er nesten komisk svakt. Og skode­spelet. Og regien

  5. Sex og snakk på fransk

  6. James Bond-skaparen hadde ideen. Nå er den utrulege, men sanne, historia frå krigen blitt film

  1. Film- og tv-anmeldelser
  2. Filmanmeldelse
  3. Anmeldelse
  4. Film