Er det håp for dei gamle folkepartia?

BOK: Vegen mot ein moderat renessanse går til venstre i økonomien, til høgre i verdipolitikken, meiner Tarjei Skirbekk.

Ségolène Royal var presidentkandidat for det franske sosialistpartiet i 2007, fekk 42 prosent av stemmane, men tapte for høgresidas Nicolas Sarkozy. Sosialistane stupte til 5,7 prosent ti år seinare. Men no er Royal minister for miljø, energi og internasjonale klimaforhold.
  • Tom Hetland
    Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet
Publisert: Publisert:
Grade: 5 out of 6

Tarjei Skirbekk: De moderate folkepartienes fall i Europa. 290 sider. Cappelen Damm Akademisk.

Det begynner å bli mange desillusjonerte og urolege barn av 1990-talet. Tarjei Skirbekk er eitt av dei. Idéhistorikaren og rådgivaren for sosialdemokratar i Norge og Sverige vedgår at «den politiske og sosiale utviklingen i Europa gikk ikke slik mange av oss håpet og drømte om etter Berlinmurens fall». I staden for eit samla og stabilt Europa har me fått djup polarisering og veksande sosiale motsetningar.

Utviklinga har fare hardt fram mot det Skirbekk kallar dei moderate folkepartia, det vil seia sosialdemokratar, kristendemokratar, sosialt konservative og sosialliberale. I tiåra etter krigen fekk dei støtte frå eit overveldande fleirtal av europeiske veljarar. Dei breie folkepartia bygde opp velferdsstatar grunnlagt dels på arbeidarrørsla sine solidaritetsverdiar, dels på kristen sosiallære. Framfor alt var dei prega av lærdommen frå krigen om kva som kunne skje om ekstreme politiske krefter fekk makt. Dei moderate folkepartia avlyste ikkje den politiske striden, men dei stod saman om å ha det liberale demokratiet som verdigrunnlag. 

Offer for overmot

Det skulle ikkje vara. Sjølv om stoda varierer frå land til land, er fallet for desse partia dramatisk fleire stader. Det franske sosialistpartiet har for eksempel stupt frå 42 prosent oppslutning i 2007 til 5,7 prosent ti år seinare. Til gjengjeld har me sett ein vekst for høgreradikale og høgreradikale parti, pluss ulike nye raud-grøne parti på venstresida.

Dei moderate folkepartia vart offer for sitt eige overmot ved slutten av den kalde krigen. Då heitte det at «historia var slutt» og at det berre var eit tidsspørsmål før den vestlege modellen med demokrati og marknadsøkonomi skulle gi Aust-Europa ei blomstrande framtid. I staden vart politikareliten både i aust og vest ståande utan svar på den stadig sterkare folkelege misnøya etter kvart som utfordringane frå globaliseringa pressa på. «De besto ikke historiens prøve», konkluderer forfattaren. Resultatet er at Europa står i fare for å hamna i alvorleg sosial og politisk ubalanse.

Likevel, om Skirbekk slår alarm, trur han ikkje alt håp er ute. Ennå kan dei moderate folkepartia vinna tilbake rolla som breie og samlande politiske krefter. Skirbekks oppskrift er, enkelt sagt, at dei må gå til venstre i den økonomiske politikken og til høgre i verdipolitikken. 

Etterlyst: Vilje til styring

Globaliseringa i nyliberal utgåve har skapt større forskjellar mellom fattig og rik og mellom by og land. Både sosialdemokratar og moderate konservative har sidan Thatcher og Reagans tid i altfor stor grad akseptert denne utviklinga som uunngåeleg. Nå må dei igjen visa politisk styringsvilje for å gjenreisa ein sosial marknadsøkonomi. Då må demokratiet setjast i førarsetet i staden for marknaden, slår Skirbekk fast.

Samstundes tek Skirbekk eit oppgjer med identitetspolitikken, som han meiner har mykje til felles med liberalismen i økonomien: «De nye politiske markørene ble privat, seksuell, kulturell eller etnisk identitet: Hver og en av oss skal finne oss selv og være et politisk uttrykk.» Slik blir gruppeidentitetar sementerte, og den offentlege debatten kjensleladd og moralistisk. Her må dei moderate folkepartia gjenreisa statsborgarrolla, byggja bru mellom identitetar og leggja vekt på det som er felles i eit samfunn, meiner Skirbekk.

Fleire spørsmål

Det er mykje i Tarjei Skirbekks bok som eggjar til motlegg. Er dei moderate folkepartia eigentleg liv laga? Er dei berre eit nytt eksempel på at langvarig makt sløvar og korrumperer? Spring dei ikkje ut av eit samfunn med andre motsetningar og sosiale forhold? Avspeglar dei nye fløypartia kanskje berre vår fragmenterte og polariserte tid?

Mange vil nok også meina at Skirbekk går for langt i autoritær retning når han hevdar at det er politisk umogleg å vidareføra den liberale innvandringspolitikken og opnar for å forby «enkelte politiske og religiøse bevegelser». Andre vil stilla spørsmålsteikn ved Skirbekks sterke tru på EU, som dei vil hevda har vore pådrivar for mykje av den utviklinga forfattaren kritiserer, og som dermed har forsterka kjensla av avmakt og avstand blant folk. 

Likevel har Tarjei Skirbekk skrive ei viktig bok som forsterkar inntrykket av at me nå er i ei oppbrotstid i vestleg politikk. Boka fortener å bli lesen og diskutert av mange. Då tilgir eg gjerne at språket ber preg av at forfattar og forlag har hatt det litt for travelt.

Publisert:

Bokanmeldelser

  1. Reflektert og stillferdig om en verden etter katastrofen

  2. En politisk roman som skaper rene krim­spenningen

  3. Feiende flott roman

  4. Rasende krim fra mannsdominert fiskeribransje

  5. Seriemorder i ferieparadiset

  6. Skal ein kulturarbeidar vera prostituert hjå kultureliten eller sveltekunstnar med integriteten i behald?

  1. Bokanmeldelser
  2. Bokanmeldelse
  3. Sakprosa
  4. Anmeldelse
  5. Demokrati