Gaute Heivoll lukkast igjen – denne gong med mordgåte

BOK: Gaute Heivoll tek aldri lett på det. Det er difor han lukkast. 

«Forklaringen» er eit særs fint stykke arbeid, skriv vår bokmeldar.
  • Sofie Braut
    Sofie Braut
    Lektor og skribent
Publisert: Publisert:
Grade: 5 out of 6

Gaute Heivoll: Forklaringen. 271 sider. Tiden Norsk Forlag.

Kanskje det er noko med at det vert sagt så mykje uvesentleg for tida, eller kanskje det er berre at alt heile vegen skal gå så fordømt fort. Det er uansett noko med å setja seg ned med ei bok skriven av ein forfattar med ein usvikeleg sans for kva ord som til ei kvar tid passar og kva mellommenneskelege omvegar han må ta for å visa fram det vesentlege. 

Gaute Heivoll har etter kvart eit fyldig forfattarskap bak seg, og han er blitt kjent for å finna fram til historier som andre gjerne har oversett eller gløymt, og gjera desse levande og viktige.

Det same gjeld denne gongen, der Heivoll tek oss tilbake til Kristiansand i 1967. Eit uforståeleg og brutalt drap på den stille konfirmanten Eli utgjer ramma for forteljinga denne gongen. Den stille Eli, som aldri har vore anna enn snill, funnen att ved idylliske Ravnedalen, knivstukken og bakbunden.

Hendinga riv alle ut av vante spor: «Det var gått to dager eller seksti år. Hun var så uventet borte. Hun var så uventet nær.»

Eit oversiktleg persongalleri rundt Eli med venninna Kristin og foreldra i sentrum, gjer at vi kjem tett på livet til Eli.  Dessutan er det Arne, byens sære bygdetulling, han som heng seg på men som aldri er heilt med. Ein som opplagt kan ha gjort det, men som ingen eigentleg trudde ville gått så langt. Når han tilstår verkar alt klart, lokalpressa konkluderer med krigstypar, folk ikring likeeins.

Men kva er det ein gløymer og overser i iveren etter oppklaringa? Det er her Heivoll kjem til sin rett som forteljar, han finn rett og slett fram til menneska; visst nøstar han opp løysinga på kva som hende med den myrda ungjenta den novemberdagen i 1967, men midt i det dramatiske raset går han stilt i irrgangane i menneskesinnet, han spør, lyttar og gir lesaren plass til å tenkja. Om det er av og til kjem noko traust og tilknept over skildringane, er «Forklaringen» mest av alt eit særs fint stykke arbeid. 

Som tittelen viser, er det altså forklaringa Heivoll, dveler mest ved, hovudsaka er verken brutaliteten i brotsverket, moglege makabre motiv, eller den overraskande oppklaringa.

Her er det ingen briljant meisterdetektiv eller rufsete politietterforskar som tek opp plassen i etterforskinga, her er i staden ein svært påliteleg observatør som gir oss dei mange tradisjonelle krim-ingrediensane i eit nytt, svært vellukka blandingsforhold. Vellukka er også skiftinga mellom det å vera tett på dei einskilde personane og det å fanga inn den allmenne stemninga.

Kristiansand anno 1967 har eit konformt nærmiljøpreg som Heivoll på overtydande vis fangar opp med kløktig bruk av det ubestemte pronomenet «man». Nærværet av denne kompakte konformiteten minner oss også om kor lett det er å falla utanfor, kor vanskeleg det trass alt om ein skulle trø feil. Det er god plass også for slike tema mellom linjene i «Forklaringen». 

Heivoll kjenner temperamentet og kulturen på «den bløde kyststriben» godt, den sørlandske eigenarten med den godlynte hangen til ulne understatements og der bedehus og bønnemøte er like sjølvsagde samlingspunkt som kino og konsertlokale. Dette er miljø som nærast uforvarande kan snubla inn i karikaturar av seg sjølv, og det seier mykje om Heivolls forfattargåve at han unngår det opplagde, har med det gjenkjennelege og likevel finn fram noko heilt eige, noko nytt.

«Forklaringen» kombinerer det nære og vare med det analytiske og presise på ein fin måte som gjer inntrykk. I flaumen av alt som vert sagt og utgitt, er det slett ikkje lite. 

Publisert:

Bokanmeldelser

  1. Så galt kan det gå når en voksen tukler med barn

  2. Opp­rørende be­skriv­else av hvor kynisk arbeids­folk er blitt ut­nyttet

  3. Anmelderen er imponert: En historisk roman av de sjeldne!

  4. Kunnskapsbasert og entusiastisk om viking­tida

  5. Hun jobber som advokat for Google. Så skrev hun en roman som virkelig tok av

  6. Han har anmeldt 27 av Saabye Christensens bøker. Denne gang er han ikke helt fornøyd

  1. Bokanmeldelser
  2. Bokanmeldelse
  3. Gaute Heivoll