Lærerik laurdag i vente

SAKPROSA: Laurdag går sakprosafestivalen av stabelen i Stavanger for sjette gong, stappfull av påfyll til hjernen.

Brageprisnominerte Lena Lindgren kjem til Stavanger laurdag for å snakka om boka si «Ekko. Et essay om algoritmer og begjær».
Publisert: Publisert:

– Etter å ha tømt lommeboka Black Friday kan folk få fylt på hjernen på sakprosafestival laurdag?

– Det stemmer, humrar festivalsjef Jan Inge Reilstad i Kåkå Kverulantkatedralen.

Laurdag går Sakprosafestivalen av stabelen i Stavanger, for sjette gong. Festivalen er ein del av Norsk faglitterær forfattar- og omsetjarforeining (NFFO) sin strategi for å få spreidd sakprosaen til folket, i det minste i dei største byane. Hit kjem eit snes smartingar som skal formidla av kunnskapen sin om alt frå metafysikk og psykisk sjukdom til sperm, klassereise og David Bowie.

– Sakprosafestivalen er ein heil dag pakka med forfattarane bak dei aller beste sakprosabøkene som har kome i år – og med Froddien som syng Svein Tang Wa til slutt, seier Reilstad.

Sjølv reknar han Lena Lindgrens bragprisnominerte «Ekko. Et essay om algoritmer og begjær» som den beste boka han har lese i år. Lindgren kjem til Stavanger for å snakka om boka si laurdag.

Det same gjer danske Peter Øvig Knutsen, som har skrive om moras psykiske sjukdom og depresjon. Og som sjølv blei så deprimert at han blei innlagt mens han gjorde det.

– Den boka skapte både litterær og etisk debatt då ho kom ut, seier Reilstad.

– Kva er forskjellen på Sakprosafestivalen og andre litteraturfestivalar, som Kapittel og Litteraturveka på Sting?

– Litteraturveka på Sting var eit direkte møte med litteraturen og forfattaren. Kapittel er ei blanding som først og fremst løftar fram viktig skjønnlitteratur. På Sakprosafestivalen tek me for oss den norske og nordiske sakprosaen, som har mange undersjangrar og er veldig mangfaldig.

– Kjem det folk på dette?

– Me håper jo at det kjem folk – men er spente i år. Det har pleid å koma veldig mange, men det er ingen tvil om at det er eit spesielt år, med pandemien i bakgrunnen. I Oslo kom færre enn før då dei hadde sin festival. Også me merkar ei meir avventande haldning hos publikum i år, seier Reilstad.

Ham veit ikkje om folk er avlærte frå å gå på kulturarrangement:

– Eg trur kanskje heller folk føler at me er på ein stad i pandemien der ein ikkje skal ta sjansar. Og så nærmar me oss jo jul.

– Men er det trygt å gå på kulturarrangement som dette nå?

– Det er heilt, heilt, heilt trygt. I fjor haust, under den verste koronakrisen, var det ingen smittetilfelle på våre arrangement. Det er supertrygt å gå på Sakprosafestivalen.

Publisert: